jWWqwFCTj58
Foto: Carina Johansen / Kristian Jacobsen

Eliteserien Møre og Romsdal 2020

Oppsummert

Her får du siste nytt om Aalesund FK, Molde FK og Kristiansund BK i Eliteserien 2020.

  • Oppgitt over vurdering

    Molde FK følte seg snytt for det dei meinte var ei klar straffe etter ein hands i kampen mot Brann i går. Molde tapte til slutt 2–1 på Aker Stadion og trener Erling Moe var oppgitt over situasjonen og meiner det viser at det også er behov for videodømming (VAR) i eliteserien. – Det ser ut til å vere eit behov. Om ting held fram slik vil det etter kvart tvinge seg fram, seier Moe.

    Erling Moe
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Ti poeng på fire kampar

    Kristiansund Ballklubb sikra seg tre nye poeng då dei slo Start på heimebane i går. Trenar, Christian Michelsen, hadde sett eit delmål om å vinne tre kampar på rad. Og med 3–2 sigeren i går, klarte dei nettopp dette. – Vi setter oss mål kvart år som får oss til å jobbe hardt. Dette var eitt av dei. Vi har fått ti poeng på dei siste fire kampane og det monnar det, seier Michelsen. Dei ligg no på ein sjetteplass på tabellen.

    Kristiansundtrener Christian Magnus Thim Michelsen før eliteseriekampen i fotball mellom Viking og Kristiansund
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • – Skulle gjerne hatt fleire poeng

    Aalesund FK sikra seg eitt poeng då dei sikra 2–2 i gårsdagens kamp mot Viking. Trener Lars Bohinen skulle gjerne hatt fleire poeng. – Vi veit at eitt poeng er for lite, det tek oss ingen plass. Vi skulle gjerne hatt tre, men det eine poenget er i alle fall betre enn ingen poeng, seier han. Sjølv om AaFK ligg nedst på tabellen håper Jonas Grønner at dei framleis kan snu sesongen. – Vi må ta oss med dei poenga vi får. Om vi har kampar der vi greier å skape sjansar så veit eg at vi vil kunne plukke poeng framover, seier han.

    Aalesunds trener Lars Bohinen gir instrukser i eliteseriekampen i fotball mellom Aalesund og Bodø/Glimt på Color Line Stadion.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB/Scanpix
  • Har ingen favorittmotstandar

    Moldetrenar Erling Moe har ikkje blinka seg ut nokon favorittmotstandar til den første kvalifiseringsrunden i Meisterligaen. Søndag blir det klart kven MFK skal møte. Koronasituasjonen gjer oppsettet komplisert.

    Erling Moe
    Foto: Hans-Olav Landsverk