Last ned: NRK heile landet (2023) (pdf)
Å vere tett på publikum og bidra til å knyte Noreg saman, er kjerna i oppdraget til distriktsverksemda i NRK.
Kvar dag jobbar 880 medarbeidarar rundt om på førtito kontor med å by på nyheiter og anna programproduksjon, for eit lokalt og nasjonalt publikum.
Marius Lillelien er distriktsredaktør i NRK.
Foto: Ole Kaland / NRKTil stades – og tett på
NRK tilpassa distriktstilbodet sitt til dei nye fylka frå årsskiftet 2019/2020 både i organisasjon og innhald. NRK har no ti distriktskontor, noko som betyr eitt distriktskontor i kvart fylke. Det geografiske nærværet i kvart fylke er slik:
- NRK Troms og Finnmark: Hovudkontor i Tromsø, redaksjonar og lokalkontor i Alta, Harstad, Finnsnes, Hammerfest, Vadsø og Kirkenes.
- NRK Nordland: Hovudkontor i Bodø, og lokalkontor i Brønnøysund, Mo i Rana, Svolvær og Narvik.
- NRK Trøndelag: Hovudkontor i Trondheim, redaksjon i Steinkjer og lokalkontor i Namsos og på Brekstad.
- NRK Innlandet: Hovudkontor på Lillehammer, redaksjon på Hamar og lokalkontor i Kongsvinger, Folldal, Vågå, Fagernes og på Elverum.
- NRK Møre og Romsdal: Hovudkontor i Ålesund, og lokalkontor i Ulsteinvik, Molde og Kristiansund.
- NRK Vestland: Hovudkontor i Bergen, og redaksjonar og lokalkontor i Førde, Nordfjordeid, Sogndal, Odda og på Stord.
- NRK Rogaland: Hovudkontor i Stavanger, og lokalkontor i Haugesund.
- NRK Sørlandet: Hovudkontor i Kristiansand, og lokalkontor i Flekkefjord og Arendal.
- NRK Vestfold og Telemark: Hovudkontor i Porsgrunn og redaksjon i Tønsberg.
- NRK Oslo og Viken: Distriktskontoret har redaksjonar i Oslo, Fredrikstad, Drammen og lokalkontor på Ål.
Vidare er distriktsdivisjonen organisert i fire regionar der vi finn igjen dei ti distriktskontora slik:
- Region Nord – NRK Nordland og NRK Troms og Finnmark: Regionredaktør Nina Einem.
- Region Midt – NRK Innlandet, NRK Trøndelag og NRK Møre og Romsdal): Regionredaktør Eivind Undrum Jacobsen.
- Region Vest – NRK Vestland og NRK Rogaland: Regionredaktør Rune Møklebust.
- Region søraust – NRK Sørlandet, NRK Vestfold og Telemark og NRK Oslo og Viken: Regionredaktør Heidi Pleym.
Rundt om i landet har og NRK Sápmi eigne kontor. Dette gjer at NRK er tett på publikum rundt om i heile Noreg.
– NRK si viktigaste oppgåve er å samle og engasjere alle som bur i Noreg. Det er det ikkje mogleg å få til utan Distriktsdivisjonen. Vi har flinke folk i heile landet som bidreg til å knyte Noreg saman. Vi må byggje vidare på det gode arbeidet som har vore gjort og vi må like eins med resten av NRK halde fram med å knekke nye kodar, seier NRKs distriktsdirektør, Marius Lillelien.
Sjå også:
- Slik er NRK organisert
- Distriktsprogramråda – dei lokale kringkastingsråda
- Referat distriktsprogramråda
Sjå bilete:
Frå 30 til 200 medarbeidarar
Storleiken på kontora er svært ulik. Frå rundt 30 til rundt 200. Storleiken er dels bestemd ut frå kor mange fylke dei enkelte avdelingane dekkjer og dels ut frå kor mykje riksproduksjon dei ulike kontora har ansvaret for.
Dei største avdelingane med fleire store produksjonsmiljø finst på kontora i Bergen, Trondheim og Tromsø.
NRK Vestland i Bergen har til dømes ansvaret for "Norge Rundt" og naturprogramma i NRK, medan NRK Trøndelag i Trondheim har ansvar for livssyn og populærvitskap og i Tromsø vert det laga mykje barne-tv.
Alle kontora lagar innhald for heile landet i tillegg til eigne sendingar.
Splittar sendenettet
På Noregs største radiokanal – NRK P1 – vert sendenettet splitta fleire gonger dagleg slik at distriktssendingane slepp til. På Noregs største TV-kanal – NRK1 – vert sendenettet og splitta slik at regionale TV-nyheiter kan sendast.
NRK er åleine i Noreg om å ha eit sendenett som kan splittast. Det gir NRK ei unik moglegheit til å levere eit tilbod som både er lokalt og nasjonalt.
