Slik er NRK organisert

NRKs organisasjon  (Foto: Nadia Frantsen)

NRK er ein stor bedrift med ein omfattande verksemd. NRK finn du landet rundt. NRK har om lag 3 500 ansatte og vel fire milliardar i omsetnad. Her kan du lese korleis NRK er organisert.

NRK er inndelt i fem divisjonar. Denne organiseringa tredde i kraft 1. mars 2009. Tilhøvet mellom divisjonane er slik:

• Marienlystdivisjonen - produserer program

• Distriktsdivisjonen - produserer program

• Sami Radio - produserer program

• NRK Kringkasting – gir produksjonsoppdrag

• Teknologidivisjonen - tener dei andre divisjonane

Kringkastingssjefen er øvste sjef i NRK. Hans-Tore Bjerkaas er noverande kringkastingssjef.

Direkte under han ligg dei fire sentrale stabane. Dei tener heile organisasjonen.

Administrasjon og finans er leia av Ole André Hansen, og inkluderer dokumentarkivet, service og sikkerheitstenester, økonomi og regnskap.

Juridisk avdeling er leia av Olav Nyhus.

Sigurd Sandvin er kommunikasjonsdirektør og leiar for Informasjonsavdelinga. Avdelinga har ansvar for informasjon om NRK internt og eksternt. Publikumsservice inngår i avdelinga.

Solveig Jølstad er organisasjonsdirektør. Organisasjonsavdelinga har ansvar for å utvikle strategiar og tiltak innanfor personal- og organisasjonsarbeidet for heile NRK.


Organisasjonsstruktur




Detaljert organisasjonskart





Kringkastarmodellen

I 2000 blei NRK Kringkasting skilt ut som programsettande divisjon. Det betyr at divisjonen bestiller program frå dei programproduserande divisjonane i NRK og frå eksterne produsentar. Divisjonsinndelinga i Kringkastingsmodellen, inneber ei kunde- og leverandørinndeling internt i organisasjonen, der NRK Kringkasting er kunden. Det er NRK Kringkasting som gir produksjonsoppdrag og som sett budsjett-rammene for kvar produksjon.


NRK Kringkasting

NRK Kringkasting har ansvaret for NRKs program-, publiserings-, investerings-, og teknologistrategi.

Det er NRKs programsettande divisjon. Det vil seie at denne divisjonen bestiller program frå dei programproduserande divisjonane i NRK og frå eksterne produsentar. I NRK Kringkasting finn du kanalsjefane for radio, fjernsyn og nye medium.

Her finn du og NRK Analyse, forskingsavdelinga i NRK.
NRK Kringkasting har ansvar for utvikling, distribusjon, marknadsføring, programomtale og NRKs rettar.

Avdelingar i NRK Kringkaster

Tv-kringkastar: Arne Helsingen er tv-sjef. TV-kringkastar har ansvar for programsetting av tv-kanalane til NRK.
Radiokringkastar: Marius Lillelien er radiosjef. Radiokringkastar har ansvar for programsetting av dei ni radiokanalane til NRK. Kanalane har eigne kanalsjefar.
Sindre Østgård er sjef for Nye medium.

Annika Biørnstad (Foto: Nadia Frantsen)
Mediedirektør NRK Kringkasting
Annika Biørnstad (født 1957) er direktør for NRK Kringkasting. Ho har studert førsteavdeling jus, og gått medielinja ved Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd i NRK sidan 1981, då starta ho som redaksjonsassistent i Dagsrevyen. Sidan har ho arbeidd som produksjonsassistent, script, produksjonsleiar, producer, prosjektleiar, redaksjonssjef og sist som fjernsynssjef.

NRK Marienlystdivisjonen

NRK Marienlystdivisjonen er ein programproduserande divisjon i NRK.

Divisjonen består av åtte avdelingar med ansvar for produksjon til alle plattformer innanfor fagfelta sine. Redaksjonane er inndelte i fleire prosjekt som vert leia av ein prosjektleiar, og som leverer innhald innanfor eit avgrensa område av redaksjonens fagfelt.

I Nyheiter og Sport er det redaksjonsleiarar og vaktsjefar som rapporterer sine område til redaksjonssjefane, mens Produksjonsavdelinga er inndelt i seksjonar og grupper etter dei ulike fagområda.

Avdelingar:

  • Barn
  • Dokumentar og samfunn
  • Kultur
  • Nyheiter
  • Produksjon
  • Sport
  • Underhaldning
  • Ung


Direktør i Marienlystdivisjonen

Per Arne Kalbakk (Foto: Nadia Frantsen)

Per Arne Kalbakk har lang erfaring fra NRK – som blant anna programsjef i den dåverande Faktaavdelinga, nyheitssjef og distriktsredaktør i Østlandssendinga. Etter i overkant av eitt år i Dagbladet vende han tilbake til NRK i 2008.

NRK Distriktsdivisjonen

Distriktsdivisjonen ein programproduserande divisjon i NRK. Distriktsdivisjonen består mellom anna av 12 distriktskontor spreidd ut over heile landet, frå Finnmark i nord til Kristiansand i sør. Kvar einaste dag produserer distriktskontora nesten sju timar lokalradio på P1, to daglege, lokale nyheitssendingar på TV og lokale nyheitssider på nett.

Distriktskontora lager også også program som vert sendt på riksdekkande radio eller tv.

Distriktsdivisjonen har også ansvaret for innhaldet i radiokanalane P3 og MP3.

Dei store regionkontora i Troms/Finnmark, Hordaland og Trøndelag har i tillegg ansvar for omfattande, dagleg produksjon av program som femner heile landet,.

Distriktsdivisjonens overordna målsetting er å lage nyheiter og program frå heile landet – til heile landet. Divisjonen har hovedsete på Tyholt i Trondheim.

Direktøren

Grethe Gynnild-Johnsen (Foto: Anne Liv Ekroll)

Grethe Gynnild-Johnsen har arbeidd i NRK sidan 1993, dei siste ti årene som leiar. Ho har blant anna vore sportsredaktør. I 2004 blei ho redaktør for TV-nyheitene og var seinare nyheitsjef for den samanslåtte avdelinga av nyheiter i radio, TV og på nett.

NRK Sámi Radio

NRK Sàmi Radio er den største samiske medieinstitusjonen i Norden. Hovudkontoret ligg i Karasjok, med lokalkontor i Oslo, Kautokeino, Kåfjord, Skånland, Snåsa, Tana, Tromsø og Tysfjord. NRK Sami Radio er ein fleirmedial divisjon, og presenterer dagleg nyheiter i radio, fjernsyn, internett og Tekst-TV.

Sàmi Radio er som eit mini-NRK med både kringkastar (bestillar) og programproduserande avdelingar innanfor divisjonen.

Avdelingar

• Nyheits- og aktualitetsredaksjonen
• Prosjektredaksjon
• Stab

Mål
NRK skal sikre eit breidt tilbod av programm og tenester som styrkar samisk språk, kultur og identitet. I vedtektene til NRK heiter det mellom anna at NRKs riksdekkande programtilbod i både radio og fjernsyn minst skal innehalde:

• Daglege sendingar for den samiske befolkning.
• Jamnlege programmer for barn og unge på samisk.

NRK Sámi Radio skal gjennom programverksemda medverke til at alle samar kan og vil vere samar, og at resten av befolkninga får auka kunnskap om samar, den samiske kulturen og samfunnet.

Nils Johan Heatta (Foto:Nadia Frantsen)
Direktøren
Nils Johan Heatta (født 1954) er utdanna programingeniør i NRK og har også utdanning frå Forsvarets Høyskole. Han har arbeidd som programingeniør i NRK Sámi Radio og i SR Sámi Radio (Kiruna, Sverige). Heatta har også vore journalist og vaktsjef i NRK Sámi Radio der han i 1985 blei sameradiosjef.

NRK Teknologidivisjonen

Ansvarsområda til divisjonen omfattar mellom anna infrastruktur, teknologi og servicetenester i NRK.

I tillegg til fire stabar for økonomi, personal, beredskap og tryggleik, er divisjonen inndelt i tre større avdelingar. Avdelinga for system forvaltar og koordinerer alle systema som er i NRK. Prosjektavdelinga har ansvar for gjennomføring av tekniske prosjekt, mens driftsavdelinga står for drift av alle IT-systema.

Teknologidirektør Arild Hellgren (Foto: Nadia Frantsen)
Teknologidirektør
Arild Hellgren (f. 04/07 -49) har arbeidd i NRK sidan 1967. Han har blant anna har vore tilsett i planavdelinga, var administrerande direktør for ORTO 94 (NRKs organisasjon med ansvar for tv- og radiosendingane frå OL på Lillehammer) og teknisk sjef for NRK Fjernsynet. Han har også vore styremedlem i Norkring.


Kringkastingsorkesteret

NRK vedtektene slår fast at Kringkastingsorkesteret er ein del av kjerneverksemda til NRK:

”NRK skal halde eit fast orkester som dekker eit breidt repertoar frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk”. (Vedtektene)

Kringkastingsorkesteret (KORK) har eksistert sidan 1946. KORK har ofte konsertar og i tillegg opptrer orkesteret på tv, i radio, på internett, på cd’ar og i bøker.

Les meir om kringkastingsorkesteret

Cello (Foto: Nadia Frantsen)



Biblioteket

Biblioteket i NRK finn du på Marienlyst. Det er berre for dei tilsette i NRK. Kvar år lagar biblioteket ei minnedatoliste, som også er open for eksterne abonnentar. NRK Jubileums- og minnedatoliste 2009


Du kan lese om NRKs datterselskap her:
Forretningsverksemda til NRK

Mer om organisasjonen

Innholdsoversikt

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK