Hopp til innhold
SNR Nytt sjukehus på Hjelset
Foto: Sykehusbygg

Nytt sjukehus på Hjelset

Oppsummert

Nordmøre og Romsdal skal få nytt, felles sjukehus. Etter ein langvarig strid blei det vedteke å byggje sjukehuset på Hjelset. Du kan lese meir om sjølve striden her.

  • Ber om auka lån til fellesjukehuset

    Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag å be Helse Midt-Norge om ei utvida låneramme for det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

    Behovet for auka lån skuldast kompensasjon for prisstiging knytt til HMR si investeringsramme og ikkje overskridingar i prosjektet, melder helseføretaket.

    – Dette er ein heilt ekstraordinær situasjon og difor vil styret be om å få utvida HMR si ramme til 6,530 milliardar for å sikre at helseføretaket si berekraft blir oppretthald, seier leiar av styret, Ingve Theodorsen og viser til pågåande arbeid med naudsynte investeringar og oppgradering av gamal bygningsmasse i Helse Møre og Romsdal.

  • Nytt sykehus blir dyrere

    Prognosene for kostnadene ved bygginga av nytt sjukehus på Hjelset blir økt fra 6,3 milliarder kroner til 6,5 milliarder.

    Bakgrunnen er høyere priser på byggematerialer, blant annet på grunn av krigen i Ukraina. I tillegg må fasaden på sjukehuset isoleres bedre, som følge av at de nye redningshelikopterene SAR Queen skal kunne lande på sykehusområdet.

    Økt lånefinansiering kommer opp som egen sak på et senere styremøte i Helse Møre og Romsdal.

    Forfra mot akuttbygget på det nye sykehuset på Hjelset.
    Foto: HENT AS
  • Konstituert som ny klinikksjef

    Britt Rakvåg Roald er konstituert som ny klinikksjef ved klinikk Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Det opplyser føretaket i ei pressemelding. Ho får permisjon frå stillinga som HR-direktør i føretaket og tiltrer stillinga som konstituert klinikksjef den 17. august.

    I førre veke blei det kjent at klinikksjef for SNR, Georg Johnsen og Carina Wollan Myhre, konstituert assisterande klinikksjef, går frå sine stillingar med bakgrunn i fødesaka i Kristiansund.

    Johan Kippervik har også valt å ta eitt års permisjon frå stillinga som avdelingssjef ved avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar.

    Fungerande kommunedirektør i Molde, Britt Rakvåg Roald.
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Helseministeren til Kristiansund

    Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol kjem til Kristiansund 25. august. Det skjer etter at leiinga for fødeavdelingane i Kristiansund og Molde gjekk av tidlegare denne veka på grunn av utfordringane med fødeavdelinga i Kristiansund.

    Fødeavdelinga i Kristiansund er den einaste i landet som har eit stortingsvedtak på seg, som seier den skal halde opent. Men på grunn av bemanningsproblem har avdelinga vore stengt fleire gonger.

    I Kristiansund skal Kjerkol møte sjukehusleiinga, tillitsvalde og representantar frå Helse Midt-Norge. Kjerkol vil også invitere alle ordførarane i Nordmøre og Romsdal til eit møte same dag.

  • – Burde lokke med høgare løn

    Bystyrerepresentant i Kristiansund, Arne Grødahl, er kritisk til deler av arbeidet som er gjort med å rekruttere tilsette til fødeavdelinga i Kristiansund. Han rosar den lokale leiinga og meiner dei klarte å få fart på rekrutteringsarbeidet. Men han meiner at leiinga i Helse Møre og Romsdal burde ha opna for å bruke auka løn som lokkemiddel, og at det burde ha vore tilsett ein eigen rekrutteringsansvarleg. Fødeavdelinga er stengd på ubestemt tid og i går trekte tre sentrale leiarar seg frå stillingane sine.

    Kristiansund sykehus
    Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Senterpartiet nektar å godta at fødeavdelinga i Kristiansund skal leggast ned

Sjukehusdirektøren kan ikkje garantere at det nye sjukehuset i Molde kan byggast innanfor ramma på 4,1 milliardar kroner. Han kan heller ikkje utelukke at sjukehuset vert mindre enn planlagt. Bygginga vart stoppa i sommar, fordi det vart for dyrt.
Sjukehustomta på Hjelset i Molde står no klar til bygging, men det kan gå eitt år før arbeidet startar. Interessa frå entrepenørar i inn- og utland er likevel stor trass i at anbodskonkurransen vart endra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga