NRK Meny
Normal

– No vil Kristiansund «spisse» sjukehussaka

I morgon byrjar ei ny runde i retten i den betente saka om nytt, felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. I lagmannsretten vil Kristiansund kommune mellom anna hevde at økonomiske vurderingar er gjort på sviktande grunnlag.

Neergaard og Ingebritsen

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard og rådmann Arne Ingebrigtsen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På ein pressekonferanse i Kristiansund tysdag kom det fram at kommunen vil vere endå tydlegare i bodskapen sin i lagmannsretten enn det dei var då dei tapte saka i tingretten. Målet er å få oppheva vedtaket om å byggje nytt, felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde.

– I lagmannsretten kjem vi til å spisse saka. Og vi kjem opp med nokre nye moment, seier ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard.

– Økonomi på sviktande grunnlag

Kristiansund kommune kjem denne gongen til å fokusere endå meir på økonomien i sjukehus-prosjektet. Kommunen hevdar at dei økonomiske rammene no ligg langt utanfor det som var føresetnadene for prosjektet.

– Under styrebehandlinga blei økonomi brukt som argument for å trekke sjukehuset sørover. Så viser det seg i ettertid at utrekningane har vore feil. Informasjonen om dette har altså vore presentert uriktig for styret, seier rådmann i Kristiansund, Arne Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen hevdar at andre kalkylar ville ha bikka saka til Kristiansund sin fordel.

– Feil eigarstyring

I tillegg hevdar Kristiansund kommune at helseminister Bent Høie utførte eigarstyring utanfor føretaksmøta. Dette kan i så fall vere i strid med regelverket i lova om helseføretak.

– Vi vonar vi får retten til å sjå at det har gått føre seg ting som har påverka resultatet og som ikkje toler dagens lys. Dersom retten gjev oss med hald i dette må dei politiske styresmaktene avgjere korleis dei vil gripe fatt i dette, seier Neergaard.

​Les: Slik blir sjukehussaka i lagmannsretten

Vitner i lagmannsretten - sjukehussaka

Dette er nokre av vitna i rettssaka: Øvst frå venstre: Jan Høegh, Astrid Eidsvik, Espen Remme, Bent Høie, Marthe Styve Holte, Stein Kinserdal, Kjell Neergaard og Ola T. Strand.

Foto: NRK/Scanpix

Vil ha ny politisk behandling

Dermed meiner Kristiansund kommune at det kan vere realistisk å gå gjort om på heile saka om bygging av nytt, felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Om vi får medhald i retten vil eg sjå den politikaren som ikkje vil løfte fram denne saka på nytt, seier Neergaard.

Det er over eitt år sidan saka gjekk for Inntrøndelag tingrett. Og det er ti månader sidan Kristiansund kommune bestemte seg for å anke saka. Neergaard seier at dei har arbeidd godt for å stå så godt rusta som mogleg når saka startar i Frostating lagmannsrett i morgon.

Vi har jobba godt. Og eg er ikkje minst imponert over korleis advokatane har jobba så langt. Eg reiser til lagmannsretten med god tru om at vi skal få fram ting som gjer at vi har ei god sak, seier Neergaard til NRK.