Hopp til innhold

Keepertabbe då MFK gjekk på årets første tap

Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.

Eliteserien i fotball 2024: Molde - Strømsgodset (4-0)

SKUFFA: Molde-keeper Jacob Karlstrøm var skuffa over at han sende ballen rett i ein Odd-spelar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Molde Fotballklubb fekk kampens første mål, men tapte til slutt 1–2 for Odd på Aker Stadion i kveld.

Molde-keeper Jacob Karlstrøm serverte vinnarmålet til Odd 20 minutt før slutt. Då rota han til eit tilbakespel og sende klareringa rett i ein Odd-spelar.

Returen blei plukka opp av 17 år gamle Faniel Tewelde, som sette ballen i eit opent mål.

– Eg feilberekna tilbakespelet, så då kjem han for nært, og eg var maks uheldig derifrå. Det er tynt av meg, seier Karlstrøm til NRK.

Ein som derimot kunne juble var innbytar Tewelde.

– Det var deilig å score. Vi kriga inn dei tre poenga. Vi må bli litt betre med ball og tørre litt meir, men elles synest eg det var ein bra kamp, seier Odd-spelaren.

Odds Faniel Tewelde (th) etter eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Odd på Aker Stadion.

Odd-spelar Faniel Tewelde sikra sigeren for Odd i kveldens eliteseriekamp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NRK

Sesongens første tap

Det var Kristian Eriksen som først scora for MFK etter 33 minutt. Odd utlikna berre nokre minutt seinare ved Bork Bang-Kittilsen. Og med målet til Tewelde vann telemarkingane dermed 2–1.

Dette blei også MFK sitt første tap denne sesongen, etter å ha vunne dei tre første kampane.

Dei to baklengsmåla var også dei første som Molde har sleppt inn i år. Karlstrøm var skuffa over kveldens resultat.

– Det er skuffande. Det er slike kampar vi må vinne for å vinne Eliteserien, noko som er målet vårt.

Les også Spissløse Molde fortsette sigersrekkja mot KBK

TKwdhDQPEWM

Tredje scoring så langt

Kristian Eriksen si scoring var den tredje så langt denne sesongen. Dermed toppar han scoringslista i Eliteserien.

Kristian Eriksen etter 1-0 scoringen i eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Odd på Aker Stadion.

Molde-spelar Kristian Eriksen har scora tre mål for Molde FK på fire kampar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Det er fint å bidra, men i dag skulle eg heller hatt ein siger. Det er bra for min del, men eg vil at laget skal vinne, seier han til NRK etter kampen.

Eriksen synest at dei i perioden spelte ein kontrollert kamp, med unntak av på slutten av andre omgang. Likevel meiner han det er fleire ting som manglar.

– Vi har for lite energi på bana i dag. Kvar einaste kamp i Eliteserien er tøffe og ein må ha energi og møte opp og krige.

Molde-trenar Erling Moe meiner det er fleire ting som svikta i dagens kamp.

– Eg trur vi har ballen godt over 60 prosent, men dei murar godt igjen. Vi slit med å få nok tempo og bevegelse inn i det forsvarsverket dei har sett opp.

Moe vektlegg at han hadde ønskt at dei hadde greidd å skape meir på heimebane.

– Vi var ikkje dyktige nok der i dag. Så no må vi finne ut kvifor og jobbe med prestasjonane til neste gong. For dei må opp!

Moldes trener Erling Moe under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Odd på Aker Stadion

Molde-trenar Erling Moe meiner dei må prestere betre enn dei gjorde i kveldens kamp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Møter Bodø/Glimt i neste kamp

Allereie på søndag møter Molde FK regjerande seriemeister Bodø/Glimt.

– Vi må sjå på forskjellige ting og rette desse til søndag, seier Eriksen.

– Det blir ein artig og interessant kamp. Så vi må bruke dagane godt fram til då, seier trenar Moe.

MFK ligg no på ein andreplass på tabellen i Eliteserien, medan Bodø/Glimt toppar tabellen med ein mindre kamp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL