Hopp til innhold
Info fra NRK

NRK sine distriktskontor

Frå heile landet til heile landet: Dei ti distriktskontora er viktige for at NRK skal kunne tilby eit breitt og samansett medietilbod for alle som bur i Noreg.

NRK landet rundt 2024

NRK har ein svært desentralisert organisasjon med store og små kontor rundt 50 ulike stader rundt om i heile Noreg.

Illustrasjon: NRK

Last ned: NRK heile landet (2024 – PDF)

Å vere tett på publikum og bidra til å knyte Noreg saman, er kjernen i oppdraget til distriktsverksemda i NRK.

Kvar dag jobbar 880 medarbeidarar rundt om på førtito kontor med å by på nyheiter og anna programproduksjon, for eit lokalt og nasjonalt publikum.

Marius Lillelien

Marius Lillelien er distriktsredaktør i NRK.

Foto: Ole Kaland / NRK

Til stades – og tett på

NRK tilpassa distriktstilbodet sitt til dei nye fylka frå årsskiftet 2019/2020 både i organisasjon og innhald. NRK har no ti distriktskontor, noko som betyr eitt distriktskontor i kvart fylke. Det geografiske nærværet i kvart fylke er slik:

  1. NRK Finnmark: Hovudkontor i Alta, lokalkontor i Hammerfest, Vadsø og Kirkenes
  2. NRK Troms: Hovudkontor i Tromsø, lokalkontor i Harstad og på Finnsnes
  3. NRK Nordland: Hovudkontor i Bodø, og lokalkontor i Brønnøysund, Mo i Rana, Svolvær og Narvik.
  4. NRK Trøndelag: Hovudkontor i Trondheim, lokalkontor på Brekstad, Røros, Steinkjer og Namsos.
  5. NRK Innlandet: Hovudkontor på Lillehammer, redaksjon på Hamar og lokalkontor i Kongsvinger, Folldal, Vågå, Fagernes og på Elverum.
  6. NRK Møre og Romsdal: Hovudkontor i Ålesund, og lokalkontor i Ulsteinvik, Molde og Kristiansund.
  7. NRK Vestland: Hovudkontor i Bergen, og redaksjonar og lokalkontor i Førde, Nordfjordeid, Sogndal, Odda og på Stord.
  8. NRK Rogaland: Hovudkontor i Stavanger, og lokalkontor i Haugesund.
  9. NRK Sørlandet: Hovudkontor i Kristiansand, og lokalkontor i Flekkefjord og Arendal.
  10. NRK Vestfold og Telemark: Hovudkontor i Porsgrunn og redaksjon i Tønsberg.
  11. NRK Buskerud: Hovudkontor i Drammen, lokalkontor på Ål.
  12. NRK Stor-Oslo: Hovudkontor i Oslo.
  13. NRK Østfold: Hovudkontor i Fredrikstad.

Vidare er distriktsdivisjonen organisert i fire regionar der vi finn igjen dei ti distriktskontora slik:

  • Region Nord – NRK Nordland, NRK Troms og NRK Finnmark: Regionredaktør Nina Einem.
  • Region Midt – NRK Innlandet, NRK Trøndelag og NRK Møre og Romsdal): Regionredaktør Eivind Undrum Jacobsen.
  • Region Vest – NRK Vestland og NRK Rogaland: Regionredaktør Rune Møklebust.
  • Region søraust – NRK Sørlandet, NRK Vestfold og Telemark, NRK Buskerud NRK Stor-Oslo, og NRK Østfold: Regionredaktør Heidi Pleym.

Rundt om i landet har og NRK Sápmi eigne kontor. Dette gjer at NRK er tett på publikum rundt om i heile Noreg.

– NRK si viktigaste oppgåve er å samle og engasjere alle som bur i Noreg. Det er det ikkje mogleg å få til utan Distriktsdivisjonen. Vi har flinke folk i heile landet som bidreg til å knyte Noreg saman. Vi må byggje vidare på det gode arbeidet som har vore gjort og vi må like eins med resten av NRK halde fram med å knekke nye kodar, seier NRKs distriktsdirektør, Marius Lillelien.

