Helse Møre og Romsdal
Foto: Remi Sagen

Helse Møre og Romsdal

Oppsummert

Helse Møre og Romsdal har ansvaret for den offentlege spesialist-helsetenesta i Møre og Romsdal. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande.

  • Vil betre omdømet

    Vanskar med å rekruttere fagfolk, trong økonomi og aldrande teknisk utstyr og bygg er dei største utfordringane for Helse Møre og Romsdal i tida som kjem.

    Det går fram av risikovurderinga som helseføretaket gjennomfører på denne tida kvart år.

    For å betre rekrutteringa vil føretaket både betre omdømmet, etablere utdanningsstillingar med bindingstid og setje i verk kampanjar på utdanningsinstitusjonar.

    Arbeidet med ny straumforsyning til Ålesund sjukehus skal ta til i vår, og det skal utarbeidast ein femårsplan for utskifting av gamalt medisinteknisk utstyr.

  • Kritiske til psykiatriplan

    Norsk psykologforening frykter ensidig fokus på å få ned ventetidene i Helse Møre og Romsdal kan føre til at kvaliteten på behandlinga går ned. Alle de ni fagforeningene er svært kritisk til hvordan ledelsen i helseforetaket planlegger å styrke psykiatrien. Siri Næs, foretakstillitsvalgt i Norsk psykologforening, sier hun savner planer for hvordan å tilføre mer ressurser og rekruttere fagfolk, samt tiltak som kan sikre kvaliteten på behandlinga. Administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke avviser at planen for å få ned køene i psykiatrien skal gå ut over kvaliteten på behandlinga. Bakke innrømmer at helseforetaket har store vanskeligheter med å rekruttere fagfolk. Men det er viktig å opprettholde og utvikle kvaliteten på behandlinga, seier han.

  • Vil skifte namn i Kristiansund

    Fleire politikarar tar til orde for å skifte namn på Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Helse Møre og Romsdal møtte i dag bystyret i Kristiansund i eit ekstraordinært bystyremøte. Når det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Hjelset står ferdig, blir det gamle sjukehuset i Kristiansund eit senter med polikliniske tilbod. Sjukehusdirektør Øyvind Bakke stiller seg positiv til namnebytte.

    Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal og ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard.
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Auke i ventetid

    Den samla ventetida for pasientar som har vore behandla hos Helse Møre og Romsdal var i januar på 63 dagar. Dette er ein auke på 5 dagar, både om ein samanliknar med desember og januar i 2019.

    Også tala på fristbrot auka i byrjinga av 2020.

    Ventetida er lengst innan psykisk helsevern for vaksne. Der er ventetida på 59 dagar. Og innan psykisk helsevern for barn og unge er ventetida på 52 dagar.

    Innan psykiatrien har Helse Møre og Romsdal store utfordringa med rektrutteringa av fagfolk, heiter det i ein rapport som blir lagt fram for styret neste veke.

  • Betre økonomi

    Økonomien i Helse Møre og Romsdal kan sjå ut til å vere på betringens veg, sjølv om sjukefråveret framleis ligg på 8,5 prosent.

    Etter fleire år med underskot månad etter månad, viser rekneskapen for januar eit overskot på 100.000,- kroner.

    Sjukefråveret i helseføretaket skapar framleis eit behov for innleige av arbeidskraft og overtid. Forbruket av overtid var for januar på 18.165 timar. Dette er 835 fleire timar enn i januar i fjor. Likevel er den samla bemanninga gått ned med 104 månadsverk samanlikna med januar i fjor. I denne situasjonen har Helse Møre og Romsdal brukt 700.000,- mindre i lønskostnader i januar 2020 enn det som var budsjettert.

    To av sju klinikkar har høgare inntekter enn budsjettert. Samla sett har føretaket inntekter i januar som ligg to millionar kroner under budsjett.

    Ålesund sykehus innkjøring
    Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK
shots innover Storfjorden sett fra Stranda, arkvi fra Geiranger og rasferga i januar, skred går i Geiranger, shots fra Flydalsjuvet over Geiranger i høstvær, bilder fra møte på rådhuset, folk snakker, ordføreren, sol over fjella