Distriktsradio
Alle distriktskontora tilbyr distriktssendingar på radiokanalen NRK P1. Tre timar om morgonen (0600 – 0900) og tre timar om ettermiddagen (14.00 – 17.00).
I tillegg kjem nyheitsoppdateringar kvar time mellom kl. 06 og 17 på kvardagar.
NRK P1+ sender lokale nyheitsoppdateringar på morgon- og formiddagstid rett etter Dagsnytt.
Regionale TV-sendingar på NRK1
I etterkant av Dagsrevyen og før Kveldsnytt vert det send regionale TV-sendingar på NRK TV og på NRK1:
- NRK Oslo og Viken
- NRK Vestfold og Telemark
- Agder/NRK Sørlandet
- NRK Rogaland
- NRK Vestland/Vestlandsrevyen
- NRK Innlandet
- NRK Trøndelag/Midtnytt
- NRK Møre og Romsdal
- NRK Nordland
- NRK Troms og Finnmark/Nordnytt
Sjå også: Det lokale NRK-tilbodet f o m 2020
NRK-journalist John-André Samuelsen fortel om herjingane til flaumen i Re i Vestfold. Ein av rundt 900 distriktskontor-tilsette som kvar einaste dag rapporterer om store som små hendingar i det langstrekte landet vårt.
Nett og sosiale medium
Alle distriktskontora har eigne nettportalar med nyheiter og anna redaksjonelt innhald.
Distriktskontora publiserer og redaksjonelt innhald på sosiale medium.
Sjå: nrk.no/norge
Eigen samisk divisjon
Eit eige samisk programtilbod vert laga av NRK Sápmi. Sápmi har hovudsete i Karasjok og fleire lokalkontor rundt om i Noreg.
Les meir: Dette er NRK Sápmi
Historia til distriktskontora
Det første distriktskontoret – i Finnmark – vart oppretta allereie i 1934. Samtidig hadde NRK tidleg eigne kontor i dei store byane. Fleire av desse var ei vidareføring av dei private kringkastarane som laga radio før Stortinget valde å samle all kringkasting i Noreg i eit statseigd selskap.
Eit selskap – altså NRK – som til og med hadde monopol på all kringkastingsverksemd i landet. Slik var det i nesten 50 år. Frå 1933 til først på 1980-talet.
Fram til slutten av 1950-talet var ein radiokanal NRK sitt tilbod til folket. På 1950-talet vart det starta prøvesendingar med fjernsyn og frå 1960 byrja NRK med ordinære fjernsynssendingar.
Les meir: NRKs historie
NRK Finnmark er NRKs eldste distriktskontor. No på plass i nye lokale i Alta sentrum.
Den store distriktskontorutbygginga
På 1970- og 1980-talet skjedde det ei stor utbygging og satsing på distriktskontora. Nye avdelingar vart oppretta og eksisterande kontor vart utvida både med nytt utstyr og fleire tilsette.
Kontora fekk også TV-utstyr, TV-studio vart innreidde og mykje anna utstyr kom på plass. Det vart mykje enklare å sende direkte. Opprustinga gjorde at distriktskontora kunne utvide både radio- og TV-tilbodet kraftig.
Besøk distriktskontoret: Ta ein kjapp rundtur gjennom NRK Troms sine lokale då dei hadde Open dag.
NRK si beredskapsrolle
Med nærværet og avdelingane sin landet rundt har NRK ei viktig beredskapsrolle når det gjeld å opplyse og informere folket når store alvorlege hendingar hender og utviklar seg.
Den største kanalen i radioen, NRK P1, og hovudkanalen på TV, NRK1, speler sentrale roller i denne beredskapen, og det blir rydda plass når nyheitsbiletet krev det eller når informasjonsbehovet er stort.
Ved viktige regionale hendingar, speler distriktssendingane i radioen ei viktig rolle. Distriktskontora kan overstyre NRK P1 sine sendingar med regionalt innhald når det er behov for det.
Slik lagar NRK Trøndelag TV-nyheitsprogrammet Midtnytt. Odd Rune Wolden følgde kollegaene sine ein vanleg kveld i kringkastingshuset på Tyholt i Trondheim direkte på Facebook. Her i opptak.
Oppdatering og utdjuping
Hyppige oppdateringar, er på same måte som moglegheita til fordjuping sentrale føresetnader for NRK sitt samfunnsoppdrag.
Om morgonen er radioen stadig ei viktig oppdateringskjelde med tre timar lange distriktssendingar. På kveldstid sender ein regionale TV-nyheiter og distriktskontora har eigne nettsider som blir jamleg oppdaterte døgnet rundt.
Engasjementet er stort rundt NRK. Då NRK sende "Sommeråpent" frå ein båt langs norskekysten vart publikum oppmoda til å sende inn sommarbileta sine. 100 000 bilete kom til NRK og vart til denne flotte montasjen.