Kristiansund BK jubler etter ledelse over Strømsgodset
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Kristiansund BK

Oppsummert

Kristiansund Ballklubb blei etablert hausten 2003 etter ei samanslåing av Kristiansund Fotballklubb og Clausenengen Fotballklubb. KBK rykte opp til Eliteserien 23. oktober 2016 og blei nummer sju i sin første sesong.

Laster innhold, vennligst vent..
  • Nøgd med poengdeling

    Forventingane begynner å bli store til Kristiansund BK etter at laget har vore i svært sterk form denne våren. Likevel sa trenar Christian Michelsen seg godt nøgd med eitt poeng borte mot Mjøndalen i kveld. – Eg er stort sett alltid nøgd med eitt poeng på bortebane i eliteserien. No har vi spelt ni kampar i serie og cup utan å tape. Så det er veldig sterkt. Men vi likna ikkje oss sjølve i første omgang i dag, sa Michelsen til NRK.

    Michelsen
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix
  • – Eg har knallsterke poeng

    Før oppgjeret mot Kristiansund gjekk Christian Gauseth ut i media og kritiserte nordmørslaget for å mangle ein eigen spelestil, og berre satse på lange ballar. Moldensaren som spelar på Mjøndalen seier etter 1-1-kampen mot Kristiansund at han ikkje angrar på kommentarane. – Eg kan godt fyre litt, eg. Det er med på å auke interessa for produktet. Spesielt når eg har så knallsterke poeng som eg har i dette tilfellet, seier Gauseth til NRK. Moldensaren var faktisk sist på begge måla i denne kampen. Han scora sjølv på vakkert vis 1–0 til Mjøndalen i første omgang. 1-1-scoringa til Amidou Diop nokre minutt før slutt gjekk så vidt via Gauseth. – Alltid artig å score. Men vi skulle ha hatt tre poeng i dag, meiner Mjøndalen-kapteinen.

     Christian Gauseth på Mjøndalen
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Endå ein gong har Kristiansund Ballklub brote barrierar. Heilt sidan starten i 2004 har klubben hatt framgang. I årets sesong er til no 43 poeng sikra, tre poeng meir enn i heile fjor. Spørsmålet er korleis dei får til dette.