Hopp til innhold

Knallhard kamp i motvind på Mørekysten

Kampen mot vindkraftutbygginga i Noreg hardnar til. Denne helga står slaget på Haramsøya på Mørekysten.

Sperrar vegen på Haramsøya

DEMONSTRERER: Aksjonistar har sperra vegen til Haramsfjellet. Det er venta at fleire vil kome i løpet av helga.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er ikkje akkurat ein krig, men det er ein kamp der mykje står på spel, seier Birgit Oline Kjerstad, leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøy».

Ho har med seg mange på øya, og etter kvart også folk frå andre plassar, i kampen mot åtte 150 meter høge vindturbinar på Haramsfjellet.

Over heile landet har vindkraftutbygginga møtt hard motstand. På den eine sida står styresmaktene som vil ha mindre fossil og meir fornybar energi, på den andre sida lokalbefolkning og andre som meiner vindturbinane raserer naturen.

Ullahornet

Haramsfjellet blir brukt både til jordbruk og som turområde, det er her vindturbinane skal plasserast.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Har dårleg tid

Kjerstad starta kampen i 2002. Då skreiv ho det første brevet til NVE om vindkraftplanane på fjellet ho er så glad i.

– Det har vore som ein lang fjelltur, mange tunge motbakkar, men eg har enno trua på at vi skal nå toppen og at demokratiet skal vinne til slutt, seier ho.

Kjerstad håper dei unngår rettssak, men meiner også at det ligg prinsipielt viktige spørsmål som det er av nasjonal interesse å avklare i saka.

Ho sit ved eit bord med papir overalt. Etter nesten 20-års kamp har det blitt ein del dokument.

Og no hastar det veldig.

Birgit Oline Kjerstad med alle dokumenta.

Birgit Oline Kjerstad har beslaglagt heile matstovebordet på garden med dokument om vindkraftsaka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stoppa anleggsmaskinene

Byggestart er like om hjørnet. Aksjonistar stoppa anleggsmaskinene frå å køyre i land på øya i havgapet på sunnmørskysten tre gongar denne veka. 16-år gamle Ivar Arne Fjørtoft var ein av fleire ungdommar som aksjonerte.

Han ropte ut i spontant raseri, med knytt neve då ferja la til kai.

– Du øydelegg framtida vår! Du øydelegg framtida til ungane våre!

Anleggsbilen måtte bli med ferja tilbake.

– Eg har tenkt å busette meg her på øya. Dersom vindkraftanlegget kjem, må eg berre lære meg å leve med det, men eg håper at protestane våre fører til at det blir stoppa, seier han.

Demonstrasjonar på Haramsøy

Ivar Arne Fjørtoft (16) står gjerne fremst i kampen mot vindturbinane.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– I strid med lova

Men det er utbyggaren som har lova på si side, og til slutt fekk dei hjelp av to politibilar og ein politibåt med å få i land anleggsmaskinene. Dialogen mellom politiet og aksjonistane er likevel god, og dei får halde fram med demonstrasjonane så lenge dei ikkje bryt lova.

Vedtaka om å bygge kraftindustri på Haramsfjellet er lovlege. Det har Olje- og energidepartementet slått fast.

Vindkraftmotstandarane er usamde.

Dei meiner mellom anna at lovforståinga og praksisen til styresmaktene er i strid med lova, og vil ha avklart dette før utbygginga startar.

– Det er over ti år sidan denne konsesjonen blei gitt. Eg kan ikkje forstå at det hastar sånn med å bygge ut no, seier Kjerstad.

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad vil sjå vindturbinane på Haramsfjellet godt frå garden sin.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho seier at dei etter kvart hadde slått seg til ro med at utbygginga ikkje ville kome. Det hadde gått ti år sidan konsesjonen blei gitt, og dei visste ikkje at NVE hadde fornya konsesjonen. Då ho tilfeldigvis fekk vite det, og skjønte at vindturbinane snart var på veg, tenkte ho først at ho ikkje orka meir.

