Hopp til innhold

NTP-lekkasje: Lovar milliardbeløp til fylkesvegane

Regjeringa lovar 16 milliardar ekstra til drift og vedlikehald av fylkesvegane i landet. – I det store biletet er det for lite, meiner ordførar.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Kommunal- og distriktsminister Erling Sande på vegtrafikksent

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård seier det er ei historisk satsing på fylkesvegane som vil kome i Nasjonal transportplan.

Foto: Truls Alnes Antonsen / Truls Alnes Antonsen / NRK

– Det er for dårleg standard og framkome på vegane, så vi treng å hjelpe fylkeskommunane med det, vedgår samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

I den nye nasjonale transportplanen som blir lagt fram neste fredag, skal 16 milliardar kroner gå til drift og vedlikehald av fylkesvegane.

Dei første seks åra blir det sett av 1 milliard i året, og deretter aukar summen til 1,6 milliardar dei siste seks åra. Pengane skal fordelast på 44.623 kilometer fylkesvegar.

– No prioriterer vi dette, og det betyr at ein del av dei store gigantprosjekta ikkje blir prioriterte på same måte som tidlegare, seier Nygård.

Hordfast, ein planlagd motorveg sør for Bergen, som vil gjere strekninga mellom Stavanger og Bergen ferjefri, er eitt av dei store prosjekta som kan bli råka.

Nygård legg til at regjeringa ikkje har konkrete meldingar om enkeltprosjekt no, utover at dei «ikkje får plass til alle gigantprosjekta i NTP».

Modell av Hordfastbrua

NEDPRIORITERT?: Når regjeringa no prioriterer pengar til å halde ved like og drifte allereie eksisterande fylkesvegar, kan det bety mindre framdrift for prosjekt som Hordfast.

Foto: STATENS VEGVESEN/DISSING+WEITLING

Les også NTP-lekkasje: Regjeringen vil forbedre Norges travleste jernbane etter flere avsporinger

Den svenske havarikommisjonen er på plass for å undersøke hvorfor et malmtog sporet av på nytt ved Vassijaure stasjon på Ofotbanen/malmbanan.

– Endelaust behov

Riksrevisjonen har konkludert med at dårleg vegstandard er medverkande årsak til kring 30 dødsfall i året.

At det er stort etterslep på både vedlikehald og drift av fylkesvegane viser også utrekningane til NAF: 100 milliardar kroner på landsbasis. I tillegg kjem etterslepet på skredsikring på over 65 milliardar kroner.

Med bakgrunn i tal frå Statens vegvesen har NAF kome fram til at etterslepet på fylkesvegane er 166 milliardar kroner.

Vestland er eitt av fylka der behovet er skrikande, med eit forfall på 19,5 milliardar kroner. Og behov for 23,6 milliardar kroner i skredsikring.

Vestland vil få kring 250 millionar kroner meir i året til å utbetre nettopp slike vegar, og får i NTP mest av alle fylka til dette.

På 12 år blir det 3 milliardar kroner, medan behovet altså er nesten 20.

Det er på langt nær nok, meiner ordførar i kommunen som har Noregs nest verste veg.

– Når du ser det mot det totale bildet i Vestland, er ikkje den vegen i ei særstilling. Vi er mange i same situasjon som desperat treng betre fylkesvegar, seier Gloppen-ordførar Arnar Kvernevik (Ap).

Han meiner behovet for utbetring av vegane i heile fylket er endelaust.

– Kva tenker du om at Vestland fylkeskommune vil få cirka 250 millionar meir i året for å forbetre dei farlege og dårlege fylkesvegane?

– Litt vil det jo bety, men i det store bildet er det for lite.

Ideelt sett skulle han ha sett at det blei bygd nye vegar.

Arnar Kvernevik

Arnar Kvernevik (Ap) trur millionane vil hjelpe på å få betra dei verste strekka, men meiner det ideelle hadde vore å få bygd nye vegar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Når etterslepet er så stort, vil desse 16 milliardane halde?

Dei vil i alle fall hjelpe til, slik at fylkeskommunane kan få gjort enda meir. Rette ut svingar, halde ved like strekker som er vel humpete, sikre fleire vegar for ras og skred, svarar kommunalminister Erling Sande (Sp).

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Kommunal- og distriktsminister Erling Sande på vegtrafikksent

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) er ikkje uroa for at pengane, som ikkje er øyremerkt, vil kome på avvege.

Foto: Truls Alnes Antonsen / Truls Alnes Antonsen / NRK

Ikkje øyremerkt

I 2022 brukte fylkeskommunane 23 milliardar til fylkesvegane. Pengane som regjeringa no lovar, vil kome i tillegg til det dei ulike fylka allereie brukar.

Fylkesvegnettet utgjer kring 80 prosent av det samla riks- og fylkesvegnettet. Til samanlikning står det for nær halvparten av trafikkarbeidet.

Noregs Automobil-Forbund (NAF) seier dei lenge har etterlyst ei slik satsing, men er likevel ikkje nøgde med det dei høyrer.

– Det ser verken ut som det forpliktar nok, eller som ein plan med nok midlar til å få bukt med det enorme forfallet på fylkesvegnettet, seier pressesjef Ingunn Handagard.

– Potten burde bli auka, pengane burde kome tidlegare i planperioden og dei burde bli øyremerkt veg, meiner ho.

Ho er kritisk til til det som kjem fram av lekkasjen og uroar seg for at pengane ikkje blir brukt slik dei skal.

Ingunn Handagard i NAF

Ingunn Handagard er usikker på om summen er høg nok til å få ned det ho kallar eit enormt etterslep på fylkesvegnettet. Ho synest heller ikkje at forslaget forpliktar nok.

Foto: Astri Husø

Det gjer ikkje samferdselsministeren:

– Vårt inntrykk er at fylkeskommunane prioriterer fylkesvegar høgt.

Kommunalministeren lit på at fylkeskommunane klarar å styre midlane sjølv, til trass for manglande øyremerking.

– Er det noko fylkespolitikarane ser, så er det at vi har store utfordringar med vegnettet over heile landet. No gir vi ei handsrekking for at dei kan få legge inn endå større innsats på vegvedlikehald, svarar Erling Sande.

Les også No blir Noregs verste vegar endå verre - ventar store frostskadar på vegane

Langs ein svingete veg står det eit gult skilt med raud trekant. "Teleskade 0,5 - 25 km" står det på skiltet.