Sportsnyheter

Oppsummert

Her får du de siste sportsnyhetene fra NRK.

  • Hovland avslutta forrykande

    Viktor Hovland avslutta med birdie og leiar nå PGA-turneringa i golf i Puerto Rico før søndagens avslutningsrunde. Hovland låg på delt leiarplass før laurdagens tredjerunde, men med godt spel la han alle konkurrentane bak seg. Han varta opp med heile åtte birdiar og kan nå ta sin aller fyrste siger på PGA-touren. Åtte slag under par på runda og totalt 18 slag under par i turneringa er fasiten etter endt spel laurdag.

    Viktor Hovland i Puerto Rico
    Foto: Kevin C. Cox / AFP
  • Marerittkamp for Jarstein

    Rune Almenning Jarstein hadde ein svært tung dag på jobben for Hertha Berlin laurdag. Landslagskeeperen slapp inn tre mål og scora sjølvmål da det blei 0-5 mot Köln i tysk Bundesliga. Han var ordentleg på bærtur da Florian Kainz skaut mot mål og Jarstein sparka ballen via stolpen og i eige mål. Per Ciljan Skjelbred satt heile kampen på benken for Hertha.

    Jarstein og Hertha
    Foto: Michael Sohn / AP
  • Uavgjort for Berge og Sheffield

    Sander Berge fekk 81 minutt da Sheffield United spelte 1-1 heime mot Brighton. Sheffield United-manager Chris Wilder meiner det var Berges beste kamp for laget så langt.

    – Eg synest det var hans beste prestasjon for oss. Han spelar i ein annleis posisjon for oss, men eg trur han knapt gav bort ballen. Pasningsspelet hans var strålande, seier Wilder til NRK etter kampen og legg til:

    – Han spelar under stort press, men han har vore eineståande. Eg er sikker på at han vil vekse og vekse.

    Sander Berge
    Foto: ANDREW YATES / Reuters

Siste nytt

  • Hovland avslutta forrykande

    Viktor Hovland avslutta med birdie og leiar nå PGA-turneringa i golf i Puerto Rico før søndagens avslutningsrunde. Hovland låg på delt leiarplass før laurdagens tredjerunde, men med godt spel la han alle konkurrentane bak seg. Han varta opp med heile åtte birdiar og kan nå ta sin aller fyrste siger på PGA-touren. Åtte slag under par på runda og totalt 18 slag under par i turneringa er fasiten etter endt spel laurdag.

    Viktor Hovland i Puerto Rico
    Foto: Kevin C. Cox / AFP
  • Real Madrid gjekk på smell

    Real Madrid rauk på eit surt 0-1 tap heime mot Levante laurdag kveld. 11 minutt før full tid blei Jose Luis Morales matchvinnar da han traff perfekt på volley frå spiss vinkel. Barcelona vann derimot 5-0 mot Eibar og har dermed tatt over serieleiinga og har to poeng ned til hovudstadslaget.

    Real Madrid tapte mot Levante
    Foto: Alberto Saiz / AP
  • Kristoff krasja med gutt etter mål

    Alexander Kristoff var uheldig og krasja med ein liten gut etter å ha passert målstreken i sykkelrittet Algarve rundt. Både Kristoff og guten blei lettare skada i uhellet som skjedde på veg ned etter målgang frå fjelletappen i Tavira. – Eg køyrde normalt, og plutseleg kom ein gut springande ut rett framfor meg, og da var det umogleg å unngå og krasje, seier Kristoff til TV 2.

    Alexander Kristoff
    Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal