Hopp til innhold

Vindkraftmotstandarar i retten: Visste ikkje om ferdselsforbodet

Dei tre aksjonistane som fekk bøter for ulovleg opphald i anleggsområdet på Frøya, meiner ferdselsforbodet går utover ei heil lokalbefolkning. I dag møtte dei i Fosen tingrett fordi dei nektar å betale bøtene på til saman 32 tusen kroner.

Bevis i rettssak bøter Frøya

Aksjonsleiar Eskil Sandvik fanga på overvakingskamera frå Trønderenergi 1.november 2019.

Foto: skjermdump fra retten

Ein av dei tre er aksjonsleiaren i «Nei til vindkraft på Frøya», Eskil Sandvik. To gonger tok han seg inn i anleggsområdet i fjor, 1. november og 1. desember. For det fekk Sandvik to bøter, kvar på åtte tusen kroner, for å ha brote ferdselsforbodet.

Ville sjekke takarbeid og ta vassprøver

Då Trønderenergi starta anleggsarbeidet i Nessadalen på Frøya i fjor vår, etablerte motstandarane ein teltleir ved vegen.

Der hadde dei folk døgnet rundt og aksjonerte mot vindkraftparken som var vedtatt bygd. Leiren vart fjerna og første ferdselsforbodet frå politiet kom 19. august. Det vart seinare forlenga omlag ein gong i månaden.

Vindkraftmotstandere Frøya

Tiltalte Sandvik på veg inn porten til anleggsområdet i Nessadalen 1.november i fjor.

Foto: videokamera

1. november vart Sandvik fanga på overvakingskamera til Trønderenergi i det han går inn hovudporten på anlegget i Nessadalen. I følgje han sjølv ville han ta bilete av eit tak på ei bygning. Han meinte arbeidet der ikkje vart gjort i samsvar med HMS-reglane.

På spørsmål frå aktor, politiadvokat Bente Bøklepp, om dette var ei oppgåve for aksjonsgruppa, viste Sandvik til dialogen dei hadde med Trønderenergi før ferdselsforbodet.

Partane var då samde om gjensidig utveksling av informasjon om korleis anleggsarbeidet påverka området, ikkje berre når det galdt naturen, forklarte Sandvik.

Føremålet med besøket i anleggsområdet 1. desember var å ta vassprøver, forklarte alle tre tiltalte.

Visste ikkje at ferdselsforbodet var forlenga

Politiet innførte ferdselsforbodet av fleire årsaker: Det vart oppdaga forsøk på sabotasje på utstyr i anleggsområdet. Trønderenergi og entreprenøren for Frøya vindpark viste til fleire episoder der aksjonistar blokkerte porten til området og på annan måte freista å hindre arbeidet. Dessutan meinte politiet og Trønderenergi at sprengingsarbeidet utgjorde ein risiko.

Dei første ferdselsforboda vart kunngjorde på politiet sine heimesider. men det skjedde ikkje med forbodet som galdt frå 1. november. Men det vart kunngjort på heimesida til Frøya kommune og i ei rekke nettaviser.

Anleggsområdet i Nessadalen på Frøya i august 2019, hvor det bygges vei til vindkraftverket

Anleggsområdet for Frøya vindpark. ARKIV

Foto: Ronny Teigås

Sandvik sa i retten at han ikkje visste at forbodet var forlenga frå 1. november. Han sa at han ikkje sjekka politiet si side kvar dag og det var den han heldt seg til for å få informasjon.

Dei to andre tiltalte forklarte at dei gjekk ut i frå at forbodet var oppheva 1. desember.

Politiet la ut melding 29. november om at forbodet var forlenga. Men det hadde ikkje dei tiltalte fått med seg.

Nessadalen Frøya

Det var taket på huset bak i biletet som Sandvik ville fotografere, forklarte han i retten.

Foto: Skjermdump

Meiner forbodet påverkar lokalbefolkninga

Nessadalen er eit populært utfartsområde for dei som bur på Frøya.

