Fredag klokka 12 kjem samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) med forslaget til ny Nasjonal Transportplan (NTP).
Den gjev føringar på kva som skal prioriterast innan samferdslesektoren perioden 2025–2036.
Dei siste vekene har lekkasjane sete laust. Og løfta har vore mange.
Her kan du sjå lekkasjane frå ditt fylke:
- Finnmark
- Troms
- Nordland
- Trøndelag
- Møre og Romsdal
- Vestland
- Rogaland
- Agder
- Telemark
- Vestfold
- Buskerud
- Akershus og Oslo
- Østfold
- Innlandet
Til saman er det lovd oppstart av samferdsleprosjekt for om lag 175 milliardar kroner, viser ei kjapp oppsummering NRK har gjort. Dette inkluderer 16 ekstra milliardar til fylkesvegane som vart lovd sist veke.
Bjørne Grimsrud, direktør i Transportøkonomisk Institutt, minner om at NTP berre er eit forslag.
– Det aller viktigaste er ikkje flest mogleg forslag, men at det faktisk er politisk vilje for å følgja opp prosjekta, seier Grimsrud, som tidlegare har sagt til NRK at måten me byggjer veg på i Noreg ikkje tek omsyn til klimamåla.
1. Finnmark
Samferdsleministeren har dryssa over 4 milliardar til vegar i det nordlegaste fylket.
Lovar mellom anna pengar til utbetring av rasfarlege RV. 94 inn mot Hammerfest, og strekninga Kløfta på E45 mellom Kautokeino og Alta.
I Sør-Varanger er det jubel for at E6 mellom Høybukta og Hesseng, inkludert Langfjordstrømmen bru, er inne på lista.
Sum løfte: 4,3 milliardar
2. Troms
Tre store lekkasjar så langt. Regjeringa ynskjer å gjera noko med strekningane Olderdalen-Langslett og Nordkjosbotn-Hatteng.
Vegstrekningane er karakterisert som flaskehalsar, og seinast i vinter vart det full stopp mellom Olderdalen og Langslett grunna militærøvinga Nordic Response.
I tillegg er det lovd pengar til forlenging av flyplasstunnelen i Tromsø.
Sum løfte: 2,7 milliardar er kjent
3. Nordland
Ny E6 gjennom Sørfold skal byggjast, og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård lovar at heile prosjektet skal byggjast i eitt jafs.
E6 Sørelva-Borkamo (20 km) skal også utbetrast, lovar Nygård.
Vidare er det lovd pengar til utbetring av E10, Nappstraumen – Å, i Lofoten.
Dessutan får flyplasskrysset på E10 ved Harstad/Narvik lufthavn, Evenes, pengar.
Regjeringa lovar også fleire kryssingsspor på Ofotbanen, mellom Narvik og Riksgrensen.
Ny flyplass i både Bodø og Mo i Rana er også under bygging.
I tillegg har Stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran (Ap) lova satsing på nordnorske hamnar. Andenes (800 millionar), Røst (497 millionar) og Værøy (300 millionar) skal inn i første periode av NTP, ifølge han.
Sum løfte: Om lag 9 milliardar er kjent
4. Trøndelag
Her står prosjekta og løfta i kø, spesielt nord i fylket.
På E6 skal både Ulsberg-Melhus, Åsen-Steinkjer og Selli-Asp byggjast.
Vidare skal E6 mellom Grong og Nordland grense verta prioritert. Og ein lovar tunnel på rasutsette Langnesberga på E6 i Snåsa.
E14 frå Stjørdal mot Sverige er også prioritert.
Sum løfter: Ukjent
5. Møre og Romsdal
Flaskehalsen på E39 Batnfjordsøra skal vekk, og vegen skal leggjast utanom tettstaden. Det lovde i alle fall regjeringa då dei var her denne veka.
Dessutan er det lovd pengar til Veibustkrysset på E39 i Sula, og ny veg mellom Volda og Furene.
I fylket er dei langt frå nøgd, og kallar Møre og Romsdal taparen i NTP, skriv Sunnmørsposten.
Sum løfte: 3,4 milliardar
6. Vestland
Her har det vore lovd masse dei siste vekene.
Det største prosjektet er ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle utanfor Bergen. Her er kostnadane nesten 40 milliardar.
Dessutan vil regjeringa byggja ny E39 mellom Vågsbotn og Klauvaneset (Nordhordlandstunnelen).
Vidare vil dei byggja 8 kilometer ny veg for å fjerna smal strekning på E134 i Etne.
I Sunnfjord kommune var det jubel for løfte om ny tunnel på E39 gjennom Hafstadfjellet i Førde.
Rv. 15 og vegen over Strynefjellet skal også få milliardbeløp.
I tillegg skriv Sogn Avis at tunnelprosjektet Hylland-Slæen på E16 også får 2,3 milliardar.
