Hopp til innhold

Tapte votering om fødeavdeling

Stortinget røysta i dag ned eit forslag om å bevare fødeavdeling i Kristiansund etter at det nye sjukehuset på Hjelset har opna. Forslaget var eit representantforslag frå Seher Aydar i Raudt. 91 røysta imot, medan ni stemde for. Frå regjeringspartia fekk forslaget berre to stemmer frå Arbeidarpartiet.

– Eg er redd dette viser at Hurdalsplattforma ikkje er nokon garanti for fødeavdeling i Kristiansund, seier Aydar.

Presisering: Ap opplyser fredag at dei to røystene frå partiet skuldast ein feil under røystinga

Kristiansund sjukehus
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK