Hopp til innhold

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.

TRE MÅL: Israels talsperson David Mencer held fast ved Israels tre mål i krigen. Å knuse Hamas, få tilbake gislane og å gi tryggleik til israelarane.

Video: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
37.431
Siste uke:
165
Israel
1487
Sist oppdatert: 21.6.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Folk med kvite flagg har blitt skotne. Folk i «trygge sonar» har blitt bomba. Vi har sett styrkane dykkar drepe folk på flukt frå bombene dei siste månadane?

– Vi føler at vi er den mest humane hæren som nokosinne har eksistert, svarer Mencer, og hevdar at Israel etterforskar og granskar slike «uhell».

– Akkurat slik demokrati gjer, seier han.

NRK har møtt den nye talspersonen for Israels regjering David Mencer for eit lengre intervju.

Dette er nokre av hovudpunkta.

Sjokkert over spørsmåla frå NRK

I løpet av intervjuet går Mencer til angrep på spørsmåla fleire gonger.

NRK spør Mencer om kvifor de ikkje gir ut bevis på det påståtte kommandosenteret til Hamas under Shifa sjukehuset?

Igjen Yama. Desse spørsmåla sjokkerer oss her i Israel. Fordi vi har det. Vi har vist deg, vi har vist verdsmedia. Mange, mange journalistar har blitt førte til desse tunnelane. Vi har vist dei skotsikre dørene. Vi har sett cellene.

– Ikkje spesifikt Shifa sjukehus, svarer NRK.

Mencer blir utfordra på at det ikkje er komme bevis for at Hamas har eit treetasjes underjordisk kommando- og kontrollsenter under Shifa. Det er ein påstand Israel har brukt for å rettferdiggjere angrepa på sjukehus over heile Gazastripa.

Eg er ganske skuffa over desse spørsmåla. Og det er ikkje berre frå deg vi står overfor dette urimelege beviskravet. Vi har vist deg tunnelar, seier Mencer.

NRK forklarer at desse spørsmåla må stillast.

Eg synest det er latterleg å bli skulda for dette. Frå ein intelligent person som deg, Yama, er det latterleg. Kva meir treng du å sjå?

Det er ei latterleg rekke med spørsmål, seier han.

Rafah står for tur

I oktober fekk palestinarane på Gazastripa beskjed om å flykte sørover. Dei som kunne, reiste. Etter harde bakkekampar i nord, står no Sør-Gaza for tur.

Israel ber over ein million palestinarar førebu seg på å evakuere nordover igjen.

Les også Eit siste forsøk på forhandling før bakkeinvasjon av Rafah

Mencer fortel at Israel vil evakuere palestinarane på same måte som i oktober, ved å setje opp det han kallar for trygge sonar og tilfluktssenter.

Men historiene om sivile med kvite flagg som har blitt drepne av israelske soldatar, skremmer folk frå å legge ut på nok ei flukt.

mann med sykkel i ruinar

Ifølge FN er 85 prosent av palestinarane på Gazastripa internt fordrive frå heimane sine.

Foto: AFP

Kva skjer med Gaza etter krigen?

Etter eit halvt år med krig er store delar av Gaza heilt ubeboeleg. Dei som har evakuert nordover igjen, har komme tilbake til nabolaga sine i ruinar.

– Når Hamas er knust militært og politisk, må Gaza bli bygd opp att. Ei meir håpefull framtid må famne folket, seier Mencer.

– Vi må gjere det same som i Tyskland i 1945, der dei allierte storsinna bygde opp att Tyskland, som blei øydelagd av dei allierte. Og vi må avradikalisere.

– Skal Israel bygge opp att Gaza?

– Vi ville ikkje ha denne krigen og vi bad ikkje om han, seier Mencer.

– Det ville ikkje dei allierte heller, men dei hjelpte til med å bygge opp att Tyskland. Bombinga dykkar har ført til skadar i Gaza verd 18.2 milliardar dollar. Vil Israel betale for oppbygginga?

– Ingenting vil gjere Israel gladare enn å ha fredelege naboar i Gaza, som er velståande. Eit Gaza som kan gi ei betre framtid for barna, som ikkje er radikaliserte, og som ikkje fører krig og sender rakettar mot oss.

sjukehus i ruiner

Gazas største sjukehus, al-Shifa, ligg i ruinar etter at Israel gjekk inn med styrkar 8. april.

Foto: AFP

Når Mencer på nytt får spørsmålet om Israel ønsker å betale for å bygge opp att Gaza, avbryt han spørsmålet og slår fast at «fred er viktig for oss», men at han ikkje kan svare på spørsmålet.

Ifølge FN kan det ta 14 år å rydde landstripa, som viser til at det ligg om lag 37 millionar tonn vrakrestar og ammunisjon som ikkje har eksplodert, i tett befolka område.

