Hopp til innhold

– «True Crime» er samfunnsnyttig

– TV-seriar og podkastar som tek for seg ekte kriminalsaker lærer folk om rettssystemet på ein måte som elles ikkje ville vore mogleg, meiner forsvarsadvokaten Marius Dietrichson.

I løpet av to tiår gikk Eirik Jensen fra å forsøke å styrte Oslos underverden gjennom sin lederrolle i politiet til å selv bli mistenkt i det samme kriminelle nettverket.

SE VIDEO: Dette er saken mot Eirik Jensen.

I romjula lanserte NRK podkasten «Purk eller skurk». Politimann Eirik Jensen står tiltalt for å ha hjelpt narkosmuglarar og rettssaka mot ham startar 9. januar.

I løpet av si over 30 år lange karriere gjekk Eirik Jensen (59) frå å forsøke å styrte Oslos underverd gjennom si leiarrolle i politiet, til å sjølv bli mistenkt.

Nå risikerer han opp mot 21 år i fengsel dersom han blir dømt.

I første episode av podkasten har NRK snakka med ei rekke kjenningar av Jensen for å forklare kven han er. Podkasten kjem også til å omhandle narkobaronen Gjermund Cappelen, som anga Eirik Jensen.

Sjangeren «True Crime» er ikkje ny. Podkasten Serial, HBOs The Jinx og Netflix-serien Making a Murderer gjorde for alvor sjangeren kjent i fjor. Og i Norge laga VG podkasten «Uløst», der VG-journalistar dykka ned i den uløyste Birgitte Tengs-saka.

Leder i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson

POSITIV: Leiar i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson, meiner «True Crime»-sjangeren er komen for å bli.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– «True Crime»-sjangeren er bra for folkeopplysninga, og fordi ein går maktutøvinga etter i saumane. Eg trur òg den er bra fordi folk får vete kva som føregår, og kva dei sjølv kan forvente av styresmaktene viss dei skulle bli utsett for noko, seier leiar i Forsvarsgruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson.

Rein underhaldning

Men ikkje alle norske forsvarsadvokatar er einige i at «true crime» er samfunnsnyttig. Benedict de Vibe som er Gjermund Cappelens forsvarer meiner sjangeren går under kategorien kvardagsunderhaldning.

– Eg trur 99 av 100 ser på dette som rein underhaldning. Etter mi meining er dette noko som ikkje bør bre altfor mykje om seg. Eg likar betre at det er eit plott som ikkje er gjort enn at det er eit plott ein forfølgjer i ettertid.

Forsvarsadvokat de Vibe meiner problemet er at sanninga ofte ikkje kjem fram i media.

Advokat Benedict de Vibe sitter ved pulten på kontoret sitt.

UNDERHALDNING: Gjermund Cappelens forsvarer, Benedict de Vibe meiner «true crime» er rein underhaldning.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

– Eg følgjer ikkje med på krimstoff i avisene, og det gjeld ikkje berre eigne saker. Når eg ser kor feil mange ting er i dei sakene eg kan noko om, så reknar eg med at det er tilsvarande i referat frå andre type saker. Då er det ikkje så interessant verken å lese eller sjå på, seier de Vibe.

Dietrichson i Advokatforeningen seier det er viktig at folk er kritiske til det dei ser og høyrer Han meiner det uansett det er bra når journalistikken går kriminalsaker i saumane.

– Sanninga toler eit sterkt søkelys. Sjølv om det kan bli tatt dramaturgiske val som er uheldige eller einsidige, og sjølv om dei som lager programmet kanskje søker ei litt anna historie enn det ein objektivt sett kanskje burde ha gjort, så er det bra å få folk flest til å fordjupe seg i saker som har allmenn interesse, meiner Dietrichson.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.