Hopp til innhold
Info fra NRK

Eit breitt og variert medietilbod

NRK tilbyr dei som bur i Noreg eit breitt og variert medietilbod. Både via radio og TV samt via nett og mobil kor stadig fleire finn NRK sitt innhald.

Smakebiter på store NRK-øyeblikk som har vært - hentet fra serier, sport og nyhetene.

Verdsmeister: Smakebitar på noko av det NRK har tilbode det store publikummet sitt dei siste åra.

Telefonen med NRKs radio- og TV-app er no for mange den viktigaste plattforma for å ta til seg NRKs innhald - om det er direkte eller når det måtte passe den einskilde.

Med rundt 3 200 tilsette fordelte på cirka 50 kontor - store og små - og ein omsetnad på vel seks milliardar kroner er NRK ei stor og landsomfattande verksemd.

Frå heile landet til heile landet

Cirka to tredelar av NRKs tilsette er å finne ved hovudkontoret på Marienlyst i Oslo. Her finn vi store riksavdelingar innan både nyheiter, underhaldning, produksjon, teknologi og ulike støttefunksjonar som betener heile NRK.

Distriktskontora er stadig ei ryggrad i NRKs verksemd. Frå heile landet til heile landet har heilt sidan starten i 1933 vore eit motto for NRK. Distriktskontora lagar innhald både for eit lokalt publikum og bidreg med innhald frå distriktet sitt til eit breitt nasjonalt tilbod.

Må levere i verdsklasse

Gjennom eit breitt nordisk og europeisk samarbeid med andre allmennkringkastarar, utanriksredaksjon og eit eige korrespondentnett speglar og forklarer NRK også det som skjer utanfor landegrensene.

I ei stadig meir global medieverd er kampen om folks merksemd stadig tøffare. Skal NRKs innhald bli valt må og innhaldet vere av verdsklasse. At over ni av ti nordmenn bruker eit eller fleire av NRKs tilbod kvar einaste dag er ein målestokk på at NRK klarer seg godt i kampen mot store internasjonale aktørar.

Ei viktig beredskapsrolle

NRK har også ei viktig beredskapsrolle og skal informere og fortelje kva som skjer når store og alvorlege hendingar hender. Lokalt gjennom distriktskontora og nasjonalt, når dei verkeleg store tinga skjer, - også gledelege - har NRK eit unikt nettverk og folk og utstyr landet over som kan fortelje og formidle kva som skjer.

Dei ulike plattformene

NRK TVtv.nrk.no – er NRK sin mediespelar. Her kan du både sjå TV direkte, spole inntil tre timar tilbake i sendingane og ta del i eit stadig breiare tilbod av seriar, dokumentarar, sport, nyheitsprogram, humor og underhaldning – både nytt og eit stort arkivmateriale som har vorte digitalisert og tilgjengeleggjort.

NRK Radioradio.nrk.no – er NRK sin lydspelar. Her kan du både høyre alle NRK sine radiokanalar direkte, spole inntil tre timar tilbake i sendingane, høyre og få oversikt over alle podkastane til NRK og ta del i det som har gått på lufta – både nytt radioinnhald og mykje arkivmateriale som har vorte digitalisert og tilgjengeleggjort.

Oversikt over podkasttilbodet til NRK finn du og på nrk.no/podkast.

Breitt nettilbod på nrk.no

NRK si heimside, nrk.no byr på ei fortløpande nyheitsteneste med internasjonale, nasjonale og regionale nyheiter, eit breitt fakta- og innsiktsinnhald og dessutan stoff om sport, underhaldning, kultur med meir.

Eigne nettportalar bidreg til å gjere innhaldet tilgjengeleg, TV-innhald via tv.nrk.no, radio via radio.nrk.no, hjelpesider på hjelp.nrk.no, teknologibloggen nrkbeta.no, lyd- og videoarkivet nrkskole.no, ungdomsnettstaden P3.no, barnenettstaden nrksuper.no og vêrtenesta Yr.no i samarbeid med Meteorologisk institutt.

Appar og andre snarvegar til NRK-innhaldet

NRK har også ei rekkje appar som gjer det enkelt å ta del i NRK sitt innhald – sjå nrk.no/mobil.

NRK sitt tilbod er også tilgjengeleg via og på ei rekkje plattformer som via AppleTV, Chromecast, TV-boksar, smarthøgtalarar, klokker, PlayStation med fleire.

Sjå NRK sine hjelpesider på hjelp.nrk.no for meir info om bruk og oppsett av dei enkelte appane, dingsane og tenestene.

