Hopp til innhold
Nytt sjukehus Molde
Foto: Helse Møre og Romsdal

Sjukehusstriden i Møre og Romsdal

Oppsummert

Etter langvarig strid har helseministeren vedteke at det nye, felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggjast på Hjelset i Molde. Kristiansund kommune gjekk til sak for å få omgjort vedtaket, men tapte i to rettsinstansar.

  • Underskriftskampanjen overrekkes til helseministeren

    Bunadsgeriljaen skal i dag overrekke 16 352 underskrifter til helseminister Ingvild Kjerkol.

    Underskriftskampanjen, for å bevare fødeavdelingen i Kristiansund, ble startet av Bunadsgeriljaen da det ble kjent at avdelingen ble midlertidig stengt i januar 2021. Fødeavdelingen ble stengt fordi den manglet jordmødre og gynekologer. Fødende måtte derfor reise til nabobyen Molde. Bunadsgeriljaen sier at underskriftskampanjen er et folkekrav om å gjenåpne og å bevare fødeavdelingen i Kristiansund for all fremtid.

    sykehus-kristiandund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Tapte votering om fødeavdeling

    Stortinget røysta i dag ned eit forslag om å bevare fødeavdeling i Kristiansund etter at det nye sjukehuset på Hjelset har opna. Forslaget var eit representantforslag frå Seher Aydar i Raudt. 91 røysta imot, medan ni stemde for. Frå regjeringspartia fekk forslaget berre to stemmer frå Arbeidarpartiet.

    – Eg er redd dette viser at Hurdalsplattforma ikkje er nokon garanti for fødeavdeling i Kristiansund, seier Aydar.

    Presisering: Ap opplyser fredag at dei to røystene frå partiet skuldast ein feil under røystinga

    Kristiansund sjukehus
    Foto: Marius André Jenssen Stenberg
  • Nytt forslag om å bevare føden

    Stortingsrepresentant Seher Aydar i Raudt fremma i dag eit representantforslag om å be regjeringa å bevare fødeavdelinga i Kristiansund, også etter at sjukehuset på Hjelset står klart. Dermed er det klart for ein ny runde med eit nytt storting. I forslaget blir det nemnt at det nye sjukehuset på Hjelset kan erstatte dagens Molde sjukehus, men at det ikkje bør stå i vegen for å vidareføre eit sjukehus i Kristiansund.

    Rødt Seher Aydar ved valgboden sammen med blant annet Bjørnar Moxnes.
    Foto: Olav Juven / NRK
  • Ikkje fleirtal for fødeavdeling

    Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) seier det i dag kom fram at det ikkje er fleirtal i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for å bevare fødeavdelinga i Kristiansund i den framtidige sjukehusstrukturen. Komiteen gav i dag si innstilling til Nasjonal helse- og sjukehusplan. SV, Sp og Frp har sett fram forslaget om å bevare avdelinga, og Toppe meiner kampen ikkje er over. – Arbeidarpartiet kunne her ha skapt fleirtal for å bevare fødeavdelinga i Kristiansund, og eg er skuffa over at dei ikkje bidreg til det, men saka er ikkje avgjort før Stortinget har votert, seier ho. Nasjonal helse- og sjukehusplan blir behandla i Stortinget 12. mai.

  • Frp: – ikkje statlege sjukehuspengar

    Stortingsrepresentant Jan Steinar Engeli Johansen (Frp) meiner det ikkje er realistisk å tru at Helse Møre og Romsdal får meir pengar frå staten til å bygge eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal i Molde. Til Sunnmørsposten (krev innlogging) seier Engeli Johansen at bygginga ikkje har passert noko "point of no return". Han seier at det må bli økonomien i helseføretaket som avgjer om det er mogleg å bygge det nye sjukehuset. Administrasjonen i helseføretaket lagt opp til eit kutt på 214 millionar kroner neste år, og ytterlegare 400 millionar fram til 2021, for å få pengar til å starte bygging.

    Jan Steinar Engeli Johansen
    Foto: Bjørn Inge Bergestuen
Ankesaka starta i Frostating lagmanssrett i dag. Kristiansund-ordføraren trur nye opplysningar vil endre tomtevedtaket.