Aksjonsgruppa hadde fleire gonger i løpet av hausten samtaler med politileiinga i Trondheim.

Målet var å få lempa på forbodet slik at deler av området framleis kunne nyttast til rekreasjon.

Ein av dei tiltalte, Ola Vie, er utdanna biolog og var miljøkonsulent i Frøya kommune i fleire år. Han trudde også forbodet var oppheva, då han gjekk saman med dei to andre tiltalte inn i anleggsområdet sundag 1. desember for å ta vassprøver.

– Det omfattande ferdselsforbodet er i strid med allemannsretten, sa Vie i retten. Han viste også til at kommunestyret på Frøya i januar i år sende brev til politiet om at forbodet burde opphevast.

Mykje betre arbeidsforhold etter forbodet

Vitner frå Trønderenergi, entreprenøren og politiet fortalde i retten at arbeidsforholda endra seg mykje etter forbodet. Inntil i slutten av august 2019, var det stadig små og større konfrontasjonar med aksjonistane.Ein del gjekk ute i terrenget, nokre delvis maskerte, fortalde ein prosjektleiar frå Trønderenergi.

– Det var ofte eit kraftig ordval frå aksjonistane. Ein del av dei som jobba på anlegget kjende seg utrygge, sa prosjektleiaren.

Forsvarer Ole Andreas Aftret viste til lovbrot som politiet hadde etterforska, men som var lagt bort.

– Har politiet vurdert å pålegge ferdselsforbod mot enkeltpersonar som har brote lova, i staden for å nekte alle å gå i naturen rundt anlegget, spurte forsvararen.

Lensmann Randi Fagerholt i Orkdal svarte at det ikkje noko politiet hadde vurdert så langt.

Lite truverdig, meiner aktor

Dei tre er tiltala etter paragraf 30 i politilova for å ikkje ha retta seg etter pålegg.

– Lite truverdig, sa aktor om forklaringane til dei tiltalte. I prosedyren viste Bøklepp til at ferdselsforbodet var kunngjort både i media og frå Frøya kommune. Ho meinte at dei tiltalte utviste "bevisst uvitenhet" om at ferdselsforbodet var forlenga.

Sidan dei nekta å betale bøtene og saka gjekk til retten, aukar storleiken på bota om dei blir dømde. Aktor la ned påstand om bot på 20 tusen kroner, eller 28 dagar i fengsel for Eskil Sandvik. For dei to andre, bør bøtene aukast til 10 tusen kroner, elller 19 dagar i fengsel. I tillegg meiner aktor at tiltalte må betale sakskostnadene.

Forsvarer Ole Andreas Aftret meinte eit langvarig pålegg som gjeld alle er tvilsamt slik det er utforma i denne saka. Ferdselsforbodet er gitt etter paragraf 7 i Politilova om "offentleg ro og orden". Aftret meiner Trønderenergi som eit privat selskap som driv lovleg verksemd, ikkje er omfatta av denne paragrafen.

Aftret sa i prosedyren sin at dei tiltalte ikkje kan lastast for mangel på informasjon frå politiet. Han la ned påstand om at dei tiltalte blir frifunne og at Staten betaler sakskostnader.

Dom i saka fell i slutten av april.

Stor interesse for rettssaka

På grunn av koronasituasjonen vart rettssaka avvikla digitalt. Domar, forsvarer og dei tre tiltalte møtte fysisk i rettssalen på Brekstad. Resten av aktørane, presse og tilhøyrarar følgde forhandlingane via nettet etter avtale med domstolen.

Men på grunn av kapasiteten i det digitale møterommet, fekk ikkje alle tilhøyrarane kome inn.

Ein av dei 15 utanforståande som fekk plass, var mannen som vart dømd til 75 dagars fengsel for skremande framferd i mai 2018 mot ein tilsett i Trønderenergi.

Fosen tinghus

FOSEN TINGHUS: Rettssaka gjekk i Fosen tinghus tysdag.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk