Det er knytt stor spenning til om Helseplattforma skal innførast i Møre og Romsdal i slutten av april.
Datasystemet har fått massiv kritikk på St. Olavs hospital i Trondheim etter at det har vore fleire alvorleg hendingar og feil.
– Vi innstiller på å innføre Helseplattforma under føresetnad at vi får på plass bemanning. Dersom vi ikkje har det kan vi ikkje gå på plattforma, seier Olav Lødemel, som er direktør i Helse Møre og Romsdal.
Treng ekstra personell
17. april skal styret seie ja eller nei til at Helseplattforma skal takast i bruk på sjukehusa i Møre og Romsdal om kort tid.
Fredag kom administrasjonen med si tilråding til styret. Dei meiner at det er forsvarleg å ta journalsystemet i bruk, men dei treng ekstra helsepersonell for å hjelpe til den første tida.
Dei har tidlegare bedd om rundt 100 legar og 120–40 sjukepleiarar den mest hektiske veka.
– No har vi jobba tett saman med St. Olavs og lært av dei korleis det var når dei innførte Helseplattforma, så vi har vurdert at vi kan ta det litt ned, seier Lødemel.
Dei har kontakt med helsepersonell frå St. Olavs, frå Nord-Trøndelag og Danmark.
Fleire legar på St. Olavs hospital har sagt at dei er så slitne av Helseplattforma at det er uforsvarleg å reise til nabofylket for å hjelpe til der.
– Tar svært stor risiko for folket
– Eg er alvorleg bekymra for pasienttryggleiken og helsetilbodet når dette no blir pressa gjennom, seier overlege og tillitsvald Igor Jokic.
Han er ikkje overraska over avgjersla, men desto meir bekymra.
– Både helseleiarar og politikarane har latt folket sitt i Møre og Romsdal i stikken. Dei er villige til å ta svært stor risiko for å få innført dette prestisjeprosjektet, seier han.
I det siste har det blitt jobba på spreng for å lage ei risiko- og sårbarheitsanalyse som skal gi svar på kva konsekvensar innføringa får for pasientar og tilsette.
Legeforeiningane i Møre og Romsdal trekte seg frå dette arbeidet fordi dei meinte at dei blei skulda for å vere respektlause og for kritiske. Dei er redde for at innføringa av systemet skal gå utover pasienttryggleiken.
Meiner det er trygt
Direktør Olav Lødemel seier at dei er klar over bekymringa, men seier at dei varetar pasienttryggleiken.
– Det er trygt å vere pasient i Møre og Romsdal. Vi har jobba veldig med å kontrollere og forstå korleis risikoen blir når vi innfører Helseplattforma, seier Lødemel.
Risikoanalysen avdekker høg risiko for brot på arbeidsmiljølova, og Lødemål seier at dei skal fylgje situasjonen tett for at dei tilsette skal ha forsvarlege arbeidsforhold.
Det nye systemet for pasientjournalar skal etter planen innførast på sjukehusa i Møre og Romsdal 27. april.
I desember 2023 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at dei ville utsette innføringa av Helseplattforma, men dei fekk ikkje støtte av eigaren, Helse Midt-Norge.
Fleire tilsyn
Statens helsetilsyn, Arbeidstilsynet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) og Datatilsynet har alle pågåande tilsyn knytt til Helseplattforma.
Saka skal også opp i styret i Helse Midt-Noreg 25. april. Dei har sagt at dei skal legge vekt på risikoanalysen som Helse Møre og Romsdal har utført.