Hopp til innhold
Anmeldelse

Gutar, kjensler og song

«Menn som ingen treng» er ærlege portrett av menn på randa.

Fra forestillingen "Menn som ingen treng" på Den Nationale Scene i Bergen
Foto: Den Nationale Scene
Terningkast 4 Teater

«Menn som ingen treng»

Den Nationale Scene, Bergen

6. april - 20. april 2024

Ein traumatisert soldat. Ein einsam nittenåring. Ein bossbilsjåfør med dårleg hofte. Ein enkemann. Ein bartender. Ein student. Ein som vaks opp med ein valdeleg far.

Alle kjenner dei seg som menn som ingen treng.

Frode Grytten sitt nyaste teaterstykke med nett den tittelen, «Menn som ingen treng», løftar fram einsemda og kjensla av å vera til overs.

Det handlar om heilt vanlege menn, menn som lik dei fleste andre treng ein klem, ifølgje forfattaren.

DNS i Bergen set opp stykket Menn som ingen treng av Frode Grytten.

TRENG EIN KLEM: Sju menn, sju historier. Felles for dei er at dei kjenner seg utanfor fellesskapen – og at dei treng ein klem.

Sårbart

Ved Den Nationale Scene i Bergen har Frode Grytten og regissør Lasse Kolsrud fletta saman forteljingane til dei sju mennene som står på scenen.

Historiene veks fram med eit musikalsk underlag: Kjente låtar av mellom andre David Bowie, Bruce Springsteen og Tom Waits smyg seg inn mellom historiene og tonesett dei. Mennene på scenen syng til kvarandre: «I Would Die 4 U», «Last Night I Dreamt That Somebody Loved Me», «No One Knows I’m Gone».

Det er sårbart, avslørande, viser fram eit mørker.

«Menn som ingen treng» er musikkteater samanfletta med monologar. Det er ingen dialog, heller inga handling. Anten fortel dei sju karane historia si, dei syng eller dei sit og lyttar til ein av dei andre som fortel.

På scenen er det flust med moglegheiter for kvile: ein sofa, stresslessar – god plass. Utfordringa er at det blir stilleståande, etter kvart langdrygt.

Uforløyst

Og derfor er musikken så viktig. Helge Lilletvedt har arrangert alle låtane for strykekvartett, og Eirik Sundaran Blåsternes står for livemixen. Arrangementa er fint gjort, låtane smyg seg liksom inn i forteljingane, gir dei tempo og fart.

Fra forestillingen "Menn som ingen treng" på Den Nationale Scene. Mann står i forgrunnen og synger i mikrofon, damer sitter i bakgrunnen bak en gjennomsiktig vegg og spiller på instrumenter

I BUR: Kvinnelege musikarar sit i eit slags bur.

Foto: Den Nationale Scene

Det er fint å høyre desse kjente låtane i ei slik utgåve. Meir merkeleg er det at dei fire kvinnelege strykarane sit innestengde i eit slags bur som vert frakta rundt på scena. Dei er kledde i kjolar som verkar vera inspirerte av 1800-talet.

Dei fire musikarane representerer noko opphøgd der dei sit innestengde og er drivkrafta i heile framsyninga. Symbolikken verkar noko uforløyst.

Også koreografien har det same uforløyste preget. Mennene sit i stolane sine og rykker rytmisk med eine skuldra til takta i musikken, til dømes. Desse rørslene er med på å understreka det statiske i framsyninga.

Men på nokre punkt opnar koreografien framsyninga opp.

Det skjer i fellesscenane, til dømes når ein fotball vert kasta inn på scenen og alle sprett opp i glad balleik. Då skjer det mykje, òg i karakterutviklinga. Den inneslutta Mann (19) opnar seg opp, vert ein annan.

Leik og musikk er frigjerande element i «Menn som ingen treng».

Sju menn på scenen, en sitter med mikrofon, en står med en kaffekopp, enn danser, resten sitter og ser på.

FRIGJERANDE: Når dei leikar, dansar eller spelar fotball, vert noko forløyst i stykket.

Foto: Den Nationale Scene

Kvardagsleg

Og musikken er naudsynt, elles vert det teksttungt. Det er sju lange monologar publikum skal forhalda seg til.

Det kan verke som at Grytten i denne teksten ønsker at det skal gå bra med karane han skriv om, og det tek tid før dei er i mål, alle. Håp, nærleik og feelgood er viktige element i «Menn som ingen treng».

Fra forestillingen "Menn som ingen treng" på Den Nationale Scene i Bergen. Flere menn på scenen. Mann i forgrunnen står i mørket, bak står en uskarp mann med mikrofon lyssatt, bak ham igjen sitter menn i stoler

LYSLØFT: Lysdesignet til Silje Grimstad løftar framsyninga og tar opp stemninga både i forteljingar og songar.

Foto: Den Nationale Scene

Desse kvardagslege og samstundes unike historiene gjer inntrykk nett i det at dei er så vanlege, noko mange kan kjenne seg att i. Nokre av karakterane er meir føreseielege enn andre – kan hende kunne ein leita etter moment i nokre av mennene sine historier som kunne overraska publikum meir.

Grytten sin tekst lar sju ærlege menn fortelja. Dei undrar kvifor ting vart som dei vart, og leiter etter kva det er i dei sjølve som gjer at dei kjenner seg utanfor.

Likevel: Framsyninga vert litt for tung og litt for lang – trass i at energien mellom skodespelarane er god.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.