Fjernsynstilbodet

Vil du sjå «vanleg», tradisjonell lineær TV tilbyr NRK stadig NRK1, NRK2, NRK3 og NRK1 Tegnspråk:

  • NRK1 – byr på det breie og varierte programtilbod – nyheiter, dramaseriar, debattar, natur- og faktaprogram, underhaldning og sport. Noregs største TV-kanal.
  • NRK2 – er fordjupingskanalen. Med dokumentar-, innsikt-, kultur- og musikkprogram.
  • NRK Super/NRK3 – byr på eit barnetilbod på dagtid og eit tilbod for unge vaksne med seriar, humor og film på kveldstid.
  • NRK1 Tegnspråk er eit ekstra tilrettelagt TV-tilbod for døve sjåarar med tolking av NRK1s sendingar.

Radiotilbodet

NRK sine radiokanalar:

  • NRK P1 – Noregs største kanal – riks og lokalt.
  • NRK P2 – Smart og aktuelt om kultur og samfunn.
  • NRK P3 – Ung, ekte, musikkelskande radio.
  • NRK P1+ – Godt selskap med stemma og musikken du kjenner.
  • NRK P13 – Mest moro og god musikk.
  • NRK mP3 – Alltid musikk, alltid godt humør.
  • NRK Alltid Nyheter – Først – med heile biletet.
  • NRK Folkemusikk – norsk folkemusikk, døgnet rundt.
  • NRK Jazz – Jazzar opp kvardagen din.
  • NRK Klassisk – Den evige musikken.
  • NRK Sámi Radio – Musikk og aktualitetar på samisk.
  • NRK Sport – Den viktigaste sporten når det skjer.
  • NRK Super – Musikk og gode historier for barn.

I tillegg desse kanalane på nett – radio.nrk.no og via appen NRK Radio:

  • NRK Urørt – Musikkmiks med den beste, nye, norske musikken frå P3.no/urørt.
  • NRK P3X – Alltid Hiphop og R&B.

Vêrvarsel til sjøs: NRK Vêr er eit samarbeid med Meteorologisk institutt om eit radiotilbod for dei som ferdast på sjøen. Her får du eit spesielt tilpassa vêrvarsel i tre regionale versjonar.

Viktig beredskapsrolle

Med nærvær og avdelingane sine landet rundt har NRK og ei viktig beredskapsrolle når det gjeld å opplyse og informere folket når store og alvorlege hendingar hender og utviklar seg.

Den største kanalen i radioen, NRK P1, og hovudkanalen på TV, NRK1, er sentral i denne beredskapen, og det vert rydda plass i sendeskjemaet når nyheitsbiletet krev det eller når informasjonsbehovet ved spesielle hendingar er ekstra stort.

Regionalt speler distriktskontora ei viktig rolle for å få ut informasjon – både via nett, TV og radio. Distriktskontora kan ta over TV- og radiosendingane på NRK1 og NRK P1 med regionalt innhald når det er behov for det.

Universell utforming

Dei siste åra har NRK teke eit krafttak for at alle skal kunne ta del i NRK sine tilbod. Universell utforming skal sikre at at innhaldet vert gjort tilgjengeleg for ulike brukargrupper.

Både gjennom teksting, teiknspråk, lydtekst, synstolking og auka fokus på hørbarhet av lyden blir NRK-tilbodet gjort lettare tilgjengeleg.

NRK har og etablert eit eige brukarråd for å få hjelp og innspel i korleis innhaldet kan gjerast betre tilgjengeleg. Rådet består av representantar frå ni ulike organisasjonar for menneske med funksjonsnedsetting og i tillegg ein representant frå Pensjonistforbundet.

NRK har og ein eigen tilgjengelegheitssjef som har ansvar for universell utforming av dei ulike tilboda.

Arkivet – ein nasjonal kulturskatt

NRK sitt arkiv er ein nasjonal kulturskatt. Å gjere dette tilgjengeleg har vore ei prioritert oppgåve dei seinare åra. Ein ny arkivavtale betyr at alt eigeprodusert NRK-innhald som finst i arkiva no vert tilgjengeleg.

Frå NRK starta verksemda si i 1933 og dei første tiåra er det berre utvalde radioprogram som er tekne vare på. Frå 1970- og 1980-talet er meir teke vare på og vert tilgjengeleggjort fortløpande.

All radiolyd er teke vare på sidan 1993, men på 1990-talet vart dette gjort som lange dokumentasjonsopptak. Å dele opp desse i enkeltprogram og gjere dei tilgjengelege er og eit arbeid som er på gang.

For TV-program er mykje teke vare på heilt sidan fjernsynet i Noreg kom i ordinær drift i 1960.

Svært mykje TV-innhald er allereie digitaliserte og gjort tilgjengeleg via NRK TV. Så ønskjer du gjensyn med til dømes «Lille lørdag», «Fleksnes», «Team Antonsen», «Brødrene Dal», «Laurdagskveld med Erik Bye» eller dramaserien «Vestavind» er det å finne.

Totalt er pr. april 2022 180 000 TV-program og over 450 000 radiotitlar tilgjengelege via NRK sine strøymetenester.

NRK og Norwaco, som representerer ei lang rekkje rettshavarar, vart i april 2022 samde om ein ny arkivavtale. Det betyr at det meste av eigenproduserte NRK-innhald laga før 1. januar 2015 og mykje, mykje meir vil bli tilgjengeleg for publikum.

Sjå: Hele Noregs dagbok

Norsk dokumentarserie. (1:9)
NRK-arkivene er fulle av øyeblikk som er verdt gjenhør og gjensyn. Ønskekonserten og Barnetimen var radioprogrammer som samlet hele landet fra 1930-tallet. Da fjernsynet kom fikk nordmenn et nytt fellesskap, og programmene ble samtaletemaer uten like. Senere har NRK både brakt de lokale begivenhetene ut til folket, og overført store begivenheter som kongelige bryllup og begravelser, olympiske leker, Melodi Grand Prix, åpning av den nye operaen - hele tiden med den gode historien for øye.

Vår blir felt nasjonale kulturarv – ta del i historiske radio- og TV-augneblink.

Røter tilbake til 1933

NRK har røtene sine heilt tilbake til 1933. Dei første tiåra bestod tilbodet av ein radiokanal, på 1950-talet starta prøvesendingar med fjernsyn og i 1995 fekk NRK sine første nettsider.

Frå 1933 til 1981 hadde NRK monopol på all kringkasting i Noreg, i dag er den offentlege allmennkringkastaren ein av mange medieaktørar.

"Frå heile Noreg til heile Noreg" har i alle år vore eit viktig mål for NRK. Derfor har NRK rundt 50 avdelingar spreidd over heile landet. Hovudkontor på Marienlyst i Oslo, større regionskontor i Tromsø, Trondheim og Bergen, 15 distriktskontor og ei rekkje lokalkontor.

Totalt rundt 3 200 journalistar, fotografar, programleiarar og ei lang rekkje andre yrkesgrupper sørgjer for at det kvar einaste dag vert laga historier som når det norske folket.

Lokale nyheiter, nasjonale nyheitssendingar, utanriks-, dokumentar-, fakta- og underhaldningsinnhald, tilbod for barn og unge, musikk som kultur – alt er viktige stoffområde for NRK.

Ved nasjonale løft, gledelege som triste høve limer NRK nasjonen saman. Etter store ulykker, på 17. mai eller når store delar av befolkninga følgjer med på NRK sine minutt-for-minutt-satsingar.

Erna Solberg møter dei som blei råka av flaumen i Odda.

Samlar Noreg ved gledelege storhendingar og når store hendingar skakar: Her er NRK med når statsminister Erna Solberg besøkjer Odda etter at storflaumen har herja.

Finansiert gjennom eigen NRK-skatt

Frå og med 2020 har NRK vorte finansiert over statsbudsjettet. Det betyr at alle som har ei viss inntekt må vere med på å betale for NRK over skattesetelen.

I praksis vil ein vanleg husstand betale om lag det same i NRK-skatt som dei før betalte i kringkastingsavgift, men avgifta vil ikkje lenger vere knytt til det å eige eit fjernsynsapparat.

Og totalt sett vil framleis så å seie alle NRKs inntekter (98 prosent i 2021) komme frå denne spesifikken skatten slik det også har vore tidlegare gjennom kringkastingsavgifta/lisensen.

NRKs totale inntekter har dei siste åra lege på rundt 6 milliardar kroner.

NRK har cirka 3200 medarbeidarar fordelte på rundt 50 kontor rundt om i Noreg. Cirka 2000 på hovudkontoret i Oslo og resten rundt om i landet.

Les meir: NRKs årsrapport og allmennkringkastarrekneskap og fleire andre NRK- rapportar finn du på info.nrk.no/rapporter.