Hopp til innhold

Ikkje fleirtal for fødeavdeling

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) seier det i dag kom fram at det ikkje er fleirtal i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for å bevare fødeavdelinga i Kristiansund i den framtidige sjukehusstrukturen. Komiteen gav i dag si innstilling til Nasjonal helse- og sjukehusplan. SV, Sp og Frp har sett fram forslaget om å bevare avdelinga, og Toppe meiner kampen ikkje er over. – Arbeidarpartiet kunne her ha skapt fleirtal for å bevare fødeavdelinga i Kristiansund, og eg er skuffa over at dei ikkje bidreg til det, men saka er ikkje avgjort før Stortinget har votert, seier ho. Nasjonal helse- og sjukehusplan blir behandla i Stortinget 12. mai.