Se:
Engelsk versjon: Norwegian Broadcasting Cooperation - NRK - Organization Chart - main structure.
Vibeke Fürst Haugen er som kringkastingssjef øvste sjef i NRK.
Foto: Ole Kaland / NRK
Slik er NRK styrt
Kringkastingssjefen er øvste sjef i NRK. Det er NRK sitt styre som tilset kringkastingssjefen. Styret er oppnemnt av generalforsamlinga/eigaren av NRK som er den norske stat ved Kulturdepartementet. Vibeke Fürst Haugen er noverande kringkastingssjef.
Ni divisjonar
NRK er inndelt i ni divisjonar:
- Distriktsdivisjonen.
- Marienlystdivisjonen.
- Nyhetsdivisjonen.
- NRK Sápmi.
- Strategi og medier-divisjonen.
- Teknologi, produkt og produksjons-divisjonen.
- Økonomidivisjonen.
- Organisasjonsdivisjonen.
- Juridisk og stab-divisjonen.
Hovudkontoret til NRK finn vi på Marienlyst i Oslo. Her held om lag 2 000 av dei rundt 3 200 medarbeidarane hus.
Foto: Nadia Frantsen / NRKKringkastarmodellen
Innad er NRKs divisjonar organisert i eit kunde- og leverandørforhold. Strategi og medierdivisjonen sit på eit stort budsjett og bestiller frå dei einskilde divisjonane og frå eksterne produsentar i inn- og utland.
Denne måten å organisere verksemda på kallas kringkastermodellen.
Strategi og medier-divisjonen
Jørgen Heid er direktør i Strategi og medier-divisjonen.
Foto: Ole Kaland / NRKStrategi og medier-divisjonen bestiller og set budsjettrammene for kvar produksjon.
NRK sitt samfunnsoppdrag legg i botnen for kva for innhald som skal lagast. Oppdraga går til dei einskilde divisjonane og til eksterne produsentar.
Nokre bestillingar skjer for lang tid. Noen på årsbasis, medan andre program eller produksjonar bestilles enkeltvis.
Strategi og medier har samstundes ansvaret for strategiarbeidet i NRK.
Jørgen Heid (f 1978) er konstituert som direktør i Strategi og medier-divisjonen. Han kjem frå stilling som strategisjef i NRK.
Nyhetsdivisjonen
Helje Solberg er direktør i Nyhetsdivisjonen.
Foto: Ole Kaland / NRKNyhende er skilt ut som ein eigen divisjon i NRK. Nyhendeinnhald, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt er ei stor og viktig oppgåve for NRK.
Dagsrevyen er Noregs fremste program for TV-nyhende, Dagsnytt det same for radio-nyhende og nettstaden nrk.no er Noregs neste største.
Helje Solberg (f 1967) er nyhetsdirektør i NRK. Ho har lang presseerfaring, og kom til NRK etter mange år i VG. Sist som administrerande direktør og redaktør i VGTV.
Marienlystdivisjonen
Marienlystdivisjonen samlar alle som held på med innhaldsproduksjon på Marienlyst utanom Nyhetsdivisjonen.
Charlo Halvorsen er direktør for Marienlystdivisjonen.
Foto: Ole Kaland / NRKÅ lage godt innhald - både innan kultur, barn, ung, sport, drama og underhaldning er viktig - Marienlystdivisjonen famnar bredt.
Charlo Halvorsen (f 1959) er konstituert som direktør for Marienlystdivisjonen. Halvorsen har lang fartstid i NRK, både som programleiar og som sjef. Dei siste åra har han leda underhaldningsavdelinga i NRK.
Distriktsdivisjonen
Distriktsdirektør Marius Lillelien.
Foto: Ole Kaland / NRKDistriktsdivisjonen er den tredje store programskapande divisjonen.
Distriktsdivisjonen er organisert i fire regionar og 10 distriktskontor:
- Region nord (Nordland, Troms og Finnmark): Regionredaktør Nina Einem.
- Region midt (Innlandet, Trøndelag, Møre og Romsdal): Regionredaktør Eivind Undrum Jacobsen.
- Region vest (Vestland, Rogaland): Regionredaktør Rune Møklebust.
- Region sørøst (Sørlandet, Vestfold og Telemark, Oslo og Viken): Regionredaktør Heidi Pleym.
NRKs distriktskontor
- NRK Troms og Finnmark
- NRK Nordland
- NRK Trøndelag
- NRK Møre og Romsdal
- NRK Vestland
- NRK Rogaland
- NRK Sørlandet
- NRK Vestfold og Telemark
- NRK Oslo og Viken
- NRK Innlandet
NRK har bygd opp ein særs desentralisert organisasjon og dei til 900 medarbeidarane i Distriktsdivisjonen finn du rundt om på omlag 50 kontor, store som små, i vidstrakte Noreg.
