Hopp til innhold

Kjempar om Europaspel

Kristiansund-spelar Amin Askar er skuffa over at dei ikkje sikra tre poeng då dei møtte Sarpsborg på bortebane i går. KBK scora først, men Sarpsborg utlikna like før kampslutt noko som resulterte i 1–1. Laget, som ligg på ein femteplass på tabellen, kjempar om Europaspel neste år, og Askar trur dei framleis har ein sjanse trass poengdeling. – Vi kjemper om både medalje og plass i Europaspel så vi har ikkje råd til å gi vekk poeng. Men vi kan framleis ta mange poeng før sesongen er slutt så vi satsar for fullt på det, seier Askar.

Kristiansunds Amin Askar og trener Christian Michelsen.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB