Hopp til innhold

– Ny veg utan lang tunnel kan ruinere alt

Regjeringa vil ha ny E39 forbi Batnfjordsøra. Vegen skal knyte Nordmøre tettare til det omstridde, nye sjukehuset på Hjelset i Molde.

Ny vei Gjemnes. Bonde Anders Harstad, Gjemnes, fryktar ny veg forbi Batnfjordsøra kan ta for mykje jord frå garden hans. Her sit han i traktoren sin.

Bonde Anders Harstad fryktar at ein veg som blir bygd på overflata kjem til å øydelegge mykje for gardsdrifta. Han meiner det må byggast lang tunnel forbi jordbruks-områda.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Lang og kronglete reiseveg mellom Nordmøre og Molde var eitt av hovudargumenta mot å legge eit nytt, felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal til Hjelset i Molde.

Men vegen kan kome i konflikt med landbruket i området.

No er det ein av flaskehalsane som skal vekk. Både ambulansar, personbilar og varetransport skal sleppe å snirkle seg gjennom tronge Batnfjordsøra i 40 maks førti kilometer i timen.

– Det er viktig at det blir ei løysing rundt det som er sagt i historieforteljinga om det nye sjukehuset på Hjelset. Dermed hastar det. Og det er difor denne vegen ligg inne i den første seksårsperioden i planen, sa samferdsleminister Jon-Ivar Nygård då planen blei presentert måndag.

Ny vei Gjemnes. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og ordførar i Gjemnes Knut Sjømæling

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og ordførar i Gjemnes Knut Sjømæling under presentasjonen av ein del av Nasjonal transportplan på Batnfjordsøra måndag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Sniglefart gjennom Batnfjordsøra

E39 er hovudferdselsåra mellom mørebyane og Trøndelag. Nord og sør for det store bru- og tunnelsambandet KRIFAST er det for lengst gjennomført store vegutbyggingar. Etter ein langvarig strid har det også kome høgstandard vegstrekningar mellom Heim og Orkanger. Og vegarbeida er i full gang mellom Molde og Hjelset.

Men gjennom Batnfjordsøra sniglar trafikken seg over fartshumpar og fotgjengarovergangar i maks førti kilometer i timen.

Batnfjordsøra er ei typisk norsk fjordbygd med ein kiosk, ein bensinstasjon, offentlege bygningar og forretningar på kvar si side av hovudvegen.

Hovudvegen er gjort om til miljøgate for å mildne inntrykket av den harde trafikken.

No er tida komen for å legge den sterkt trafikkerte vegen utanom bygdesenteret. Til glede, men også til protestar.

Ny veg har kome inn i Nasjonal transportplan. Vegstrekninga kostnadsrekna til 1,2 milliardar kroner og skal gjennomførast i løpet av dei seks første åra av planperioden som strekkjer seg frå 2025 til 2036.

Les også Usikkerheit kring store milliardprosjekt: – Trur det sit langt inne å skrinleggje heilt

Hordfast

Strid om vern av dyrka mark

Utanfor sentrum av Batnfjordsøra er det store område med gardsbruk. Mange har vore redde for at ein ny, brei veg skal forsyne seg av dyrka mark.

I dag la samferdselsministeren føringar som inneber at store deler av dyrka mark skal vernast.

– Vi har lagt inn ei føring for at det skal leggast særleg omsyn til jordvern. Vi ser det har vore ein debatt der det er ønskjeleg å bevare dyrkbar jord. Her legg vi inn ei særleg føring på det, seier Nygård.

Les også Regjeringa lovar milliardar for å halvere reisetida mellom Ålesund og Molde

Illustrasjon på Møreaksen

– Kan ruinere alt

Bøndene i området er heile tydelege på at det ikkje berre trengs tunnel når vegen skal byggast. Dei krev at tunnelen skal vere lang.

– Dette er ei kjempenyheit om dei byggjer lang nok tunnel. Men vi er avhengig av at dei byggjer lang tunnel. Viss ikkje ruinerer dei alt, seier bonde Anders Harstad.

Harstad er ikkje berre oppteken av jordvernet. Han meiner at ein tradisjonell veg kan bli som ei sperre for tilgangen til både fjellet og fjorden. Han fryktar at ein veg på overflata også kjem for nær barnehagen i bygda.

– Eg sjølv kjem til å misse svært mykje av jorda på gardsbruket om det ikkje blir lang tunnel. Men det er trangt i sentrum, så det er bra med ny veg, seier bonden som fleire gonger presiserer at det må bli lang tunnel der vegen kjem i konflikt med landbruket, seier Harstad.

Ny vei Gjemnes Bonde Anders Harstad, Gjemnes i diskusjon med samferdsleminister Jon-Ivar Nygård

Bonde Anders Harstad i diskusjon med samferdselsminister Jon_Ivar Nygård.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Må legge til rette for lokalbefolkninga

For lokalbefolkninga kjem den nye, breie vegen som eit tviegga sverd gjennom bygda.

Trafikktryggleiken i sentrum blir betre. Men ein stor, brei høgfarts-veg gjennom bygda kan også skape meir støy og gjere eit sterkt inngrep i fleire gardsbruk på strekninga.

– Det er storsamfunnet som krev denne vegen. Det er ikkje vi som har bede om han. Og då må det leggast til rette for dei som blir berørt. Vi er glade for at det skal takast ekstra omsyn til jordvern. Og så skal vi i tillegg arbeide for trivsel og vekst i sentrum på Batnfjordsøra, seier ordførar i Gjemnes, Knut Sjømæling.

SNR Hjelset

Våren 2025 opnar det nye sjukehuset på Hjelset. Målet er at det skal bli raskare å kome seg frå Nordmøre til Hjelset i Molde, blant anna ved å legge om vegen ved Batnfjordsøra.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Tunnel kan vere løysinga

Den mest openberre løysinga for både jordvern og støyproblematikk ser ut til å vere å legge ein del av strekninga i tunnel. Dette er også eitt av alternativa som blir diskutert i planprosessen. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård gjekk langt i å peike på nettopp tunnelalternativet. For i Nasjonal transportplan vil det altså ligge sterke føringar for at jorda som blir brukt til landbruksformål skal vernast.

– Det er ein diskusjon om dette. Så skal det gjennomførast ein planprosess der det finst fleire alternativ. Men det er jo slik at det eine alternativet tek sterkare omsyn til jordvernet enn det andre, seier Nygard.

Den fullstendige Nasjonal transportplan 2025–2036 blir lagt fram 22. mars.

Planen er at den nye E39 skal gå utanom Batnfjordsøra. Linja på kartet er ikkje nøyaktig. Det pågår framleis reguleringsarbeid og Vegvesenet er pålagde å ta omsyn til jordvern.