Hopp til innhold

NTP-lekkasjane: Regjeringa har lovd vekk over 170 milliardar kroner

Vegar i aust, vest, sør og nord, dobbeltspor og prosjekt frå i fjor. Men blir alt som er lova realisert? Ekspertane tvilar.

Skisse som viser E16 og Bergensbanen i fremtiden, vei og bane ved siden av hverandre
Illustrasjon: Red Ant/Statens vegvesen

Fredag klokka 12 kjem samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) med forslaget til ny Nasjonal Transportplan (NTP).

Den gjev føringar på kva som skal prioriterast innan samferdslesektoren perioden 2025–2036.

Dei siste vekene har lekkasjane sete laust. Og løfta har vore mange.

Her kan du sjå lekkasjane frå ditt fylke:

Til saman er det lovd oppstart av samferdsleprosjekt for om lag 175 milliardar kroner, viser ei kjapp oppsummering NRK har gjort. Dette inkluderer 16 ekstra milliardar til fylkesvegane som vart lovd sist veke.

Bjørne Grimsrud, direktør i Transportøkonomisk Institutt, minner om at NTP berre er eit forslag.

Det aller viktigaste er ikkje flest mogleg forslag, men at det faktisk er politisk vilje for å følgja opp prosjekta, seier Grimsrud, som tidlegare har sagt til NRK at måten me byggjer veg på i Noreg ikkje tek omsyn til klimamåla.

1. Finnmark

Samferdsleministeren har dryssa over 4 milliardar til vegar i det nordlegaste fylket.

Lovar mellom anna pengar til utbetring av rasfarlege RV. 94 inn mot Hammerfest, og strekninga Kløfta på E45 mellom Kautokeino og Alta.

I Sør-Varanger er det jubel for at E6 mellom Høybukta og Hesseng, inkludert Langfjordstrømmen bru, er inne på lista.

Sum løfte: 4,3 milliardar

Drone Kløfta utenfor Alta

Dette området utanfor Alta er mellom dei strekningane som regjeringa lover å gjera noko med.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

2. Troms

Tre store lekkasjar så langt. Regjeringa ynskjer å gjera noko med strekningane Olderdalen-Langslett og Nordkjosbotn-Hatteng.

Begge ligg på E6.

Vegstrekningane er karakterisert som flaskehalsar, og seinast i vinter vart det full stopp mellom Olderdalen og Langslett grunna militærøvinga Nordic Response.

I tillegg er det lovd pengar til forlenging av flyplasstunnelen i Tromsø.

Sum løfte: 2,7 milliardar er kjent

E6 Hatteng

E6 mellom Hatteng og Nordkjosbotn i Troms vert prioritert.

Foto: Tom Christiansen

3. Nordland

Ny E6 gjennom Sørfold skal byggjast, og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård lovar at heile prosjektet skal byggjast i eitt jafs.

E6 Sørelva-Borkamo (20 km) skal også utbetrast, lovar Nygård.

Vidare er det lovd pengar til utbetring av E10, Nappstraumen – Å, i Lofoten.

Dessutan får flyplasskrysset på E10 ved Harstad/Narvik lufthavn, Evenes, pengar.

Regjeringa lovar også fleire kryssingsspor på Ofotbanen, mellom Narvik og Riksgrensen.

Ny flyplass i både Bodø og Mo i Rana er også under bygging.

I tillegg har Stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran (Ap) lova satsing på nordnorske hamnar. Andenes (800 millionar), Røst (497 millionar) og Værøy (300 millionar) skal inn i første periode av NTP, ifølge han.

Sum løfte: Om lag 9 milliardar er kjent

Ny avsporing på Ofotbanen.

Mange avsporingar på Ofotobanen gjer at regjeringa vil prioritera fleire kryssingsspor mellom Narvik og Riksgrensen. Ofotbanen er ei strategisk viktig jernbanestrekning.

Foto: LKAB

4. Trøndelag

Her står prosjekta og løfta i kø, spesielt nord i fylket.

På E6 skal både Ulsberg-Melhus, Åsen-Steinkjer og Selli-Asp byggjast.

Vidare skal E6 mellom Grong og Nordland grense verta prioritert. Og ein lovar tunnel på rasutsette Langnesberga på E6 i Snåsa.

