Hopp til innhold

Spissløse Molde fortsette sigersrekkja mot KBK

Molde stilte utan nokre klare spissar, men sikra likevel ein komfortabel 2-0-siger heime over Kristiansund i Eliteserien.

TKwdhDQPEWM

Molde jublar etter 2–0 siger i eliteseriekampen mot Kristiansund.

Foto: NTB

Det er ein fortent seier, dei skaper ikkje mykje på oss, seier Molde-trenar Erling Moe.

Moldensarane står med full pott etter tre seriekampar, og toppar med det tabellen.

Det sjølv om Moe måtte for andre kampen på rad stille utan ein klar spiss på topp.

Etter Fredrik Gulbrandsen og Veton Berisha rauk ut med skadar, steppa Kristian Eriksen og Magnus Wolff Eikrem inn på topp mot KBK.

Eirik Hestad har også fått ei meir offensiv rolle og sette inn Moldes første mål, før Eriksen fastsette resultatet.

Klart det var viktig for oss å vinne. Men KBK gjorde ein bra match, og satte oss på prøve når vi hadde ballen, seier Hestad.

Han fortel at det var ein tøff kamp, men at dei fortente å vinne.

02DjZVRIaTY

Kristian Eriksen jublar etter at han gav heimelaga leiinga 2–0 i eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Kristiansund.

Foto: NTB

– Det blir berre nesten

Max Williamsen seier Kristiansund fikk ein god sjanse i starten av kampen, og ein litt seinare.

– Når vi ikkje set dei blir det sjølvsagt vanskeleg, og då slit vi med å bryte dei ned, seier han og legg til:

– Vi kjem ikkje til dei farligheitene vi har lyst til, og det blir berre nesten.

H7CJqAvp51I

Dommar Rohit Saggi gir gult kort til Kristiansunds Brynjólfur Willumsson.

Foto: NTB

Ein medium prestasjon

KBK trenar Amund Skiri seier det er kjedeleg dersom dei skal vere avhengig av å skåre på dei få sjansane dei får tidleg i kampen.

Vi må heller prøve å skape.

Skiri meiner likevel dei gav Molde ein grei kamp.

WLHE13iudUA

KBK trenar Amund Skiri meiner dei gav Molde ein real kamp.

Foto: NTB

Kampen i dag er ein medium prestasjon. Vi er ikkje topp, men heller ikkje svake. Vi gir Molde ein ok kamp, seier han og legg til:

– Eg trur oppriktig vi kan bli betre med tida, og det treng vi for å plukke fleire poeng.

Vertane steppa opp

I andre omgang steppa vertane opp og det tok ikkje meir enn elleve minutt før Eriksen dobla leiinga.

IXr7kC1Axjs

Eriksen signerte fotballsko og prata med fansen etter fotballkampen.

Foto: NTB

I sluttminutta sette Hestad ballen i mål for andre gong, men etter ein VAR-sjekk blei skåringa annullert og gjestene tildelt frispark for ein duell inne i feltet.

Molde-keeperen Jacob Karlstrøm var nøgd etter kampen, og meiner det var ein fortent siger.

Det er så klart deileg, og det er sånn det skal vere, seier han.

Onsdag tar Molde imot Odd på heimebane, mens KBK skal fortsette jakta på sesongens første heimesiger mot Tromsø.

(NTB/NRK)