– Men eg greidde ikkje å la vere for eg opplever uretten så stor.

Klare til å sette i gang

Maskinene som no er på plass på øya, skal snart i gang med å bygge vegen til vindkraftanlegget. Det trengst ein brei og kraftig veg for å frakte turbinane til fjells.

Det går alt ein smal veg opp, ein jordbruksveg for bøndene som har dyrka mark der oppe, 300 meter over havet.

Ein av grunneigarane har no stilt seg på tvers over vegen med bilen sin. Han har sovepose i bilen, og kjem ikkje til å flytte seg før det eventuelt kjem ei rettsleg kjenning om at han må.

– Dette er ikkje ein veg som er regulert for industri. Den er regulert til landbruk. Og eg står på mi eiga tomt. Det kan eg ikkje forstå er i strid med lova, seier Hans Petter Thue.

Hans Petter Thue

Hans Petter Thue har flytta inn i bilen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Torsdag ettermiddag og kveld fekk han også besøk ved bilen av over 100 personar som støttar aksjonen. Ein av dei er Torbjørn Lindseth. Han har reist heilt frå Flatanger i Trøndelag for å støtte kampen mot vindkraftverket.

NRK har tidlegare skrive om kampen Lindseth kjempa mot vindkraft heime på Sørmarkfjellet. Då tapte han, men han gir seg ikkje.

No sit han i styret i Motvind Noreg. Facebookgruppa har nesten 24.000 medlemmer, og Lindseth seier at talet på betalande medlemmer har eksplodert den siste tida. Over 11.000 er no med i aksjonsgruppa, ifølge Lindseth.

– Motvind veks kvar dag i medlemstal, så det er tydeleg at folk ser galskapen. Folk er sinte, dei har ei sorg, dei er skuffa. Du må huske på at dette fjellet er folket på Haramsøya sitt Amazonas eller Annapurna, seier han.

Torbjørn Lindseth

Torbjørn Lindseth i Motvind Noreg reiser rundt for å støtte aksjonistar over heile landet.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Men du bruker straum du også, korleis skal vi bygge ut når ingen vil ha det?

– Vindkrafta er unødvendig. Fornybardirektivet vart oppfylt 13. juni i fjor, og alt som blir utbygd etterpå er rein finansiell utbygging, seier han.

Overskot av straum

Motstandarane meiner altså at det blir produsert nok straum i Noreg, og at vindkraftutbygging berre vil gå til eksport. Styresmaktene stadfestar at dette stemmer no, men meiner det vil svinge mykje avhengig av nedbør og temperatur sidan vi har så mykje vasskraft.

– I åra framover vil vi også trenge mykje meir elektrisk energi for å klare omstillinga til lavutsleppssamfunnet, der nye område av samfunnet skal elektrifiserast, som til dømes transport, seier statssekretær Tony C. Tiller (H) i Olje- og energidepartementet.

Politiet måtte eskortere anleggsmaskinen frem på Haramsøya onsdag 27.05.

Politiet måtte eskortere anleggsmaskinene på Haramsøya.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vindkraftmotstandarane får heller ikkje udelt støtte frå miljøvernorganisasjonane.

Både Bellona, Greenpeace og Miljøstiftinga Zero slår fast at vindkraft er eit viktig bidrag for å få eit grønare samfunn.

Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet er dei einaste NRK Har snakka med som tar klart avstand frå kraftverket på Haramsøya.

– Det er umogleg å forstå at dette prosjektet har fått konsesjon. Det vil gå hardt utover fuglelivet i området. Konsesjonen burde ha vore stansa, seier leiar Silje Ask Lundberg.

– Norges Miljøvernforbund (NMF) har kjempa mot vindkraft i 16 år, og har hatt folk på Haramsøya heile tida, seier Jan-Hugo Holten i Miljøvernforbundet.

Sønn Magnus og far Hans Petter Thue har ikkje tenkt å flytte bilen.

