NRK Meny
Normal

– Eg kunne ha bygt opp argumentasjonen annleis

Nestleiar Petter Bjørdal brukte økonomiargument då han gjekk bort frå å støtte Storbakken og i staden valde Hjelset som tomt for det nye sjukehuset. Under rettssaka i Frostating lagmannsrett forklarte han at bakgrunnen hans frå logistikk og økonomi gjorde det naturleg for han å argumentere på denne måten.

Petter Bjørdal

Nestleiar i Helse Møre og Romsdal, Petter Bjørdal, på veg inn i rettssalen.

Foto: Terje Reite / NRK

Kristiansund kommune har basert store deler av argumentasjonen på at arealbehov og investeringskostnader for det nye sjukehuset blei blåst opp i idéfasen, og at dette førte til at både Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsda byrja å etter måtar å få ned arealet og kostnaden på. Ifølgje denne tankegangen skal arbeidet med kostnadsreduksjon ha ført sjukehuset til Hjelset.

Det einaste styremedlemet som aktivt brukte dei høge kostnadene som argument for å røyste for Hjelset var nestleiar Petter Bjørdal. Under styrebehandlinga viste han til at kostnadene var komne opp i 5,8 millionar kroner. Han var også sikker på at dei reelle kostnadene kom til å bli større enn dette.

– Ingen andre brukte økonomiargument

Bjørdal var tydeleg på at han først hadde tenkt å røyste for Storbakken i Kristiansund. Då vedtaket skulle gjerast hadde han falle ned på Hjelset i staden, og sikra dermed fleirtal for dette tomtevalet.

– Eg har arbeidd med politikk i mange år. Og i politikken lærer ein at ein ikkje skal prosedere. Ein skal ta fram dei argumenta som ikkje har vore belyst før. Det gjorde eg på styremøtet den 17. desember 2014 sa Petter Bjørdal.

Petter Bjørdal forklarte at andre styrerepresentantar hadde lagt vekt på andre forhold. Styreleiar Stein Kinserdal hadde lagt vekt på samfunnsutviklinga og utviklinga innan medisinen. Andre hadde lagt vekt på andre forhold. Sjølv ville han bruke økonomi som argument.

– Ingen andre hadde brukt økonomiargumentet før meg. Andre snakka om sokkelansvaret, reiseavstandar til Smøla og pasientlekkasjar i fleire deler av fylket. Dette var argument som også var viktig for meg, sa Petter Bjørdal som stadfesta at han endra standpunkt i sluttfasen av prosessen fram mot vedtaket.

Petter Bjørdal forklarer for styret kvifor han endra meining om plasseringa av fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Slik argumenterte nestleiar Petter Bjørdal under styremøtet i Helse Møre og Romsdal 17. desember 2014.

– Kunne ha argumentert annleis

Petter Bjørdal blei pressa på korleis han let tala i idéfaserapporten påverke standpunktet i tomtesaka. Tidlegare i rettssaka blei det påpeika at desse tala i høgste grad var førebelse og metoden som var brukt i utrekninga førte til feil. Alle desimalar blei runda opp over. Til slutt sto ein att med eit overslag der arealbehovet var på 80.000 kvadratmeter. Meir nøyaktige utrekningar seinare viste at behovet ligg på nærare 60.000 kvadratmeter. Der kostnadene først låg opp i 5,8 milliardar kroner har kostnadene etter kvart kome ned mot 4,2.

– Hadde eg visst den gongen at eg to og eit halvt år seinare skulle sitje her i ein rettssal og forsvare argumenta mine hadde eg bygt opp argumentasjonen annleis. Då hadde eg teke for meg punkt for punkt og sagt frå kva eg var samd i eller ikkje, sa Bjørdal, som understreka at han valde å fokusere på økonomi med utgangspunkt i si eiga utdanning og yrkeserfaring innan økonomi og logistikk.