Hopp til innhold

Har sagt opp direktøren ved Høgskulen i Volda

På eit ekstraordinært og lukka møte vedtok styret ved Høgskulen i Volda måndag 23. april å seie opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Det melder Møre-Nytt.

Emblem vart tilsett som direktør for Høgskulen i Volda hausten 2022.

Kort tid før jul kom det inn eit varsel mot direktøren. Sidan har det kome fleire varsel, både frå rektor/styreleiar og tillitsvalde, melder avisa.

Det har vore åtte ekstraordinære og lukka styremøte om varslingssakene mot direktøren.

Til avisa seier Emblem mellom anna at ho ikkje kjenner seg igjen i dei alvorlege skuldingane og at ho er kritisk til saksgangen.

Direktøren er mellom anna utdanna jurist/advokat, og vil klage på oppseiinga til Kunnskapsdepartementet, skriv Møre-Nytt.

I ei pressemelding skriv styret ved Høgskulen i Volda at det var eit einstemmig styre som vedtok å avslutte arbeidsforholdet.

– Det har vist seg over tid at styret og direktøren har ulike og motstridande syn i fleire viktige saker. Summen av desse sakene gjer at styret ikkje lenger har tillit til direktøren, skriv dei.

NRK har vore i kontakt med Emblem, som seier at ho ikkje ønskjer å kommentere saka.