Drepne Hamas-soldatar

Mencer hevdar at Hamas har 24 bataljonar på Gazastripa, og at Det israelske forsvaret i løpet av krigen har øydelagd 18 eller 19 av dei. Fire av dei som står att, skal vere i Rafah.

– De seier at de har øydelagd 18 bataljonar. Har de bevis?

– Vi veit kor mange Islamsk Jihad- og Hamas-terroristar vi har drepe. Vi har drepe 13.000 terroristar.

– Vi har aldri sett bevis på dette.

– Eg er talsperson for denne regjeringa og det israelske folket, og fortel deg her og no at vi har drepe 13.000 væpna terroristar, konstaterer Mencer.

david mencer

David Mencer er talsperson for Israelsk regjering.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Vi har følgt gullstandarden når vi har målretta krigen mot terroristar, og fått sivile unna farlege område, seier Mencer.

Ifølge Mencer har israelske soldatar rekna ut dette talet ved å telje alle som har skote mot dei. Det same talet, 13.000, gav tidlegare talsperson for den israelske regjeringa, Eyvon Levy, også 29. februar.

Talet på drepne totalt

Dei Hamas-kontrollerte helsemyndigheitene på Gazastripa har publisert lister over drepne palestinarar med både namn og ID-nummer. Fredag er talet på drepne palestinarar i krigen 34.356.

I tidlegare krigar har dei palestinske helsemyndigheitene levert nærmast identiske tal på drepne som det Israel har. Men Israel meiner at talet ikkje er truverdig i denne krigen, i motsetning til FN.

På spørsmål om dette, spør Mencer retorisk tilbake om ein ville tatt tal frå Den islamske stat (IS) for god fisk.

På spørsmål om kva som ligg bak Israels eigne berekningar om at dei har drepe 13.000 stridande på palestinsk side, svarer Mencer:

– Dette er tal som forsvaret har gitt oss, i eit demokratisk land med kontrollar og granskingar. Med vestlege verdiar, som Noreg har, eller bør ha.

kvinne og mann ser ned på likposar på bakken

Over 34.000 palestinarar er drepne i løpet av krigen, ifølge palestinske helsemyndigheiter. Talet skil ikkje mellom sivile og stridande.

Foto: Doaa Rouqa / Reuters

– Kritikarar seier de utfører folkemord i krigen, ifølge FN-ekspertar. Israel må svare for seg i Den internasjonale straffedomstolen, som seier at det er plausibel grunn til å tru at folkemord blir utført i Gaza. EU seier at svolt blir brukt som eit våpen mot 2,2 millionar palestinarar. Dette høyrest ikkje ut som ein gullstandard?

– Det er mykje i dette spørsmålet. Eit folkemord blei utført mot mitt folk, vilkårlege drap. Vi, det jødiske folk, kjenner igjen vondskap når vi ser det, svarer Mencer.

Mencer seier vidare at han er sjokkert over Sør-Afrikas skuldingar om at Israel utfører folkemord i Gaza.

Vi er klare på at dette er ein forferdeleg og farleg krig. Vi har mista 606 soldatar i krigen, men landet står saman. Vi vil lukkast, for vi har ingen andre stader å gå. Det finst ingen andre jødiske statar.

Naledi Pandor på talarstol

Ifølge Sør-Afrikas utanriksminister Naledi Pandor, vil sørafrikanarar som kjempar på Israels side i krigen, bli arresterte når dei vender heim att.

Foto: Esa Alexander / Reuters

UNRWA og Hamas?

Israel påstår at 450 tilsette i UNRWA er tilknytt terrorverksemd, og at 12 av dei var direkte involverte i terrorangrepet 7. oktober.

Det førte til at fleire donorland stansa den økonomiske støtta til organisasjonen.

– No har dei fleste tatt opp att støtta. Til og med Tyskland. Ingen trur på bevisa dykkar.

– Det gjer oss opprørte, for å vere ærleg. Vi har lagt fram fleire bevis på forholdet mellom UNRWA og Hamas, seier Mencer.

israelske soldatar utanfor røyklagt UNRWA-hovudkvarter

Israelske soldatar utanfor UNRWAs hovudkvarter på Gazastripa i februar.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Men ifølge ein uavhengig granskingsrapport finst det ikkje bevis på at UNRWA-tilsette er kopla til terrorverksemd.

Dei fleste donorlanda har derfor tatt opp att støtta til UNRWA, som står for 80 prosent av naudhjelpa som kjem inn på Gazastripa.

I intervjuet, som du finn øvst i artikkelen, kan du høyre svaret på kvifor Israel har angripe sjukehus, Israels syn på FN, kvifor Israel ikkje følger Tryggingsrådet krav om våpenkvile og kvifor Israel ikkje lar internasjonal presse komme inn på Gazastripa.

SISTE NYTT

Siste nytt