Sjå:
Slik er NRK styrt
Kringkastingssjefen er øvste sjef i NRK. Det er NRKs styre som tilset kringkastingssjefen. Styret er oppnemnt av generalforsamlinga/eigaren, den norske stat ved Kulturdepartementet. Vibeke Fürst Haugen er noverande kringkastingssjef.
Ni divisjonar
NRK er inndelt i ni divisjonar:
- Distriktsdivisjonen.
- Innhaldsdivisjonen Oslo
- Nyheitsdivisjonen.
- NRK Sápmi.
- Strategi- og mediedivisjonen.
- Teknologi- og produktdivisjonen.
- Økonomidivisjonen.
- Organisasjonsdivisjonen.
- Juridisk- og stabsdivisjonen.
Kringkastarmodellen
Internt er NRK organisert etter ein kringkastarmodell. Det er ein samarbeidsmodell med ei definert rolledeling mellom Strategi- og mediedivisjonen og dei innhaldsproduserande divisjonane.
Strategi- og mediedivisjonen har ansvaret for å utvikle strategien i NRK, bestille innhald og publisere innhaldet på alle NRKs kanalar, flatar og digitale produkt.
Strategi- og mediedivisjonen
Strategi- og mediedivisjonen har ansvaret for heilskapen i NRKs innhaldstilbod.
Divisjonen bestiller innhald til NRKs kanalar og plattformer frå innhaldsleverandørar både internt og eksternt. Dette skjer i tett dialog med dei innhaldsproduserande miljøa, basert på felles strategi og retning.
Den samla innhaldsporteføljen skal sikre at NRK svarer på allmennkringkastaroppdraget, oppnår tilstrekkeleg oppslutning blant publikum og varetek NRKs omdømme.
Divisjonen har og ansvar for medieanalysar, marknads- og kommunikasjonsaktivitetar og innkjøp av rettar.
Jørgen Heid (f. 1978) er direktør i Strategi- og mediedivisjonen. Heid har brei erfaring frå fleire område i NRK, både frå produksjon og som strategisjef i NRK.
Nyheitsdivisjonen
Nyheiter er skilt ut som ein eigen divisjon i NRK. Nyheitseinnhald, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt er ei stor og viktig oppgåve for NRK.
Dagsrevyen er Noregs fremste program for TV-nyheiter, Dagsnytt det same for radio-nyhende og nrk.no er Noregs neste største nyheitsnettside.
Helje Solberg (f 1967) er nyheitsdirektør i NRK. Ho har lang presseerfaring, og kom til NRK etter mange år i VG. Sist som administrerande direktør og redaktør i VGTV.
Innhaldsdivisjonen Oslo
Innhaldsdivisjonen Oslo er ei samanslåing av den tidlegare Marienlystdivisjonen og produksjonsavdelinga i Teknologidivisjonen.
– Dette er ein unik moglegheit til å skape eit slagkraftig produksjonsmiljø. Noko som vil hjelpe NRK med å nå sine mål i møte med tøff konkurranse og endringar i brukarvanar, sa Camilla Bjørn da ho vart tilsett som direktør.
Camilla Bjørn (f 1983) har tidlegare vore sjef for NRK sitt tilbod til dei unge, P3. Før det var ho mange i år i VG kor ho byrja som journalist og etter kvart hadde fleire ulike stillingar.
Sjå: Camilla Bjørn blir ny programdirektør i NRK
Distriktsdivisjonen
Distriktsdivisjonen er den tredje store programskapande divisjonen.
Distriktsdivisjonen er organisert i fire regionar og 13 distriktskontor:
- Region nord (Nordland, Troms og Finnmark): Regionredaktør Nina Einem.
- Region midt (Innlandet, Trøndelag, Møre og Romsdal): Regionredaktør Eivind Undrum Jacobsen.
- Region vest (Vestland, Rogaland): Regionredaktør Rune Møklebust.
- Region søraust (Sørlandet, Vestfold og Telemark, Buskerud, Stor-Oslo, Østfold): Regionredaktør Heidi Pleym.
NRKs distriktskontor
- NRK Finnmark
- NRK Troms
- NRK Nordland
- NRK Trøndelag
- NRK Møre og Romsdal
- NRK Vestland
- NRK Rogaland
- NRK Sørlandet
- NRK Vestfold og Telemark
- NRK Buskerud
- NRK Stor-Oslo
- NRK Østfold
- NRK Innlandet
NRK har bygd opp ein særs desentralisert organisasjon og dei til 900 medarbeidarane i Distriktsdivisjonen finn du rundt om på om lag 50 kontor, store som små, i vidstrekte Noreg.
Distriktskontora speglar Noreg både til kvardags, fest og når det skjer triste hendingar.
Kvar einaste dag produserer distriktskontora innhald både for lokale sendingar og nettilbod frå heile landet til heile landet. Det er Distriktsdivisjonen sitt oppdrag og mål.
Marius Lillelien (f 1965) er distriktsdirektør. Han har lang røynsle i NRK kor han har vore både musikk- og radiosjef og fungert som mediedirektør.
Samisk divisjon
NRK Sápmi har ansvar for å lage eit breitt samisk innhald, har om lag 90 medarbeidarar og hovudkontor i Karasjok.
NRK Sápmi er samstundes den største samiske medieinstitusjonen i Norden. NRK samarbeider tett med allmennkringkastarane både i Finland og Sverige om å lage samisk innhald.
Ved sidan av hovudkontoret i Karasjok har NRK Sápmi lokalkontor Tana, Kautokeino, Kåfjord, Tromsø, Harstad, Snåsa, Tysfjord og Oslo.
Det meste av det samiske programtilbodet blir presentert på nordsamisk, men NRK Sápmi har og tilbod på lule- og sørsamisk forutan på norsk.
Johan Ailo Kalstad (f 1978) er direktør for NRK Sápmi.
Kalstad kom til Sápmi i 2021 frå stilling som direktør ved Sámi allaskuvla, Samisk høgskole, kor han sjølv har teke journalistutdanning. Han er og siviløkonom frå Noregs handelshøgskole og har jobba hos Geelmuyden Kiese, Statkraft og også tidlegare i NRK Sápmi.
Organisasjonsdivisjonen
Organisasjonsdivisjonen har ansvar for rekruttering, kompetanse, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, arbeidsmiljø, HMS og personal.
Olav Hypher (f 1974)er direktør for Organisasjonsdivisjonen. Han kom til NRK etter ti år i ulike leiarstillingar i Statkraft, sist som HR-direktør.
Teknologi- og produktdivisjonen
Teknologi- og produktdivisjonen gjer NRK sitt innhald levande og tilgjengeleg for publikum gjennom innhaldsproduksjon, produktutvikling og distribusjon. Dei bidreg slik at NRK skal vere eit moderne mediehus med godt fungerande system og prosessar.
Pål Nedregotten (f 1968) er direktør. Han kjem frå mediehuset Amedia kor han har hatt mange ulike oppgåver – sist som konserndirektør for data og teknologi.
Økonomidivisjonen
Styring av strategisk verksemd, konserinnkjøp, mediestøtte og konsernøkonomi samt å tene dei andre divisjonane er oppgåver for Økonomidivisjonen.
Andreas Norvik (f 1969) er direktør. Han kom til NRK i 2017 frå same type stilling ved Den Norske Opera og Ballett. Han er siviløkonom (1995) frå Handelshøyskolen BI.
Juridisk- og stabsdivisjonen
Juridiske spørsmål, tryggleik og beredskap samt internasjonal kontakt er hovudoppgåver for divisjonen. Her finn ein og staben til kringkastingssjefen, etikkredaktøren og sekretæren for Kringkastingsrådet og TV-aksjonen i NRK.
Olav Nyhus (f 1961) er direktør. Han er utdanna jurist med presseetikk som spesialitet.
NRK Noreg rundt
NRK har rundt 3300 tilsette. Gjennomsnittsalderen er cirka 47 år, nokre prosent færre kvinner enn menn.
NRK har som mål at éin av tre nyrekrutterte i faste stillingar skal ha fleirkulturell kompetanse.
Drygt 2000 har Marienlyst som tenestestad, rundt 1200 er å finne på rundt 50 store og små NRK-kontor landet rundt.
Hovudkontoret til NRK ligg på Marienlyst i Oslo. NRK Sápmi finn vi i Karasjok, Publikumsservice i Mo i Rana. I Tromsø, Trondheim og Bergen finn vi store regionkontor, NRK har 10 distriktskontor og mindre lokalkontor rundt om.
Sjå: NRK Noreg rundt