Hopp til innhold

Har for få legar til å kunne innføre Helseplattforma

Helse Møre og Romsdal har enno ikkje lukkast med å rekruttere nok legar til å kunne innføre Helseplattforma. Dette er situasjonen under ei veke før direktøren skal seie ja eller nei til det omstridde journalsystemet.

Nøkkelpersonell i Helse Møre og Romsdal arbeider med risikoanalyse i samband med eventuell innføring av Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal

Nøkkelpersonell i Helse Møre og Romsdal arbeider med risikoanalysen i samband med den eventuelle innføringa av Helseplattforma i slutten av april.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I eit konferanserom i administrasjonsbygget til Helse Møre og Romsdal sit nøkkelpersonell på rekke og rad og tek stilling til om det er trygt eller utrygt å ta i bruk Helseplattforma.

Dei tek utgangspunkt i ein omfattande analyse som blei utarbeidd før nyttår.

Konklusjonen den gongen var at det ikkje var trygt nok. Likevel overstyrte det regionale helseføretaket den lokale leiinga og sa at innføringsarbeidet skulle halde fram.

Midt i oppdateringa av risikoanalysen kjem den alvorlege meldinga: Helse Møre og Romsdal har i dag ikkje klart å sikre seg nok legar til den arbeidskrevjande innføringa. Det har meldt seg eit akseptabelt tal på sjukepleiarar. Men ikkje legar.

– Vi har fått mange tilbakemeldingar, men vi treng fleire legar for å ha den kapasiteten vi treng, seier direktør Olav Lødemel til NRK.

Les også – For slitne til å reise til Møre frivillig

Kathrine Wågø - lege ved St. Olavs hospital. Føretakstillitsvald for Yngre Legers Forening St. Olavs hospital

– Ikkje for seint

Men det er ifølgje direktøren enno ikkje for seint. Det er framleis mogleg for legar å stille seg til teneste. Lødemel rett og slett appellerer til legar i Midt-Noreg om å stille opp slik at det skal vere mogleg å innføre Helseplattforma ved sjukehusa hans 27. april.

– Nok ein gong må vi be legar i regionen om å ta kontakt med oss så fort som råd, seier Lødemel.

No handlar det om dagar og timar før Helse Møre og Romsdal må konkludere. Frå Møre og Romsdal er det sendt ut beskjed via dei interne nettsidene til sjukehusa i regionen, og leiinga i Ålesund står i kontakt med sjukehusa i Trøndelag.

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel blir intervjua av NRK-reporter Terje Reite

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, har kort tid på seg på å lage ei innstilling på om styret skal seie ja eller nei til å innføre Helseplattforma. Neste styremøte er 17. april. Dato for innføring av Helseplattforma er 27. april.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ja eller nei til innføring i april

17. april skal styret seie ja eller nei til innføring av Helseplattforma. Før den tid må risikoanalysen vere klar, og det skal ligge føre ei tilråding frå direktøren. Normalt skal denne tilrådinga ligge føre ei veke før, altså den 10 april.

Men signala er sterke på at innstillinga kjem først den 12.

Direktøren har altså berre ei knapp veke på seg.

Betyr mannskapsmangelen at du må innstille på eit nei til innføring i april?

– Det er eit godt spørsmål. Men eg kan ikkje kommentere på det. No held vi på med risikovurderinga vår. Vår eigen kapasitet inngår i dette. Dette arbeidet er ikkje ferdig, seier Lødemel.

Men å ha nok folk er vel eit ufråvikeleg krav?

– Å ha nok folk er svært viktig. Og vi arbeider langs fleire aksar for å få til dette. Eg vil sjå det endelege svaret før eg konkluderer, seier direktøren.

Beklagar at legane ikkje er med

Direktøren beklagar no at Overlegeforeninga og Yngre legars foreining sa nei til å bli med vidare i analysearbeidet. Dei to foreiningane hevdar dei blei skulda for å vere aksjonistiske, forutinntekne og for kritiske. Kritikken førte til at dei foreiningane trekte seg frå sluttspurten.

– Eg beklagar at dei ikkje er med i sluttfasen av analysearbeidet. Men legane har vore med heile vegen frå i haust og gjennom vinteren. Dei har vore med oss i tette møte. Og vi har hatt god dialog. Vi har med oss vurderingane frå legesida inn i den endelege analysen sjølv om dei valde å trekkje seg, seier Lødemel.

Både sjukepleiarforbudet og fagforbundet har bestemt seg for å halde fram i arbeidet med risikoanalysen.

Les også Legeforeiningar trekker seg frå arbeidet med Helseplattforma

Legeforeningen mot ROS analyse Helseplattformen Igor Jokic foran akuttmottaket på Ålesund sjukehus

Avviser press

I brevet der legeforeiningane melde frå om at dei trekte seg heiter det at Helse Midt-Noreg legg eit press på Helse Møre og Romsdal for å få eit ja til innføring av Helseplattforma i april.

Dette avviser direktøren i Helse Møre og Romsdal.

– Eg føler ikkje der er noko press. Vår risikoanalyse er anerkjent i Helse Midt-Noreg. Og det er Helse Møre og Romsdal som står ansvarleg for å vurdere pasienttryggleiken. Det er det ingen tvil om.

Helse Midt-Noreg har også i ei pressemelding slått fast at det er Helse Møre og Romsdal sin analyse av pasienttryggleiken som skal gjelde når innføringa av Helseplattforma skal gjennomførast.

– Eg er glad for denne presiseringa. Det er ei god støtte å ha i sluttfasen i eit krevjande arbeid. Det har til og med blitt slik at vår analyse skal bli den regionale analysen.

Kva betyr det?

– Det betyr at måten vi vurderer pasienttryggleik på også skal brukast når Helse Nord-Trøndelag skal innføre systemet. Slik får vår analyse også regional betydning, seier Lødemel.