Sjå også:

Sjå bilete:

  • Stort bilete her er NRK landet over

Frå 30 til 200 medarbeidarar

Storleiken på kontora er svært ulik. Frå rundt 30 til rundt 200. Storleiken er dels bestemd ut frå kor mange fylke dei enkelte avdelingane dekkjer og dels ut frå kor mykje riksproduksjon dei ulike kontora har ansvaret for.

Dei største avdelingane med fleire store produksjonsmiljø finst på kontora i Bergen, Trondheim og Tromsø.

NRK Vestland i Bergen har til dømes ansvaret for «Noreg Rundt» og naturprogramma i NRK, medan NRK Trøndelag i Trondheim har ansvar for livssyn og populærvitskap og i Tromsø vert det laga mykje barne-tv.

Alle kontora lagar innhald for heile landet i tillegg til eigne sendingar.

Splittar sendenettet

På Noregs største radiokanal – NRK P1 – vert sendenettet splitta fleire gonger dagleg slik at distriktssendingane slepp til. På Noregs største TV-kanal – NRK1 – vert sendenettet og splitta slik at regionale TV-nyheiter kan sendast.

NRK er åleine i Noreg om å ha eit sendenett som kan splittast. Det gir NRK ei unik moglegheit til å levere eit tilbod som både er lokalt og nasjonalt.

Distriktsradio

Alle distriktskontora tilbyr distriktssendingar på radiokanalen NRK P1. Tre timar om morgonen (0600 – 0900) og tre timar om ettermiddagen (14.00 – 17.00).

I tillegg kjem nyheitsoppdateringar kvar time mellom kl. 06 og 17 på kvardagar.

NRK P1+ sender lokale nyheitsoppdateringar på morgon- og formiddagstid rett etter Dagsnytt.

Regionale TV-sendingar på NRK1

I etterkant av Dagsrevyen og før Kveldsnytt vert det send regionale TV-sendingar på NRK TV og på NRK1:

Sjå også: Det lokale NRK-tilbodet f o m 2020

Flommen i Re i Vestfold

NRK-journalist John-André Samuelsen fortel om herjingane til flaumen i Re i Vestfold. Ein av rundt 900 distriktskontor-tilsette som kvar einaste dag rapporterer om store som små hendingar i det langstrekte landet vårt.

Nett og sosiale medium

Alle distriktskontora har eigne nettportalar med nyheiter og anna redaksjonelt innhald.

Distriktskontora publiserer og redaksjonelt innhald på sosiale medium.

Sjå: nrk.no/norge

Eigen samisk divisjon

Eit eige samisk programtilbod vert laga av NRK Sápmi. Sápmi har hovudsete i Karasjok og fleire lokalkontor rundt om i Noreg.

Les meir: Dette er NRK Sápmi

Historia til distriktskontora

Det første distriktskontoret – i Finnmark – vart oppretta allereie i 1934. Samtidig hadde NRK tidleg eigne kontor i dei store byane. Fleire av desse var ei vidareføring av dei private kringkastarane som laga radio før Stortinget valde å samle all kringkasting i Noreg i eit statseigd selskap.

Eit selskap – altså NRK – som til og med hadde monopol på all kringkastingsverksemd i landet. Slik var det i nesten 50 år. Frå 1933 til først på 1980-talet.

Fram til slutten av 1950-talet var ein radiokanal NRK sitt tilbod til folket. På 1950-talet vart det starta prøvesendingar med fjernsyn og frå 1960 byrja NRK med ordinære fjernsynssendingar.