E14 frå Stjørdal mot Sverige er også prioritert.

Sum løfter: Ukjent

Rasrydding Langnesberga E6 i Snåsa

Ras på ras på E6 ved Snåsavatnet gjer at tunnel må på plass her, meiner regjeringa.

Foto: Tariq Alisubh

5. Møre og Romsdal

Flaskehalsen på E39 Batnfjordsøra skal vekk, og vegen skal leggjast utanom tettstaden. Det lovde i alle fall regjeringa då dei var her denne veka.

Dessutan er det lovd pengar til Veibustkrysset på E39 i Sula, og ny veg mellom Volda og Furene.

I fylket er dei langt frå nøgd, og kallar Møre og Romsdal taparen i NTP, skriv Sunnmørsposten.

Sum løfte: 3,4 milliardar

Ny vei Gjemnes. Vegen gjennom Batnfjordsøra

E39 går i dag tvers gjennom Batnfjordsøra. Men no skal vegen verta lagt utanom.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

6. Vestland

Her har det vore lovd masse dei siste vekene.

Det største prosjektet er ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle utanfor Bergen. Her er kostnadane nesten 40 milliardar.

Dessutan vil regjeringa byggja ny E39 mellom Vågsbotn og Klauvaneset (Nordhordlandstunnelen).

Vidare vil dei byggja 8 kilometer ny veg for å fjerna smal strekning på E134 i Etne.

I Sunnfjord kommune var det jubel for løfte om ny tunnel på E39 gjennom Hafstadfjellet i Førde.

Rv. 15 og vegen over Strynefjellet skal også få milliardbeløp.

I tillegg skriv Sogn Avis at tunnelprosjektet Hylland-Slæen på E16 også får 2,3 milliardar.

Samstundes ligg det an til at eit av landets største vegprosjekt, Hordfast, vert skyvd ut i tid.

Det er også usikkerhet om Bybanen til Åsane, som kanskje skal gå over Bryggen.

Sum løfte: 59 milliardar

E16 stengt ved Langhelle mars 2024.

Eit heilt vanleg syn på E16 ut av Bergen mot Voss og Oslo. No skal det endeleg komma ny veg, seier regjeringa.

Foto: Cato Heldal Kristensen

7. Rogaland

Eit koppel av statsrådar lovde denne veka milliardbeløp til E39 Smiene-Harestad. Det skal sikra samanhengande firefeltsveg mellom Sandnes til Rogfast i Bokn kommune.

Regjeringa har også lovd tunnel mellom Figgjo og Ålgård på E39, og ny bru til Eigerøy.

Vidare er det lovd pengar til utbetring av sjøvegen i fylket.

Sum løfte: 4,6 mrd.

Broen i forslag til Smiene-Harestad E39

Her er eit av forslaga som Statens vegvesen tidlegare har lansert på E39 forbi Randaberg i Stavanger. Strekninga Smiene-Harestad er inne i NTP.

Foto: Statens vegvesen

8. Agder

Mellom dei store løfta i Agder er lovnaden om gul midtstripe på RV. 9 gjennom heile Setesdal.

Her manglar 12 kilometer på eit prosjekt som skulle vera ferdig i fjor.

I Agder har det vore investert over 23 milliardar i nye vegprosjekt dei siste åra.

I fylket er det uro for kva som skjer med Sørlandsbanen.

Sum løfte: Ukjent

Rotemo rv9

Heile RV9 gjennom den lengste dalen i Noreg skal no få same standard, lovar regjeringa.

Foto: Svein Sundsdal

9. Telemark

Regjeringa lover fullfinansiering av E134 mellom Saggrenda og Elgsjø. Prosjektet er allereie nemnt i dagens NTP, men manglar pengar. Dette sikrar regjeringa no, skriv TA.

Sum løfte: 2,8 mrd.

Saggrenda bru, Kongsberg.

Heile strekninga på E134 mellom Saggrenda i Buskerud i og Elgsjø i Telemark skal no gjerast ferdig.

Foto: Kjell Wold

10. Vestfold

Her har det førebels ikkje komme nokre lekkasjar. Lokale politikarar fryktar dette betyr at Vestfoldbanen vert ofra til fordel for dobbeltspor mellom Råde og Fredrikstad i Østfold.

