I mange år hadde NRK monopol på all kringkasting i Noreg. I dag når konkurransen om folk si merksemd er knallhard nyttar framleis ni av ti eit eller fleire av NRK sine tilbod i løpet av ein vanleg dag.
Kringkasting – som betydde radio dei første tiåra – kom som det nye massemediet til Noreg på 1920-talet.
Oppdaginga av at ein kunne sende av garde lydbølgjer over lange avstandar og fange dei opp igjen med ein spesiell mottakar, ein radio, gjorde at radioselskap raskt vart etablert verda over.
Før radiomediet vart oppdaga og teke i bruk først på 1900-talet var det ingen rask måte å kommunisere til ei stor gruppe menneske. Det fanst aviser, og telegraf hadde ein hatt ei stund, men radiomediet var det første effektive massemediet.
Norsk Rikskringkasting vert oppretta i 1933
I Noreg fekk vi dei første private radiokanalane på 1920-talet, men i 1933 bestemde Stortinget at all norsk kringkasting skulle samlast i eit statleg eigd selskap som fekk monopol.
Det betydde at frå 1933 og fram til byrjinga av 1980-talet var det berre NRK som dreiv kringkasting i Noreg. Radio frå 1933 og fjernsyn i ordinær drift frå 1960.
Den eine radiokanalen har vorte til femten kanalar, tre TV-kanalar har kome til og NRK-innhaldet kan du i dag tileigne deg på ei heil rekkje plattformer.
Snart hundre år etter starten er NRK eller Norsk Rikskringkasting framleis eit førsteval. Nær ni av ti nyttar seg av eit eller fleire NRK-tilbod dagleg.
Radioen kjem
Då radioen kom til Noreg var han eit nytt medium som for første gong gjorde det mogleg å nå ein heil nasjon med ein bodskap på direkten.
I løpet av nokre år fekk vi fleire private kringkastingsselskap i Noreg. Men i Noreg som i nabolanda våre vart det å drive kringkasting snart definert som ei offentleg oppgåve.
Vi fekk eit statleg kringkastingsselskap som til og med fekk monopol på alt som hadde med radio og seinare TV å gjere. Slik var det i nærare femti år.
Så kom fjernsynet
I 1954 vart det starta prøvesendingar med fjernsyn, og i 1960 var det klart for ordinære TV-sendingar.
60 ÅR MED FJERNSYN: Den 20. august 2020 er det 60 år sidan fjernsynet her til lands vart offisielt opna. Det vart høgtideleg opna av kong Olav.
Monopoltida over
Rundt 1980 vart det både vanskeleg reint teknisk å behalde eit kringkastingsmonopol, og også politisk kom det ønskjer om at andre enn NRK skulle få drive med radio og TV.
Derfor fekk vi først på 1980-talet både lokale radio- og TV-stasjonar, og både frå utlandet og innanlands vart det snart fleire radio- og TV-alternativ til NRK.
Det betydde også ei stor omstilling for NRK. Før hadde ikkje publikum noko alternativ til NRK sitt tilbod, no vart NRK eit av mange val.
Det betydde at NRK også måtte justere tilbodet sitt i takt med den nye medieverda.
I 1984 kom radiokanal nummer to, i 1993 fekk vi trekanalradioen og i dag har NRK femten radiokanalar.
I 1996 fekk NRK sin andre TV-kanal og i 2007 den tredje slik at NRK i dag tilbyr tre kanalar. Den tredje TV-kanalen er på dagtid ein barnekanal, NRK Super og ein ungdomskanal på kveld- og nattestid som NRK3.
I 1995 la NRK ut sine første internettsider. I dag er nrk.no landet sin nest største nettstad.
I dag vert NRK-innhaldet tilbode på ei rekkje plattformer. Smarttelefonen vert meir brukt. Her får du både vite kva som har skjedd, følgje seriar, høyre podkast, sjekke vêret og laste ned og ta del i det du vil frå NRK sin breie innhaldspakke.
Jens Haftorn minnest den gong han jobba med spolebåndopptagere i NRK. Historiegruppa i NRK har teke vare på mykje teknisk utstyr. No har Teknisk Museum teke over 1300 av gjenstandane.
NRK-monopolet vert brote
Medan det i monopoltida var det som vart sendt som bestemte kva folk fekk høyre eller sjå på NRK, kan publikum i dag velje å sjå eller høyre akkurat kva dei sjølv ønskjer, når dei ønskjer. Via telefon, nett, kabel eller satellittar kan folk velje mellom eit breitt innhaldstilbod.
Globale aktørar er like lett tilgjengelege som norske innhaldsleverandørar. Derfor slår også NRK fast i langtidsstrategien sin at å levere «i verdsklasse» er naudsynt for framleis å vere nordmenn sitt førsteval for medieinnhald.
Og slik er det framleis. NRK1 er Noregs største TV-kanal og NRK P1 Noregs største radiokanal og nrk.no Noregs nest største nettstad.
Nær ni av ti nyttar eit eller fleire NRK-tilbod ein vanleg dag.
NRK sitt breie medietilbod
NRK sitt breie medietilbod kan du i dag nytte deg gjennom ei rekkje tenester og plattformer.
Mobilen vert stadig flittigare brukt for å tileigne seg også NRK sitt innhald. Teknologisk utvikling og medievanar som endrar seg raskare enn nokosinne gir og NRK nye utfordringar.
Derfor vert det nytta mykje tid og ressursar på å tilby alt det gode NRK-innhaldet på dei plattformene som folk er på og nyttar. Om det er via eit tradisjonelt fjernsynsapparat, via Snapchat, YouTube, mobilen eller bilradioen.
Via mobilen kan du følgje med på nyheiter og alt anna på nrk.no, sjå alle NRK sine tv-program og høyre alle NRK sine radioprogram. Ei rekkje NRK-appar gjer det lettare å nytte seg av NRK sitt tilbod.
I 1960 starta NRK med TV-sendingane sine. Men likevel det tok fleire år før heile Noreg kunne ta del i fjernsynseventyret. 16. desember 1964 hadde Dagsrevyen dette innslaget om at fjernsynet kom til Nord-Noreg.
Meir NRK-historie:
- Vegen til Norsk rikskringkasting
- Livsfrisk 80-åring
- Fjernsynet kjem til Nord-Noreg
- Femti år med fjernsyn
- Åtti år med NRK
- Telemarkssendinga 40 år
NRK fekk det første distriktskontoret sitt allereie i 1934 – i Finnmark.
Offentleg eigd allmennkringkastar
NRK er eit statleg aksjeselskap der Kulturdepartementet er generalforsamlinga til selskapet og bestemmer over NRK ved å utnemne styret i selskapet.
Det er Stortinget som set rammene og legg føringane for NRK sitt oppdrag. NRK sitt samfunnsoppdrag er definert både gjennom NRK-plakaten, vedtekter for NRK og ei kringkastingslov.
Finansiert gjennom eigen NRK-skatt
Til og med 2019 har NRK vorte finansiert gjennom ei eiga kringkastingsavgift eller lisens som har vore knytt til det å eige eit fjernsynsapparat.
I ei tid der NRK-innhaldet vert tilbode på ei rekkje ulike plattformer, har det gått ut litt på dato å føre vidare ei slik apparatavgift.
Frå og med 2020 vil NRK derfor finansierast over statsbudsjettet og lisensen vert erstatta av ein eigen NRK-skatt. Det betyr at alle som har ei viss inntekt må vere med på å betale for NRK over skattesetelen.
I praksis vil ein vanleg husstand betale om lag det same i NRK-skatt som dei før betalte i kringkastingsavgift, men avgifta vil ikkje lenger vere knytt til det å eige eit fjernsynsapparat.
Og totalt sett vil framleis så å seie alle NRK sine inntekter (rundt 95 prosent) kome frå denne spesifikke skatten slik det også har vore tidlegare.
NRKs totale inntekter har dei siste åra vore på rundt seks milliardar kroner.
NRK har i 2019 rundt 3400 medarbeidarar fordelte på rundt 50 kontor rundt om i Noreg.
Video-glimt frå NRK-historia:
Opning av radioens Program 2 – P2 – 1984
NRK Tyholt blir tekne i bruk – innslag i Dagsrevyen
P2-en i radioen offisiell opning 1984
I starten var fjernsynet berre svart-kvitt-bilete. I 1972 kom fargefjernsynet. Jon Skolmen t v og Trond Kirkvaag markerer her overgangen til fargefjernsyn.
Foto: NRK