Hopp til innhold
Anmeldelse

Intrikat kostymefest

Sterke prestasjonar i musikalen «Into the Woods». Men framsyninga er like fullt komplisert.

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.
Foto: Erik Berg
Teater

«Into the Woods»

Det Norske Teatret

2. april – 18. juni 2022

Eventyra er blant dei mest brutale forteljingane me eig.

Dei inneheld farar, mot og mørker, tønner med spiker og auge som vert stukke ut. Men dei inneheld òg kjærleik, kamp og siger, ofte mot alle odds.

Dei forstørrar våre kampar og redsler ved å ta dei med inn i eit magisk univers. Eventyra fortel noko større enn seg sjølve.

For kva hende eigentleg då Raudhette gjekk inn i skogen?

Musikalen «Into the Woods» er ei slik eventyrforteljing – likevel heilt ulik alle andre eventyr.

Alle sansar skjerpa

Stephen Sondheim og James Lapine har skrudd på eventyra – eller rettare: Dei tek opp att tråden når «levde lukkelege alle sine dagar»-rusen er over. Finst det ein lukkeleg slutt? spør dei.

Er ikkje sigeren og lukka berre ei fortsetting av kampen?

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.

LAGNADSTUNGT MØTE: Raudhette (Ina Svenningdal) møter sjølvsagt ulven (Pål Christian Eggen) på sin veg. Det blir som det må bli: Blodig.

Foto: Erik Berg

Eg kan seia det med ein gong:

Dette er ein komplisert musikal. Han er krevjande å henga med på, og han er krevjande å framføra. Stephen Sondheim skreiv utruleg spennande musikalar: rytme, dialog, song, melodiliner og handling er intrikat vovne i hop.

Slik er det òg i «Into the Woods». Ein vert sittande og lytta, tenkja, skjerpa alle sansar.

Bakar utan brød i omnen

Historia tek for seg kjende eventyr, mange av dei samla inn av brørne Grimm. Me møter Oskepott, Rapunsel, Raudhette og Jack med bønnestengelen.

Sjølvsagt er det ei heks her som stikk kjeppar i mange hjul.

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.

INGEN QUICK FIX: Rapunsel (Julie Støp Husby) sit i slottet sitt og syng så nydeleg, men får aldri slippa fri frå mor si, heksa (Heidi Gjermundsen Broch). Til sist får ho det likevel til. Men morskompleksa slepp likevel ikkje tak i ho, sjølv om den lange, fine, fletta forsvinn.

Foto: Erik Berg

Til å binda det heile saman har Sondheim og Lapine skrive inn eit par, begge bakarar. Dei er naboar med heksa, og dei strever med å få barn etter at ho kasta ei forbanning over dei. Eit kjent motiv frå eventyra (tenk på Tommelise og Tornerose).

Men heksa har eit forslag til løysing: Om dei går inn i skogen og finn nokre ting ho treng, skal alt løysa seg.

Det er her historia vert komplisert. Motivasjonen for å hente tinga (henta frå kvart sitt eventyr: Hår frå Rapunsel, kappa til Raudhette, kua til Jack, skoen til Oskepott) er uklår – og medan eventyra spelar seg ut i skogen og ekteparet strevar med å få tak i dei fire magiske tinga, har heksa ein eigen plan.

Ho er nemleg den overbeskyttande mora til Rapunsel, og nektar å la dottera veksa opp. Eventyra går sin gong på sine snurrige vis, og alt endar godt innan første akt er omme. Sjølv kjempa som kjem etter Jack, får dei has på.

Det kjennest som ein nedtur at alt går så bra.

Mykje vil ha meir

Men eigentleg er det først i andre akt musikalen i seg sjølv vert interessant. For her er me forbi «lukkeleg alle sine dagar», og misnøya og dei mange ønska om meir får bløma. Visst er bakarparet glad for sonen sin, men han skrik, og det er mykje jobb med ein liten ein.

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.

HINDRINGAR: Bakarparet, spela av Kristoffer Olsen og Kjersti Dalseide, går gjennom dei mange farane i skogen for å finna det som skal bringa dei lukka i form av ein son. Då må ein trassa sin eigen moral og si eiga frykt - og tvilen ligg ulmande inni der ein stad.

Foto: Erik Berg

Visst er Oskepott glad for å ha fått prinsen, men han svik ho. Graset er grønare på hi sida, slik er det i eventyra òg.

I andre akt må nye kampar kjempast, og nøkkelen ligg i å finna fellesskapen, akseptera at livet ikkje berre er det ein lengtar etter, men òg det ein har. Noko som visast i det som kanskje er den aller finast omsette songen i stykket: «Alle har einkvan» («No one is Alone»).

Runar Gudnason si omsetjing er full av smarte vendingar. Ikkje minst er omsetjinga god å synga – sjølv om songteksta innimellom forsvinn i dei raskaste partia.

Visuelt eventyr

Gode vokalprestasjonar er det mange av.

Heidi Gjermundsen Broch er den perfekte heksa med eit eineståande hamskifte midtvegs.

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.

KOSTYMEFEST: Heidi Gjermundsen Broch har venta heile livet på å få spela heksa i «Into the Woods». No er tida inne - og ho leverer, både som tradisjonell heks med laustenner og som slørpynta femme fatale.

Scenografien er slåande. Samspelet med lysdesignet skapar dei naudsynte draumebileta frå skogen, der ein knapt veit forskjell på opp og ned og natt og dag. Scena er elles mørk.

Det store huset, med skogsvokster slyngande rundt seg som hekken rundt Tornerose-slottet, vert eit bilete på det menneskelege medvit der det står med eit stort og uutforska mørker rundt seg.

Her er blod og drap og glitrande kjønnsorgan.

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.

EVENTYRSTEMNING: Scenografien er laga av Erlend Birkeland - eit hus som bilete på skogen og mennesket sitt medvit. Det vert dekka med slyngande vokstrer, nett slik slottet der Tornerose sov i hundre år.

Foto: Erik Berg

Samstundes er det ei forteljing om å verta vaksen. Difor passar framsyninga for ungdom, og eg trur unge og vaksne ser musikalen på heilt ulike vis.

Ungdommane vil sjå fridomen og stengsla og det vanskelege i å vita kva ein vil. Og at ein må våga. Dei vaksne vil sjå alderdomen, dei mørke sidene ved å vera forelder, kva ein vart.

Samstundes får ikkje musikalen heilt grep om seg sjølv.

Starten luggar, han tar tid å koma inn i. Det er som om regissør Ole Anders Tandberg ikkje heilt har fått den siste vesle brikka på plass enno.

Å gå inn i skogen er å våga møta si djupaste frykt. Men det er ikkje skogen i seg sjølv som er det farlege.

Det er kven du blir når du går inn i han.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Fleire teatermeldingar:

«Bør Børson jr.» med Turnéteatret i Trøndelag «Prima vare fra Brungot»

John Brungot som Bør Børson jr. på teaterscenen

«Sancthansnatten» på Ibsen Museum & Teater «Den lystige Ibsen»

Skuespillerne Seda Witt og Jonas Hoff Oftebro poserer på plakaten til skuespillet «Sancthansnatten».

«Amadeus» på Trøndelag Teater «For mye på helt riktig måte»

Plakat for forestillingen "Amadeus" på Trøndelag Teater