Distriktskontora speglar Noreg både til kvardags, fest og når det skjer triste hendingar.
Kvar einaste dag produserer distriktskontora innhald både for lokale sendingar og nettilbud - og for heile landet. Frå heile landet til heile landet, er distriktsdivisjonen sitt oppdrag og mål.
Marius Lillelien (f 1965) er distriksdirektør. Han har lang røynsle i NRK kor han har vore både musikk- og radiosjef og fungert som mediedirektør.
Samisk divisjon
Johan Ailo Kalstad er direktør for NRK Sápmi.
Foto: Árvu/Marie Louise SombyNRK Sápmi har ansvar for å lage eit breidt samisk innhald, har om lag 90 medarbeidarar og hovudkontor i Karasjok.
NRK Sápmi er samstundes den største samiske medieinstitusjonen i Norden. NRK samarbeider tett med allmennkringkastarane både i Finland og Sverige om å lage samisk innhald.
Ved sidan av hovudkontoret i Karasjok har NRK Sápmi lokalkontor Tana, Kautokeino, Kåfjord, Tromsø, Harstad, Snåsa, Tysfjord og Oslo.
Det meste av det samiske programtilbodet blir presentert på nordsamisk, men NRK Sápmi har og tilbod på lule- og sørsamisk forutan på norsk.
Johan Ailo Kalstad (f 1978) er direktør for NRK Sápmi.
Kalstad kom til Sápmi i 2021 frå stilling som direktør ved Sámi allaskuvla - Samisk høgskole kor han sjølv har teke journalistutdanning. Han er og siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og har jobba hos Geelmuyden Kiese, Statkraft og også tidligare i NRK Sápmi.
Organisasjondivisjonen
Olav Hypher er direktør i Organisasjonsdivisjonen.
Foto: Ole Kaland / NRKDivisjonen har ansvar for rekruttering, kompetanse, organisasjonsutvikling, lederutvikling, arbeidsmiljø, HMS og personal.
Olav Hypher (f 1974) er direktør for Organisasjonsdivisjonen. Han kom til NRK etter ti år i ulike leiarstillingar i Statkraft, sist som HR-direktør.
Teknologi-, produkt- og produksjonsdivisjonen
Øyvind Lund er direktør i Teknologi-, produkt- og produksjonsdivisjonen.
Foto: Anne Liv Ekroll / NRKDivisjonen gjer NRK sitt innhald levande og tilgjengeleg for publikum gjennom innhaldsproduksjon, produktutvikling og distribusjon, og bidreg slik at NRK skal vere eit moderne mediehus med godt fungerande system og prosessar.
Øyvind Lund (f 1963) er konstituert som direktør. Han har lang røynsle som sjef i NRK og har blant anna vore både sportsredaktør og medieredaktør tidligare. Han er på utlån frå stillinga som direktør i Strategi og medier-divisjonen.
Økonomidivisjonen
Andreas Norvik er direktør i Økonomidivisjonen.
Foto: Ole Kaland / NRKStyring av strategisk verksemd, konserinnkjøp, mediestøtte og konsernøkonomi samt å tene dei andre divisjonane er oppgåver for Økonomidivisjonen.
Andreas Norvik (f 1969) er direktør. Han kom til NRK i 2017 frå same type stilling ved Den Norske Opera og Ballett. Han er siviløkonom (1995) frå Handelshøyskolen BI.
Juridisk- og stabsdivisjonen
Olav Nyhus er direktør for Juridisk- og stabsdivisjonen.
Foto: Ole Kaland / NRKJuridiske spørsmål, tryggleik og beredskap samt internasjonal kontakt er hovudoppgåver for divisjonen. Her finn ein og staben til kringkastingssjefen, etikkredaktøren og sekretæren for Kringkastingsrådet og TV-aksjonen i NRK.
Olav Nyhus (f 1961) er direktør. Han er utdannna jurist med presseetikk som spesiale.
NRK Noreg rundt
NRK har rundt 3 300 tilsette. Gjennomsnittsalderen er cirka 47 år, nokre prosent færre kvinner enn menn.
NRK har som mål at éin av tre ny-rekrutterte i faste stillingar skal ha flerkulturell kompetanse.
Drøyt 2 000 har Marienlyst som tenestestad, rundt 1200 er å finne på rundt 50 store og små NRK-kontor landet rundt.
Hovudkontoret til NRK ligg på Marienlyst i Oslo. NRK Sápmi finn vi i Karasjok, Publikumsservice i Mo i Rana. I Tromsø, Trondheim og Bergen finn vi store regionkontor, NRK har 10 distriktskontor og mindre lokalkontor rundt om.
Sjå: NRK Noreg rundt