Samstundes ligg det an til at eit av landets største vegprosjekt, Hordfast, vert skyvd ut i tid.
Det er også usikkerhet om Bybanen til Åsane, som kanskje skal gå over Bryggen.
Sum løfte: 59 milliardar
7. Rogaland
Eit koppel av statsrådar lovde denne veka milliardbeløp til E39 Smiene-Harestad. Det skal sikra samanhengande firefeltsveg mellom Sandnes til Rogfast i Bokn kommune.
Regjeringa har også lovd tunnel mellom Figgjo og Ålgård på E39, og ny bru til Eigerøy.
Vidare er det lovd pengar til utbetring av sjøvegen i fylket.
Sum løfte: 4,6 mrd.
8. Agder
Mellom dei store løfta i Agder er lovnaden om gul midtstripe på RV. 9 gjennom heile Setesdal.
Her manglar 12 kilometer på eit prosjekt som skulle vera ferdig i fjor.
I Agder har det vore investert over 23 milliardar i nye vegprosjekt dei siste åra.
I fylket er det uro for kva som skjer med Sørlandsbanen.
Sum løfte: Ukjent
9. Telemark
Regjeringa lover fullfinansiering av E134 mellom Saggrenda og Elgsjø. Prosjektet er allereie nemnt i dagens NTP, men manglar pengar. Dette sikrar regjeringa no, skriv TA.
Sum løfte: 2,8 mrd.
10. Vestfold
Her har det førebels ikkje komme nokre lekkasjar. Lokale politikarar fryktar dette betyr at Vestfoldbanen vert ofra til fordel for dobbeltspor mellom Råde og Fredrikstad i Østfold.
– Eg er skaka. Dette betyr at dei ikkje bryr seg om Vestfold, seier Morten Stordalen (Frp) i Transportkomiteen på Stortinget til NRK.
11. Buskerud
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård møtte opp på Sundvollen tysdag morgon. Der kom det nye løfter for både E16 og RV. 7.
Totalt skal det brukast over 18 milliardar i fylket, i vegpakke Buskerud: E16 Nymoen – Eggemoen, RV7 Ørgenvika – Kittilsvik, og E16 Skaret – Hønefoss.
Det har også komme løfte om ferdigstilling av E18-E134 i Lier.
Kva som skjer med Ringeriksbanen er framleis i det blå.
Sum løfte: 20,3 milliardar
12. Oslo og Akershus
Regjeringa har lovd pengar til ny bru over Glomma, på RV22, ved Fetsund.
Onsdag føremiddag lovde regjeringa å bruka over 14 milliardar ekstra på å rusta opp jernbanen i og rundt Oslo.
Det er også løfter om å styrka både drift, vedlikehald og fornying av jernbanen i og rundt Oslo med mange milliardar.
Dessutan vil regjeringa prioritera å byggja E18 mellom Retvet og Vinterbro, skriv Smaalenenes Avis.
I Bærum er det derimot frykt for at ny E18 forbi Sandvika kan ryka.
Sum løfte: 17,9 mrd.
13. Østfold
Dobbeltspor frå Råde til samferdsleministeren sin heimby, Fredrikstad, skal no inn i planen.
Totalt er det planlagt å bruka 23 milliardar på det som er kalla eit stort transportløft for mange.
Sum løfte: 25 milliardar er kjent
14. Innlandet
Regjeringa lover elektrifisering av Røros- og Solørbanen, som i dag vert trafikkert av dieseltog.
Ifølgje Østlendingen vil det lang tid før arbeidet kjem i gang.
Og onsdag kom nyheita om at regjeringa lovar 10 milliardar til dobbeltspor til Hamar, og for å flytta meir gods frå veg til tog på Dovrebanen.
Sum løfte: 18 milliardar
NAF: Kjem med løfter om dei store vegane
Pressesjef Ingunn Handegard i NAF meiner det er vanskeleg å seia om regjeringa satsar på samferdsle eller ikkje med sine lekkasjar.
– Dette kan me først kommentera når totalen kjem. Eg legg merke til at det er mange lekkasjar om store riksvegprosjekt. Me er uroa for etterslepet som er på fylkesvegane, seier ho.
Sist veke vart det kjent at regjeringa lover om lag 16 milliardar til drift og vedlikehald av fylkesvegane.
– Vil alle prosjekta dei har nemnt i NTP verta realisert?
– Det er stor skilnad mellom dei prosjekta som vert lovd i første del av NTP, og dei som er skyvd til andre del av perioden. Generelt heng prosjekta i andre del i ein tynnare tråd. Dessutan er alle prosjekt avhengig av bevillingar på statsbudsjettet. Dette er ein grunnleggande svakheit med heile måten å byggja veg på i Noreg, seier ho.