– Eg er skaka. Dette betyr at dei ikkje bryr seg om Vestfold, seier Morten Stordalen (Frp) i Transportkomiteen på Stortinget til NRK.

Innstilte tog på Vestfoldbanen. Porsgrunn stasjon.

Pendlarar langs Vestfoldbanen har førebels ikkje fått nokre lekkasjar frå regjeringa. I Vesfold fryktar dei det betyr at banen er nedprioritert.

Foto: Nils F. Skumsvoll

11. Buskerud

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård møtte opp på Sundvollen tysdag morgon. Der kom det nye løfter for både E16 og RV. 7.

Totalt skal det brukast over 18 milliardar i fylket, i vegpakke Buskerud: E16 Nymoen – Eggemoen, RV7 Ørgenvika – Kittilsvik, og E16 Skaret – Hønefoss.

Det har også komme løfte om ferdigstilling av E18-E134 i Lier.

Kva som skjer med Ringeriksbanen er framleis i det blå.

Sum løfte: 20,3 milliardar

Skiltprotest ved E16 i Hole

Det er ikkje berre på Vestlandet dei har landets farlegaste og verste E16. Det same er tilfellet i Buskerud. No skal det skje noko med vegen i begge fylka.

Foto: Anders Haualand

12. Oslo og Akershus

Regjeringa har lovd pengar til ny bru over Glomma, på RV22, ved Fetsund.

Onsdag føremiddag lovde regjeringa å bruka over 14 milliardar ekstra på å rusta opp jernbanen i og rundt Oslo.

Det er også løfter om å styrka både drift, vedlikehald og fornying av jernbanen i og rundt Oslo med mange milliardar.

Dessutan vil regjeringa prioritera å byggja E18 mellom Retvet og Vinterbro, skriv Smaalenenes Avis.

I Bærum er det derimot frykt for at ny E18 forbi Sandvika kan ryka.

Sum løfte: 17,9 mrd.

Jon-Ivar Nygård

Onsdag denne veka har samferdsleminister Jon-Ivar Nygård kalla inn til pressemøte på Oslo S. Erfaringsmessig betyr det noko frå NTP.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

13. Østfold

Dobbeltspor frå Råde til samferdsleministeren sin heimby, Fredrikstad, skal no inn i planen.

Totalt er det planlagt å bruka 23 milliardar på det som er kalla eit stort transportløft for mange.

Sum løfte: 25 milliardar er kjent

Østfoldbanen

Mellom Råde og Fredrikstad vert det i framtida full fart, og dobbeltspor. Det lovar Fredrikstad-mannen Jon-Ivar Nygaard, som også er samferdsleminister.

14. Innlandet

Regjeringa lover elektrifisering av Røros- og Solørbanen, som i dag vert trafikkert av dieseltog.

Ifølgje Østlendingen vil det lang tid før arbeidet kjem i gang.

Og onsdag kom nyheita om at regjeringa lovar 10 milliardar til dobbeltspor til Hamar, og for å flytta meir gods frå veg til tog på Dovrebanen.

Sum løfte: 18 milliardar

Tog

Toga langs Rørosbanen går i dag på diesel. Det vil regjeringa gjera noko med.

Foto: NRK

NAF: Kjem med løfter om dei store vegane

Pressesjef Ingunn Handegard i NAF meiner det er vanskeleg å seia om regjeringa satsar på samferdsle eller ikkje med sine lekkasjar.

– Dette kan me først kommentera når totalen kjem. Eg legg merke til at det er mange lekkasjar om store riksvegprosjekt. Me er uroa for etterslepet som er på fylkesvegane, seier ho.

Sist veke vart det kjent at regjeringa lover om lag 16 milliardar til drift og vedlikehald av fylkesvegane.

– Vil alle prosjekta dei har nemnt i NTP verta realisert?

– Det er stor skilnad mellom dei prosjekta som vert lovd i første del av NTP, og dei som er skyvd til andre del av perioden. Generelt heng prosjekta i andre del i ein tynnare tråd. Dessutan er alle prosjekt avhengig av bevillingar på statsbudsjettet. Dette er ein grunnleggande svakheit med heile måten å byggja veg på i Noreg, seier ho.