Les meir: NRKs historie

I skyggen av grunnlovsjubileet i morra, er det også et 80-årsjubileum i Vadsø.
På selveste 17. mai er det nemlig 80 år siden NRK etablerte sitt første distriktskontor. 
Det var gode grunner til at det skjedde nettopp i Finnmark. 
Han er dagens representant for en virksomhet som strekker seg 80 år tilbake i tida. Det var i Finnmark at NRK åpnet sitt aller første distriktskontor. Og når du hører hvorfor historien om radioen ble skrevet nettopp i Vadsø, skjønner du at 1934 virkelig er gamle dager:
- Myndighetene sørpå var redd for det de kalte den finske fare. Det var kraftige radiosendere i Finland og mange finske innvandrere i Finnmark, og de trengte en motvekt mot det - de ville drive fornorsking. I tillegg var vi nær nabo med et revolusjonært Sovjet, og hadde behov for å bygge norsk selvstendighet.
NRK-huset i Vadsø ble bygget rett etter krigen. Det som virkelig ruvet i byen - radiomastene - forsvant med et smell i 2003. TV-bilder fra 3. april 2003, filnavn RADIOMASTER
Mellombølgesenderen var utdatert - og den deler skjebne med svært mye annen teknologi.
Geir: Da de var på reportasjetur i 1937, hadde de to og et halvt tonn utstyr med seg. Da spilte de inn lyden på grammofonplater. Siste jeg var på radio på direkten, brukte jeg bare denne her. Det som gikk i en lastebil før går stort sett i en moderne smarttelefon
Geir Samuelsen blir med på flyttelasset til Alta. Her kommer hovedkontoret for det nye selvstendige NRK Finnmark - nå som ti års samboerskap med Troms går mot slutten.
synk Morten
Det var historisk begrunnet i sin tid. Behovene har endret seg, og derfor flytter vi også til Alta.
Vadsøværingene sa hva de mente om å flytte hovedkontoret, men redaktøren er sikker på at fylkets største by er rett sted for framtida. 
Vi skal ikek flytte fra Øst-Finnmark som mange tropr. Sterkt til stede i øst. Hoved kontor ALta. Dette er bare rett og slett fanatstisk.

NRK Finnmark er NRKs eldste distriktskontor. No på plass i nye lokale i Alta sentrum.

Den store distriktskontorutbygginga

På 1970- og 1980-talet skjedde det ei stor utbygging og satsing på distriktskontora. Nye avdelingar vart oppretta og eksisterande kontor vart utvida både med nytt utstyr og fleire tilsette.

Kontora fekk også TV-utstyr, TV-studio vart innreidde og mykje anna utstyr kom på plass. Det vart mykje enklare å sende direkte. Opprustinga gjorde at distriktskontora kunne utvide både radio- og TV-tilbodet kraftig.

Created by InfoDispatcher

Besøk distriktskontoret: Ta ein kjapp rundtur gjennom NRK Troms sine lokale då dei hadde Open dag.

NRK si beredskapsrolle

Med nærværet og avdelingane sin landet rundt har NRK ei viktig beredskapsrolle når det gjeld å opplyse og informere folket når store alvorlege hendingar hender og utviklar seg.

Den største kanalen i radioen, NRK P1, og hovudkanalen på TV, NRK1, speler sentrale roller i denne beredskapen, og det blir rydda plass når nyheitsbiletet krev det eller når informasjonsbehovet er stort.

Ved viktige regionale hendingar, speler distriktssendingane i radioen ei viktig rolle. Distriktskontora kan overstyre NRK P1 sine sendingar med regionalt innhald når det er behov for det.

Bli bedre kjent med programlederen og få et innblikk i hvordan Midtnytt forberedes og gjennomføres.

Slik lagar NRK Trøndelag TV-nyheitsprogrammet Midtnytt. Odd Rune Wolden følgde kollegaene sine ein vanleg kveld i kringkastingshuset på Tyholt i Trondheim direkte på Facebook. Her i opptak.

Oppdatering og utdjuping

Hyppige oppdateringar, er på same måte som moglegheita til fordjuping sentrale føresetnader for NRK sitt samfunnsoppdrag.

Om morgonen er radioen stadig ei viktig oppdateringskjelde med tre timar lange distriktssendingar. På kveldstid sender ein regionale TV-nyheiter og distriktskontora har eigne nettsider som blir jamleg oppdaterte døgnet rundt.

Engasjementet er stort rundt NRK. Då NRK sende «Sommeråpent» frå ein båt langs norskekysten vart publikum oppmoda til å sende inn sommarbileta sine. 100 000 bilete kom til NRK og vart til denne flotte montasjen.