Son Magnus og far Hans Petter Thue har ikkje tenkt å flytte bilen frå tomta si på jordbruksvegen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Startar så snart alt er sikkert

Utbyggaren på Haramsfjellet, er Zephyr i Sarpsborg.

Dei seier dei forstår at det er delte meiningar om vindkraft, også på Haramsøya.

– Difor meiner vi at alle har ein sjølvsagt rett til å uttrykke meininga si, og markere det på forskjellige måtar, seier dagleg leiar Olav Rommetveit.

Han slår likevel fast at dei tar sterk avstand frå aksjonar som bryt med lova, sjikane og trakassering, og at dei let politiet ta seg av slike problemstillingar.

Olav Rommetveit

Olav Rommetveit i Zephyr.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Folket på Haramsøya trur byggearbeidet vil starte tysdag over pinse. Men Rommetveit vil ikkje stadfeste tidspunktet.

– Vi kjem til å starte opp arbeidet når alt er klart og sikkerheita for eigne tilsette og andre i området er varetatt, seier han.

Haram vindkraftanlegg er 100% eig av finske Taaleri Energia. Utbygginga vil bli finansiert med eigenkapital frå Taaleri Energia og med lån frå bankar. Zephyr vil gjennomføre utbygginga for investoren, og har inngått ein langsiktig avtale for drift av vindkraftverket på Haramsøya.

Støtte frå fylkesordføraren

Torsdag fekk motstandarane på Haramsøya støtte frå øvste politiske hald i Møre og Romsdal. Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) krev stans i arbeidet til saka er prøvd i retten.

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap)

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) vil ha stans i arbeidet med vindkraftanlegg på Haramsøya.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Zephyr er kritiske til utspelet frå Torve, fordi ho hevdar vindturbinane er større og høgare enn dei først fekk konsesjon til. Zephyr meiner tvert i mot at dei fekk konsesjon på opp til 16 turbinar på 150 meters høgd, og at dei no bygger 8.

– Noreg har ein vedtatt politikk om å bygge ut meir fornybar kraft. Det er viktig for å kunne konvertere frå fossilt til fornybart, og dermed kutte klimagassutsleppa. Vi aksepterer fullt ut at fylkesleiaren frå Ap har ei anna haldning, men vi reagerer på at det blir sett fram direkte feilaktige påstandar seier han.

Vil endre på systemet

Olje- og energidepartementet seier dei har stor respekt for engasjementet rundt utbygging av vindkraft i Noreg. Dei er samde i at konfliktnivået rundt vindkraftutbygging i Noreg har blitt for høgt.

Regjeringa har no varsla at dei vil legge fram ei stortingsmelding før sommaren om konsesjonsbehandling av vindkraft på land.

Eit av måla, er ifølge regjeringa, å foreslå endringar som kan bidra til å dempe konfliktnivået. Dei trur likevel det er uråd å unngå konfliktar heilt.

Statsekretær Tony Christian Tiller (H) i Olje– og energidepartementet

Statssekretær Tony Christian Tiller

Foto: OED / Scanpix

Departementet slår fast at vindkraftutbygginga på Haramsfjellet vil skje, uansett kva den nye stortingsmeldinga slår fast.

– Konsesjonen for å bygge vindkraftverket blei gitt av NVE i 2008, og stadfesta av Olje- og energidepartementet under den raudgrøne regjeringa i 2009. Utbygginga skjer difor no med gyldig konsesjon og med alle løyver i orden, seier statssekretær Tony C. Tiller.

– Forstår de at eit lite øysamfunn føler seg overkøyrt når ein så gammal konsesjon blir gjennomført?

– Vi har forståing for at det har gått lang tid frå konsesjonen blei gitt til utbygginga kan starte, difor er dette også ein av dei problemstillingane vi ser på i den varsla stortingsmeldinga. Eventuelle endringar som følge av stortingsmeldinga vil likevel ikkje påverke konsesjonar som alt er gitt, seier Tiller.

(Artikkelen er oppdatert med sitat frå Miljøvernforbundet tysdag 2. juni)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL