Hopp til innhold

Vedtok å innføre Helseplattforma – men legar må på plass

Styret vedtok i dag å innføre Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal som planlagt 27. april. Føresetnaden er at ekstra bemanning kjem på plass.

Her innførte styret i Helse Møre og Romsdal Helseplattforma

Styret bestemte i dag at journalsystemet skal innførast som planlagt på dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal 27. april. Føresetnaden er at ekstra bemanning kjem på plass.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Det omstridde journalsystemet Helseplattforma skal etter planen innførast på dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal 27. april.; Men for å få til det trengst det omfattande hjelp frå innleigd helsepersonell.

Desse må hjelpe til å ta unna pasientbehandlinga i dei mest kritiske dagane.

I dag vedtok Helse Møre og Romsdal å innføre Helseplattforma. Men berre om dei får på plass ekstra bemanning.

I eit ekstraordinært styremøte 24. april skal det dokumenterast om dette har ordna seg.

25. april skal saka behandlast i styremøte i Helse Midt-Noreg.

Olav Lødemel orienterte i styremøte Helse Møre og Romsdal 17. april 2024

Olav Lødemel orienterte styremøtet om Helseplattforma.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Har jakta på legar

Frå før er bemanning ei stor utfordring med fire akuttsjukehus i fylket.

Administrasjonen har jobba intenst for å få på plass ekstra folk. Blant anna har dei jakta på legar frå Danmark og vikarbyrå, i tillegg til St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag.

Det er også inngått avtalar om at tilsette skal jobbe ekstra.

Helseplattforma blei innført i 2022 på St. Olavs. I etterkant er det avdekt fleire alvorlege avvik.

Manglar framleis legar

Helseføretaket gjekk først ut og sa dei trengte ca. 100 legar og 140 sjukepleiarar.

Det talet er tatt ned fordi det blant anna er sett inn ressursar på ekstra opplæring, meir support og endra arbeidsprosessar.

Dei har også fått kommunane til å hente heim ferdigbehandla pasientar for å frigjere kapasitet.

Det er behov for mellom 16–19 legar dei første fire vekene.

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Fleire tusen helsetilsette har vore på opplæring i Helseplattforma.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Garanterer for pasienttryggleiken

Olav Lødemel, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier dei skal jobbe vidare for å få på plass legane dei manglar.

Han håper alle i helseføretaket no kan jobbe saman for å lære det nye systemet. Samtidig vektlegg Lødemel at pasientryggleiken skal vere prioritet nummer éin.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det skal vere trygt å vere pasient hos oss. No håper eg at vi klarer å samle oss om dette og sette i gang.

– Så pasientryggleiken er varetatt?

– Ja, det er den no. Det kan eg garantere.

I desember valde Helse-Midt at Helseplattforma skulle bli innført i Møre og Romsdal som planlagt i april. Dette trass i at Helse Møre og Romsdal då ville utsette innføringa.

– Har de følt eit sterkt press frå Helse-Midt?

– Vi har hatt god dialog med dei sidan desember og klart å utvikle oss saman. Det har vore tydeleg at dei respekterer det som er vårt ansvarsområde.

Ingve Theodorsen og Olav Lødemel i styremøte i Helse Møre og Romsdal

Styreleiar Ingve Theodorsen og administrerande direktør Olav Lødemel under styremøtet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Viktig for vidare framdrift

Styreleiar Ingve Theodorsen meiner at dagens vedtak er viktig for den vidare framdrifta, både når det gjeld Helseplattforma, men også for å få orden på økonomien.

Når det gjeld risikoen, så er den godt dokumentert. Og dei kompenserande tiltaka som er foreslått, gjennom auka bemanning, det må vere på plass for at vi går på.

– Kor mange legar manglar de?

– Det får vi vite neste veke.

– Er det godt nok? Når ein tek eit slik vedtak?

– Dersom det skulle vise seg at bemanninga manglar neste veke, så må vi bruke nødbremsen. Men slik som situasjonen er no, så trur administrerande direktør at dette er på plass neste veke.

Les også Nær heile opposisjonen på Stortinget vil utsette Helseplattforma

Ålesund sjukehus

Fryktar for pasienttryggleiken

Mange tilsette i Helse Møre og Romsdal har lav tillit til Helseplattforma og er svært kritiske til at systemet skal innførast no.

Dei fryktar at det går utover pasienttryggleiken og enkelte fryktar at det kjem til å føre til dødsfall.

Fleire legar truar med å skifte jobb på grunn av Helseplattforma, viser er ei fersk undersøking.

Styremøte Helse møre og Romsdal 17. april 2024

Fleire tilsette i Helse Møre og Romsdal har vore uroa for innføringa av Helseplattforma.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Skuffande

Torgeir Sand Aas, styrerepresentant frå Legeforeininga, var ein av dei som meinte at innføringa burde bli utsett.

– Eg synest det er skuffande at både direktøren og styret kan akseptere ein så høg risiko som det er å innføre Helseplattforma, seier han etter at vedtaket var gjort.

Aas seier at han er mest bekymra for kapasiteten til å gi god nok helsehjelp.

– Korleis blir det dei neste månadene, det neste året, eller lenger fram i tid? Eg trur ikkje at starten blir det største problemet, sjølv om det også blir utfordrande.

Torgeir Sand Aas, styrerepresentant frå Legeforeininga og Anette Lekve frå Sjukepleiarforbundet.

Torgeir Sand Aas, styrerepresentant frå Legeforeininga og Anette Lekve frå Sjukepleiarforbundet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Anette Lekve frå Sjukepleiarforbundet seier mange tilsette føler seg utrygge, sjølv om dei har vore på kurs. Ho fryktar for totalbelastning for helsepersonellet, som allereie har høgt arbeidspress.

Etter dagens vedtak seier Lekve at ho sit igjen med svært blanda kjensler.

– Det har vore ein prosess som har halde på i så lang tid at det ei viss utmatting i organisasjonen. Sånn sett er det behov for ei avklaring. Men eg tenker at mange er skuffa og oppgitte. Og så håper og trur eg at dei tilsette skal klare å mobilisere likevel.

Les også Svært bekymret for Helseplattformen: – Folk kommer til å dø

Alexander Bergseth Borgen, lege ved spesialisering i ortopedi ved Volda sjukehus.

Høg risiko

Risikovurderinga som er gjort viser at det er høg risiko for at pasientar skal få feil eller manglande medisinering. Også innan radiologi er risikoen høg.

Der er det påvist fleire alvorlege feil i systemet. For å bøte på risikoen er svaret ekstra bemanning.

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet er kritisk til at innføringa skal skje før det har skjedd utbetringar. Dei har eit pågåande tilsyn. Det har også Statens helsetilsyn, Arbeidstilsynet, Datatilsynet og Riksrevisjonen.

Styremedlem Roger Osen har sakna eit meir balansert bilete om Helseplattforma. Han er trygga over informasjonen styret no har fått om tiltaka som er sett i verk og fordelane med systemet.

Markering mot Helseplattforma ved Molde sjukehus.

Tysdag markerte helsetilsette i Molde motstand mot innføringa av Helseplattforma.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sender folk frå USA

Siri Berg, i Helseplattforma, seier at dei har lært mykje dei siste 18 månadane og av problema ved St. Olavs.

Det skal vere lagt gode planar for innføringa ved Helse Møre og Romsdal. Det kjem også folk flygande inn frå USA for å hjelpe til på sjukehusa.

Den første tida skal 300–400 personar jobbe med innføringa av datasystemet.

– Det er eit komplekst system og vi må rekne at det blir feil, men vi må vere i stand til å handtere dei på ein god måte, seier Berg.

Siri Berg i Helseplattforma

Siri Berg i Helseplattforma har tru på at innføringa skal gå bra i Helse Møre og Romsdal. Rundt 1000 sjukehus i verda brukar løysingar frå Epic.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL