Hopp til innhold
Info fra NRK

Slik vert NRK sitt oppdrag definert

Eit sett lover og reglar set rammene og definerer det samfunnsoppdraget NRK har som offentleg eid norsk allmennkringkastar.

NRK Marienlyst

NRK tek mål av seg for å vere eit seriøst og veldrive selskap. Det betyr at NRK legg stor vekt på å opptre i samsvar med dei lovene og regelverk som set rammene for NRKs verksemd.

Foto: Nadia Frantsen / NRK

Både gjennom NRK-plakaten, NRK sine vedtekter, Kringkastingslova, Åndsverklova, offentleglova, anskaffingslova og pressa sine eigne etiske reglar vert rammene sette for NRK sitt oppdrag, verksemd og daglege drift.

NRK sine vedtekter

Sidan 1996 har NRK vore organisert som eit aksjeselskap med staten som einaste aksjeeigar. Kulturdepartementet er NRK si generalforsamling, vedtek vedtektene og utnemner NRK sitt styre. Det er styret som tilset kringkastingssjefen som er øvste leiar i NRK.

Rammene for NRK si verksemd er sett gjennom eit sett vedtekter.

Vedtektenes del II og III utgjer NRK-plakaten som gir eit samla uttrykk for NRK sitt samfunnsoppdrag.

Sjå:

NRK-plakaten

NRK-plakaten inngår som del II og III av vedtektene og gir rammene for NRK sitt samfunnsoppdrag.

Sjå: NRK-plakaten

Kringkastingslova

Som eit rammeregelverk for alle som driv med kringkasting i Noreg ligg kringkastingslova. Den set dei overordna rammene for alle som driv med radio og TV i Noreg.

Sjå: Kringkastingslova

Fleire regelsett

I tillegg til rammene som vert sett gjennom det spesifikke kringkastingsretta regelverket legg NRK og stor vekt på at den redaksjonelle verksemda skal vere i samsvar med pressen sine eigne etiske reglar.

Det vil seie at både Redaktørplakaten, Ver varsom-plakaten og Pressens Faglige Utvalg (PFU) legg føringar for den redaksjonelle verksemda.

Vidare legg Åndsverklova, offentleglova, Tekstreklameplakaten og anskaffingslova rammar for NRK si drift.

NRK legg vekt på at alle, bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar skal oppleve NRK som ein profesjonell og tillitvekkjande avtalepartnar.

Medietilsynet

Medietilsynet følgjer med på at både NRK, TV 2, P4 og Radio Noreg følgjer dei forpliktingane dei har som norske allmennkringkastarar.

Foto: Medietilsynet

Medietilsynet er tilsynsorgan

Medietilsynet er tilsynsorgan for NRK etter kringkastingslova – sjå medietilsynet.no.

Medietilsynet er underlagt Kulturdepartementet og følgjer med på at både NRK, TV 2, P4 og Radio Norge følgjer dei forpliktingane dei har som norske allmennkringkastarar.

NRK dokumenterer verksemda si gjennom ein årsrapport – allmennkringkastarrekneskapen – nrk.no/aarsrapport/ – som Medietilsynet får i mars månad kvart år.

Medietilsynet nyttar rapporten som utgangspunkt for å sjå om NRK innfrir forpliktingane sine slik dei er definerte både gjennom kringkastingslova, NRK sine vedtekter og NRK-plakaten.

Deretter utarbeider Medietilsynet ein rapport om NRK si oppfylling av kringkastingsforpliktingane sine. Allmennkringkastingsrapportane finst på medietilsynet.no

Kringkastingsrådet følgjer NRK

Kringkastingsrådet er eit rådgivande, offentleg utnemnt organ som følgjer NRK tett og uttaler seg om det tilbodet som blir tilbode publikum.

Er du misfornøgd med noko NRK tilbyr, kan du vende deg til Kringkastingsrådet.

Kringkastingsrådet har møte seks til åtte gonger i året.

Les meir: Alt om Kringkastingsrådet

Framtidas NRK

Med bakgrunn i dei store, strukturelle endringane i mediebransjen basert både på den teknologiske utviklinga, auka global konkurranse og den endra åtferda til mediebrukarane har det dei siste åra gått føre seg ei brei utgreiing og debatt om kva mediepolitikk Noreg skal føre i åra framover.

Behovet for eit NRK som ein offentleg finansiert allmennkringkastar for å sikre eit breitt mediemangfald, tryggje ytringsfridommen og vareta norsk kultur og språk, vart påpeika i Stortingsmeldinga «Eit moderne og framtidsretta NRK – Finansiering og innhaldsplikter» som kom i 2016.

Denne meldinga vart følgt opp med ei ny melding i mars 2019 som tok for seg økonomiske verkemiddel for å oppnå målet til regjeringa for mediepolitikken.

Stortinget vedtok Mediemeldingen som mellom anna betydde ny finansiering av NRK i juni 2019.

Slik er NRK finansiert

Frå og med 2020 vert NRK finansiert over statsbudsjettet.

Gjennom den nye finansieringsmodellen må alle, i staden for å betale ei eiga kringkastingsavgift eller lisens direkte til NRK slik det var til og med 2019, no vere med på å betale for NRK over skattesetelen.

Beløpet som blir betalt i den nye ordninga er for dei fleste nokolunde det same som før, men avgifta er ikkje lengre knytt til det å eige eit fjernsynsapparat.

Det er framleis Stortinget som avgjer kor mykje pengar som årleg skal gå til offentleg allmennkringkasting her i landet. Intensjonen er at den nye ordninga skal gi NRK omtrent dei same inntektene totalt sett, som med den gamle lisensordninga gav.

NRKs inntektsramme vert bestemd av Stortinget for fire år av gongen.

NRK sitt bidrag til mediemangfaldet

Medietilsynet har, på oppdrag frå Kulturdepartementet, sett på korleis NRK sitt tilbod bidreg til innhalds- og bruksmangfald og i kva grad NRK gjennom samarbeid med andre aktørar bidreg til mediemangfald.

Flyttar hovudkontoret

NRK har bestemt å flytte hovudkontoret til meir tidsmessige og eigna lokale.

NRK si tomt på Marienlyst er seld, og ny tomt er kjøpt på Ensjø i Oslo kor nytt hovudkontor er rekna å stå ferdig på slutten av 2020-talet.