Hopp til innhold

Kort tid etter at NRK-sjefen poserte med det sjeldne instrumentet, var det vekke

Rundt 25 år etter ringde han som hadde laga den «skreddarsydde» gitaren med ei utruleg nyheit.

Einar Førde og Toralf Lunde i festleg lag i Trøndelag.

Toralf Lund (fremst i bildet) saman med bandmedlemmane i Rulles danseband og tidlegare kringkastingssjef og nestleiar i Ap, Einar Førde (med gitar)

Foto: Privat

På midten av 90-talet fekk musikaren Toralf Lund seg ein gitar som var spesialbygd til han. Gitaren sat som støypt i armane hans, og laud slik han ville.

Det var Stakset guitars i Steinkjer som hadde laga gitaren. Det vart berre laga rundt 200 gitarar ved verkstaden, og Toralf Lund vart ein av dei som fekk ein slik til odel og eige.

Men han fekk berre brukt han på nokon få spelejobbar.

Sist gong var på eit oppdrag saman med Rulles danseband på personalfest ved NRK i Steinkjer på midten av nittitalet.

Dåverande kringkastingssjef Einar Førde var og til stades på festen, og poserte smilande med Stakset-gitaren til Lund saman med han og resten av bandet.

Les og Det er éin spesiell sak Tore Strømøy aldri har klart å gløyme

Tore Strømøy

Tjuvar i mørket

Dagen etter festen låste Lund inn Stakset-gitaren og dei andre instrumenta i bilen sin, ein Saab han hadde kjøpt for ein billeg penge. Bilen låste dei inn i garasjen hans i Levanger.

– Eg trur at det var nokon lokale heltar som var på besøk i garasjen min den helga, seier Toralf Lund.

For på eit tidspunkt mellom den fuktige kvelden ved NRK sitt gamle hovudkontor i Nord-Trøndelag, og då Lund skulle på jobb igjen måndagen etter, skal nokon ha brote opp låsen til garasjen hans, kome seg inn i «Saaben», fått start på bilen og rulla i veg med instrumenta til Rulles danseband.

Bilturen enda med eit kraftig smell nokre mil lengre sør i fylket.

Som å miste ein del av seg sjølv

Lund fann seinare att «Saaben» sin som låg hardt skadd nede i ei skråning mellom Ekne og Rognan, eit par mil sør for heimen hans i Levanger. Bilen måtte vrakast, og skal ha vore tømt for alt av verdi då han fann han.

– Det må ha vore nokon som visste at det var litt forskjellige ting av verdi i den bilen, antar eg, for bilen var ikkje verdt noko særleg.

Gitaren som vart stelt betydde mykje for Lund. Han beskriv det å miste han slik.

Det var som å miste ein del av seg sjølv, seier han.

Fekk du med deg denne? Fann sjølvlysande mat i skapet til «svigers»

Selvlysende fiskepudding

Etterlyste gitaren

Lund etterlyste gitaren i aviser både i Trøndelag og på Austlandet. Han varsla også fleire personar i musikkmiljøet.

– Eg har ofte høyrt om stolne instrument, men sjeldan om folk som får dei tilbake, seier Lund.

I fleire tiår trudde han at gitaren var tapt for han for alltid.

Men på nyåret i år, rundt 25 år etter at gitaren forsvann, ringde mannen som hadde bygd gitaren til Lund.

Gitarmakaren Edgar Stakset jr. hadde blitt kontakta om ei mogleg taksering av ein av dei rundt 200 gitarane han hadde laga på nittitalet.

Då Stakset jr. bad om eit bilete, kjende han straks igjen Lund sin gamle gitar.

Etter å ha opplyst personen om at det var tjuvegods, ringde han til Lund med den fantastiske beskjeden.

NRK har vore i kontakt Stakset jr. som bekreftar dette.

– Eg feira med ein is, og var så oppspilt at eg song i bilen på veg heim. Det gjer eg aldri, fortalde Lund lykkeleg til Nea radio som omtalte historia om gitaren hans først.

Toralf Lund med gitaren.

Toralf Lund held gitaren sin igjen for første gong på fleire tiår under overleveringa.

Foto: Privat

– Eit hyggjeleg gjensyn

Etter to tidlegare forsøk på å krysse Dovre og møte personen som hjelpte familien til avdøde med overleveringa, fekk Toralf Lund endeleg tilbake instrumentet sitt for litt over ei veke sidan.

– Det var eit hyggjeleg gjensyn. Det er utruleg at gitaren dukka opp sånn. Eg måtte snu meg fleire gonger når eg køyrde heimover for å vere sikker på at den faktisk låg der, seier Lund.

NRK har snakka med ein av sønene til den avdøde mannen, som altså var den siste som hadde gitaren før den kom tilbake til Lund.

Sonen fortel at han skal ha sett gitaren på veggen heime hos faren for første gong tidleg på 2000-talet.

Han veit ikkje kven som hadde gitaren i åra mellom då gitaren vart stolen frå Lund og første gong han såg han heime hos faren.

Familien fann først ut at gitaren var tjuvegods då dei ringde til Stakset jr. for å spørje han om instrumentet.

Familien ønskjer å vere anonyme, men er glade for at gitaren har kome tilbake til Lund etter alle desse åra.

Hallais!

Veit du noko om denne saka som NRK burde vite, eller har du eit anna tips til meg? 

Send meg gjerne ein epost.

På konsert igjen – fire tiår etterpå

Laurdag kveld spelte Lund igjen konsert med gitaren for første gong sidan midten av nittitalet. Mykje har forandra seg sidan Lund poserte saman med gitaren og Einar Førde på ein personalfest i Steinkjer for rundt 25 år sidan.

– Men gitaren var like pen og god å spele på som førre gong. Det var kjempe, seier Lund om laurdagens konsert.

Gitaren kom tilfeldigvis til rette omtrent samtidig som Lund gav ut eit album med namnet «Reisen», fortel han entusiastisk.

Eg kan berre førestille meg reisa gitaren min har vore på, seier han med eit smil.

For sjølv om både Lund og gitaren har blitt eldre, er det framleis musikk igjen i begge to – og han lovar at gitaren skal få rikeleg med speletid på neste album.

Toralf Lund saman med gitaren sin på konsert for først gong på 25 år.

Toralf Lund saman med gitaren sin på konsert for først gong på 25 år.

Foto: Privat