Hopp til innhold

Bergen får ny innfartsåre frå nord – regjeringa lovar milliardveg i Nasjonal transportplan

Regjeringspartia avslørte laurdag at dei lovar å bygge Nordhordlandstunnelen på E39 ferdig innan seks år. Tiår med rushkøar og alvorlege ulukker på Bergens innfartsåre kan vera over.

«SVEV OG HJARTEBANK»: Fylkesvaraordførar Jon Askeland (Sp) gav stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) ein klem og følte at han «sveva», flankert av statsråd Kjersti Toppe (Sp) til venstre og fungerande Alver-ordførar Nina Bognøy (Ap) «med hjartebank».

«SVEV OG HJARTEBANK»: Fylkesvaraordførar Jon Askeland (Sp) følte at han «sveva» og gav stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) ein klem, flankert av statsråd Kjersti Toppe (Sp) til venstre og fungerande Alver-ordførar Nina Bognøy (Ap) «med hjartebank».

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Statsråd Kjersti Toppe (Sp) og stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) stod laurdag føremiddag klare på pressekonferanse på Hylkje i Åsane bydel.

Endå ein lekkasje skulle presenterast frå frå regjeringa, som legg fram sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for 12-årsperioden 2025-2036 førstkommande fredag. Dei to toppolitikarane hausta applaus.

Innbyggarane i Åsane bydel nord i Bergen har i årevis kjempa for ein betre og sikrare veg og tunnel til Nordhordland. Vegen er Bergens innfartsåre frå nord. Dagleg passerer 30.000 bilar den smale og svingete strekninga, med mykje kø i rushet.

No føreslår regjeringa å ta prosjektet inn i NTP. Motorvegen med tunnel kan vere klar for bygging alt i 2027.

Dagens demo på E39 Hylkje

Lokalbefolkninga har i årevis demonstrert for ny tunnel ved å sperre vegen. Her frå ein aksjon i 2021.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Vegen er venta å koste 6,9 milliardar kroner. Staten sine kostnadar er på 5,4 milliardar kroner, og 1,5 milliardar kroner er bompengar.

– Dette er ein enormt viktig veg, og vi har kjempa for dette lenge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Det er ein utrygg og farleg veg. Den er for smal til å ta unna trafikken. Det trengst ein ny veg, seier leiar i transportkomiteen på Stortinget, Marte Mjøs Persen (Ap).

Framleis står det att detaljar i planlegginga, derfor vil ikkje politikarane nøyaktig tidfeste byggjestart, anna enn at det skal skje så snart som mogleg.

Prosjektet er ifylgje Toppe planlagt fullfinansiert i fyrste halvdel av NTP-perioden, altså innan 2030.

Varaordførar Nina Bognøy (Ap) i Alver gir statsråd Kjersti Toppe (Sp) ein klem for nyheita om at regjeringa vil føreslå bygging av Nordhordlandstunnelen på E39 i neste NTP.

Fungerande ordførar Nina Bognøy (Ap) i Alver gav statsråd Kjersti Toppe (Sp) ein klem for nyheita.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Eg svevar

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) er strålande nøgd og takkar alle som har kjempa og stått på.

– Denne vegen er heilt utdatert, og er utruleg viktig for både Bergen og Nordhordland. Det har søren meg vore mange motbakkar. Eg sveva då eg fekk høyre om dette. Eg vil sjå dei politikarane som snur på dette no.

Varaordførar i Alver Nina Bognøy (Ap) seier ho fekk hjartebank då meldinga kom:

– Dette er veldig etterlengta, og har vore den aller viktigaste vegsaka for oss. Eg ser fram til at køane forsvinn. Vi lagar krøll for kvardagsliva til alle som bur her med den dårlege vegen.

Lokalbefolkninga har i fleire år kjempa for å få ny E39 heilt nord i Bergen.

Lokalbefolkninga har i fleire år kjempa for å få ny E39 heilt nord i Bergen.

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) i Bergen har hatt store forventningar.

– Vågsbotn – Klauvaneset og Nordhordlandstunnelen er ein av dei tre prioritetane vi har hegna om her i Bergen. Prosjektet er kjempeviktig av fleire omsyn. Trafikksikkerheit, beredskap og næring er berre tre av mange grunnar til at vi held dette prosjektet høgt inn mot NTP, seier Kahrs.

Ny E39 Vågsbotn - Klauvaneset i Bergen

Her skal ny Nordhordlandstunnel gå på E39 mellom Vågsbotn og Klauvaneset nord i Bergen.

5,3 kilometer lang tunnel

I januar varsla Statens vegvesen at dei er i gang med å førebu arbeidet med ein reguleringsplan for vegen. Dei håper å kunne gå i gang med undersøkingar av grunnen langs traseen seinare i år.

Den nye vegen skal gå i ein 5,3 kilometer lang tunnel. Dessutan må kryssa ved Klauvaneset og i Vågsbotn bli bygd om.

I tillegg skal det bli lagt til rette for syklistar langs den eksisterande vegen. Den nye tunnelen blir berre open for bilistar.

Les også Lover 38,9 milliarder kroner – regjeringen vil bygge ny E16 og ny jernbane raskt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap)

Lekkasjar frå transportplanen

Regjeringas forslag til ny NTP blir lagt fram fredag 22. mars.

På førehand har dei allereie komme med følgjande lekkasjar for Vestland:

Det store spørsmålet er kva prosjekt som då blir nedprioritert i den nye transportplanen.

Fredag kom samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) med hint om at bybanen til Åsane er i uvisse.

Nedprioriterer ferjefri E39

Tom-Christer Nilsen i Bergens Næringsråd er også uroa for korleis det vil gå med gigantprosjektet Hordfast.

Alt tyder på at Hordfast blir kraftig utsett. På spørsmål frå NRK om Nordhordlandstunnelen er mogleg å prioritere utan å nedprioritere Hordfast, svarer Marte Mjøs Persen:

– Det er klart at politikk handlar om å prioritere. Denne regjeringa er tydeleg på at i NTP skal kvardagsvegane prioriterast. Her er eit døme på at vi må bygge nytt for å bygge trygge kvardagsvegar, seier leiaren for transportkomiteen på Stortinget.

Les også NTP-lekkasje: Lovar milliardbeløp til fylkesvegane

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Kommunal- og distriktsminister Erling Sande på vegtrafikksent