Hopp til innhold

Nær heile opposisjonen på Stortinget vil utsette Helseplattforma

Åtte parti krev at innføringa av Helseplattforma vert sett på vent. – Lite realistisk, seier helseministeren.

Ålesund sjukehus

Sjukehusa i Møre og Romsdal skal, etter planen, innføre Helseplattforma 27. april. I utgangspunktet var planen at resten av landet også skal ta systemet i bruk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Venstre meiner denne saka no er så alvorleg at Helseministeren ikkje har noko anna val enn å trekke i nødbremsa, seier helsepolitisk talsperson for Venstre, Alfred Bjørlo.

Saman med nesten heile opposisjonen på Stortinget meiner han at helseminister Ingvild Kjerkol (AP) må stoppe den vidare utrullinga av datasystemet Helseplattforma.

Det er viktig, fordi helseministeren representerer ei mindretalsregjering, og er altso avhengig av tillit frå dei som no krev at ho skal stoppe journalsystemet.

  • Skjønar du ikkje heilt greia med Helseplattforma og kvifor eit datasystem er so kontroversielt? Du kan lese deg opp her.

Seks ulike tilsyn er undervegs

Det vert no jobba med fleire tilsyn som truleg ikkje er på plass før innføringa av journalsystemet ved nye sjukehus.

Statens helsetilsyn, Arbeidstilsynet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) og Datatilsynet har alle pågåande tilsyn knytt til Helseplattforma.

Statsforvaltar i både Trøndelag og Møre og Romsdal har også eigne tilsyn undervegs.

Helseplattforma AS har også sjølv varsla Kripos etter avvik der personar på hemmeleg adresse var involvert.

At desse tilsyna ikkje er avklart enno, gjer at ein samla opposisjon krev at helseministeren skal sette innføringa av systemet på pause.

Høgre svarar ikkje ja eller nei

NRK har bede om svar frå alle opposisjonspartia om kva dei meiner om innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal, som skal skje 27. april.

Alle partia, utanom Høgre, seier dei meiner Helseministeren bør utsette innføringa.

Nokre meiner heile prosjektet bør verte skrinlagt:

Tone Wilhelmsen Trøen
Martin Fønnebø / NRK

Høgre

Tone Wilhelmsen Trøen frå Høgre er leiar for Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Til NRK skriv ho at ho ynskjer at Stortinget vert betre orientert av regjeringa om innføringa av Helseplattforma.

– Vi forutsetter at statsråden ikkje tillet at Helse Midt-Noreg overkøyrer Helse Møre og Romsdal si vurdering av risiko for implementering av Helseplattforma, skriv Trøen.

Bård Hoksrud frp rus stortinget
Nadir Mohammad Alam / NRK

Frp

Bård Hoksrud, helsepolitisk talsperson for Frp og andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner utrullinga av Helseplattforma må verte stansa med det same:

– Då burde alle alarmklokkene gå i departementet og hjå helseminister Kjerkol. Ho burde ha gripe inn for lenge sidan og stoppa vidare utrulling før tilsynsrapportane var ferdige.

Marian A. Hussein (SV)
Tom BalgaardNRK

SV

Marian Hussein, nestleiar i SV og helsepolitisk talsperson.

Ho seier det er galskap å innføre Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal.

– Det handlar om pasientsikkerheit og forsvarleg helsehjelp. Når vi ser korleis Helseplattforma har utfordra pasientsikkerheita og belasta dei tilsette, så forstår eg ikkje at nokon tenker det er lurt å sette i gang same prosess i Helse Møre og Romsdal, seier ho.

Seher Aydar
Ihne Pedersen

Raudt

Seher Aydar er helsepolitisk talsperson i Raudt.

– Vi kan ikkje lenger sitje og sjå på at eit datasystem som ikkje fungerar, skal verte rulla ut til nye sjukehus som ikkje ynskjer det. Til alle feila er retta og helseplattforma fungerar godt, må helseministeren gripe inn og stanse vidare utrulling, skriv Aydar i ein e-post til NRK.

Brudd i forhandlingene om lakseskatt
Ole BergRusten / NTB

Venstre

Alfred Bjørlo er helsepolitisk talsperson i Venstre.

– Venstre meiner at all vidare innføring av Helseplattforma bør stoppast fram til dei varsla tilsynsrapportane ligg på bordet.

– Venstre meiner denne saka no er så alvorleg at Helseministeren ikkje har noko anna val enn å trekke i naudbremsa, skriv Bjørlo.

MDG massemobiliserer medlemmer og frivillige
Emilie Holtet / NTB

MDG

Arild Hermstad er partileiar i MDG.

– MDG har lenge meint at Helseministeren bør stoppe vidare utrulling av heile plattforma og det vi ser no, bekreftar at dette er det einaste forsvarlege å gjere.

