Hopp til innhold

E6 i Snåsa stengt av ras for tredje gong på få månader

For tredje gongen sidan mars er E6 stengt på same strekninga i Snåsa. No krev ordføraren at vegen leggjast i tunnel.

Raset som stenger E6 sett fra ei drone over Snåsavatnet

NYTT RAS: Raset som sperrar E6 ligg berre nokre hundre meter nord for det store raset som øydela vegen i mars.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

E6 er igjen stengt gjennom Snåsa. Dette er tredje gongen sidan midten av mars at Europavegen er stengt på den same staden.

I natt gjekk det et 30–40 meter breitt ras i nordenden av Snåsavatnet. Nokre kilometer nord for Snåsakroa.

– Dette er hovudferdselsåra gjennom Noreg. Det at det er farleg å køyre på den, det er ikkje bra, seier ordførar Arnt Einar Bardal i Snåsa.

Skilt satt opp på E6 som forteller at vegen er stengt

STENGT E6: Nok ein gong har Statens vegvesen vore nøydde til å stenge E6 gjennom Snåsa på grunn av ras.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ny vurdering av vegen klokka 12

Politiet fekk melding kl. 02.39 av ein person som køyrde forbi staden. Entreprenør er på plass. E6 er stengt fram til geolog får vurdere staden i dagslys.

Bjørn Storstad sto parkert ved Snåsakroa, og skulle nordover til Mosjøen.

– Det vart ikkje heilt som planlagt, seier han til NRK.

No får han ein omveg på halvannan time.

– Geolog vil komme til staden om nokre timar, sa Bjørnar Gaasvik til NRK kl. 05.30. Han er operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt.

Ny vurdering vil bli gjort kl. 12 fredag. Omkøyring er via fylkesveg 763 på sørsida av vatnet.

Ras over Meråkerbanen

Også i Stjørdal har det gått ras. Der gjekk det seint torsdag kveld fleire ras i Meådal.

Eitt av rasa gjekk over Meråkerbanen, medan to mindre ras gjekk over E14, opplyser Gaasvik.

Raset over jernbanen skal vere ti meter breitt.

Strekninga var uansett stengt for togtrafikk på grunn av arbeid med banen på svensk side av grensa. Den vil vere stengt til 31. juli.

Tidlegare på kvelden kom det melding om at elva ved Flornes i Stjørdal var så stor at den gjekk over E14.

Skredet over jernbanen

RAS: Dette raset gjekk over Meråkerbanen seint torsdag kveld.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Redd det skal gå liv

Raset i natt på E6 i Snåsa er det tredje sidan midten av mars som gjer at vegen må stengast. Ordføraren er oppgitt over at det stadig vekk går ras på vegen.

– Det er faktisk to kilometer med rasutsett strekning der. No må dei slutte å «klatte» på det området. No må vi få tiltak som er meir permanente, seier Bardal.

Les også Større steinras sperrer E6 i Trøndelag

Ras i Snåsa

Han meiner vegen må gå i tunnel forbi den rasutsette strekninga forbi Langnesberga.

I 2016 var ein tunnel føreslått i planen til Nasjonal Transportplan. Men i ei revidert utgåve frå 2021 var ikkje vegstrekninga nemnt i det heile tatt.

– Eg er oppgitt over somlinga. At vi ikkje blir prioritert. Det er tilfelle som gjer at det ikkje har gått gale så langt, seier Bardal.

Olav Trana driv Snåsakroa like ved rasstaden. Kvar gang det rasar taper han pengar.

– Vi er verkeleg fortvila, seier han.

Han har tidlegare sagt til NRK at han fryktar dødsulukker på vegstrekninga.

– Eg er lei og trøtt. Det er nesten ikkje mogleg å drive næring her. Vi rekk ikkje komme over den eine smellen før det kjem ein ny, fortel Trana.

Olav Trana står utenfor Snåsakroa som han driver

Olav Trana fortvilar over at det stadig vekk rasar på E6 like ved kroa han driv.

Foto: Tariq Alisubh / NRK