Hopp til innhold

Slik blir løysinga på «marerittstrekninga» på E39

Det blir ny tunnel gjennom Hafstadfjellet i Førde som skal erstatte dagens svingete E39. Prosjektet får 4 milliardar i ny Nasjonal transportplan.

– I dag går flagget til topps. Dette vil bli ei ny tidsrekning i Sunnfjord kommune og Førde by, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp).

Måndag stadfesta kommunalminister Erling Sande (Sp) at det blir ny tunnel på E39 frå Storehaug til Førde gjennom Hafstadfjellet.

Les også Bergen får ny innfartsåre frå nord – regjeringa lovar milliardveg i Nasjonal transportplan

«SVEV OG HJARTEBANK»: Fylkesvaraordførar Jon Askeland (Sp) gav stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) ein klem og følte at han «sveva», flankert av statsråd Kjersti Toppe (Sp) til venstre og fungerande Alver-ordførar Nina Bognøy (Ap) «med hjartebank».

Får 4 milliardar kroner

Prosjektet er kostnadsrekna til 4 milliardar kroner og skal bli prioritert dei første seks åra i ny Nasjonal transportplan (NTP) som er gjeldande frå 2025–2026.

Tunnelen blir på 7,5 kilometer.

– Det er ein viktig nord-sør-veg på Vestlandet og det er ein svært viktig veg for tungtransporten, som har kava borte i svingane i Halbrendslia i mange år. Om nokre år kan vi ha ein ny flott og moderne veg rundt Førde, seier Sande.

Erling Sande på Bruland i Førde.

Frå venstre: Arve Helle (leiar for hovudutvalet for samferdsle i Vestland), Jon Askeland (fylkesordførar, Vestland), Jenny Følling (ordførar, Sunnfjord), Erling Sande (kommunalminister) og Marte Mjøs Persen (stortingsrepresentant, Ap)

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Dette har vi venta på

For nettopp dei svingane ned til Førde sentrum har blitt omtalt som «marerittstrekninga» blant lastebilsjåførane.

– Dette har vi venta på så lenge. Det har vore ein mare den vegen der, mykje verre enn det folk har vore klar over, seier ein kjensleladd Arne Nistad som er administrerande leiar i Nistad Transport.

Arne Nistad, lastebileigar og sjåfør.

Arne Nistad har venta i mange år på ei løysing på «marerittstrekninga» nedover Halbrendslia i Førde. – No skal eg sprette korken, jublar han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Næringslivet tek imot E39-nyheita med stor glede.

Det blir mykje tryggare for sjåførar og dei som bur i byggefelt og hus tett på dagens veg, og vi sparar mykje reisetid både for menneske og varer som skal til butikkane, seier Sondre Olsen, politisk rådgivar for NHO Vestland.

Viktig for heile Vestland

Nygård varsla allereie tidleg i mars at NTP ville innehalde færre store prosjekt, men meir pengar til vedlikehald. Siste veka har lekkasjane kome som perler på ei snor:

I tillegg blir også rassikring av Naustdalsstranda på riksveg 5 mellom Førde og Florø nemnd i løpet av 12-årsperioden. Det blir også rassikring i Våtedalen.

Den frittståande bransje- og arbeidsgjevarorganisasjonen MEF representerer over 2.400 små, mellomstore og store verksemder. Dei er glade for at tunnelen gjennom Hafstadfjellet i Førde er eitt av tiltaka som ser ut til å bli starta opp.

– Vi har ikkje målt meir ledig kapasitet i anleggsmarknaden enn no, så vi treng alle jobbar ut i marknaden, seier Audun Ueland, fungerande regionsjef i Vestlandet.

Han ser fram til å sjå heilskapen når NTP blir presentert på fredag.

– MEFs medlemer treng meir jobb ut i marknaden om vi skal klare å halde arbeidsfolka på Vestlandet i arbeid, seier han.

Fylkesordførar Jon Askeland seier at E39 er viktig for heile fylket.

– Denne vegen bind fylket vårt saman og var det høgast prioriterte prosjektet i vårt innspel til NTP, seier han.

E39 Storehaugen - Førde 9

Slik vil den nye tunnelopninga ved Bruland bli sjåande ut.

Foto: Statens vegvesen / Multiconsult