Olaug Bollestad
William Jobling / NRK

Krf

Olaug Bollestad er leiar i Kristeleg folkeparti og er medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Ho seier ho lenge har vore uroa for innføringa av datasystemet og problema som har dukka opp.

– KRF meiner det er naudsynt at regjeringa avventar vidare innføring i Helse Midt-Noreg til alle avvik knytta til Helseplattforma er utbetra, skriv ho til NRK.

Irene Ojala leder av Pasientfokus.
Synnøve Sundby Fallmyr

Pasientfokus

Irene Ojala er partileiar og stortingsrepresentant for Pasientfokus.

Til NRK skriv ho at helseministeren må stoppe innføringa av Helseplattforma mellombels.

– Spørsmålet vi stiller oss er «skal vi gjere meir av det som ikkje fungerar, eller skal vi stoppe og gjere ein grundigare jobb?» Pasientfokus meiner at vi skal stoppe no – problemet skal ikkje verte spreidd til flere helseføretak, skriv Ojala.

Bjørlo i Venstre meiner at innføringa må setjast på pause til dei varsla tilsynsrapportane ligg på bordet.

Han meiner også at stortingspolitikarane må verte betre informert om kva det er som føregår.

SV meiner ein bør finne ein måte Helse Midt kan komme seg ut av kontrakten med leverandøren av systemet.

– Vi meiner det var feil å skaffe seg dette journalsystemet til å byrje med, seier Marian Hussein, nestleiar og helsepolitisk talsperson for SV.

Leiar av helsekomiteen på Stortinget, Tone Wilhelmsen Trøen frå Høgre, meiner også dei burde verte betre informert.

Likevel vil det største opposisjonspartiet ikkje svare ja eller nei på spørsmål om dei meiner utrullinga av Helseplattforma bør stoppast mellombels.

Bård Hoksrud, helsepolitisk talsperson for FRP og andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner at noko må skje politisk.

Det vert meir og meir openbert at Stortinget må gripe inn, og det burde både helseministeren og fleire parti på Stortinget snart innsjå, skriv Hoksrud til NRK.

Bård Hoksrud frp rus stortinget

– Ho burde ha gripe inn for lenge sidan og stoppa vidare utrulling før tilsynsrapportane var ferdige.

Bård Hoksrud

Helsepolitisk talsperson, Frp

Helseministeren: – Lite realistisk

Helseminister Ingvild Kjerkol seier at ho trur ei reversering av Helseplattforma er lite realistisk.

Ho peiker på at vil verte svært kostbart å no skulle velje eit anna system. Helse Midt-Noreg seier det vil koste mange milliardar kroner.

Ein overgang til eit alternativt system ville ifølge Helse Midt-Norge ta fleire år, utløyse ei betydeleg arbeidsbelasting for helsepersonell og heller ikkje kunne utelukke utfordringar for pasientsikkerheita. Dette må opposisjonen ta med seg i vurderinga.

Ho seier vidare at innføring av nye system er krevjande, og tek tid. Ingen kan garantere for at det ikkje vil skje feil.

Innføring, forsvarleg drift og det viktigaste av alt, pasientsikkerheita, ligg til Helse Midt-Noreg, til sjukehusa i regionen og til kommunane. Det er deira ansvar å vurdere kva som er forsvarleg, og det legg eg til grunn at dei gjer, avsluttar ho.

Helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Mitt spørsmål til opposisjonspartia er: Er dette milliardar vi har, og risiko vi ønsker å ta?

Ingvild Kjerkol

Helse og omsorgsminister (Ap)

Berre dagar att til innføring

Få datasystem har fått like mykje merksemd som den berykta Helseplattforma.

Det var helseminister Bent Høie frå Høgre som i 2016 gav Helse Midt-Noreg oppdraget om å starte med Helseplattforma.

Systemet, som skal gjere arbeid med pasientjournalar betre, er allereie innført ved sjukehus i Trøndelag. Om få dagar skal det etter planen kome til Møre og Romsdal også.

Datasystemet har ikkje berre påverka dei som skal jobbe med det. Det har ført til at sensitive pasientopplysningar vert lagra på post-it-lappar, at hundrevis av prøvesvar ikkje kjem fram til sjukehusa og vert til og med skulda for å ha kosta pasientar livet.

27. april skal systemet innførast ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Tre veker før hoppar to legeforeiningar av arbeidet med risikovurderinga av innføringa, fordi dei meiner å få kjeft for å vere for kritiske.

Det er venta at ikkje-akutt behandling må verte sett på vent medan dei nye sjukehusa tek systemet i bruk. I tillegg må dei låne over 100 legar og 140 sjukepleiarar for å halde hjula i gang i oppstartsperioden.

Les også Legeforeiningar trekker seg frå arbeidet med Helseplattforma

Legeforeningen mot ROS analyse Helseplattformen Igor Jokic foran akuttmottaket på Ålesund sjukehus

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, seier til NRK at han ikkje vil kommentere den politiske sida ved Helseplattforma.