Hopp til innhold
Anmeldelse

Spynorsk utan substans

«Spynorsk. The Musical.» er full av gode, morosame augne­blinkar. Men historia er for tynn.

Fra Spynorsk. The Musical.
Foto: Det Norske Teatret/Ole Herman Andersen
Terningkast 4 Musikal

«Spynorsk. The Musical.»

Det Norske Teatret, Oslo

13. april–24. august 2024

Komikar og forfattar Are Kalvø er knallgod på politisk satire.

Han og komponist Ingrid Bjørnov er eit godt team, ikkje minst fordi ho er god til å løfta dei satiriske Kalvø-tekstane musikalsk og gjera dei endå morosamare.

Dei to har tidlegare laga musikal om kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget (skal tru korleis den musikalen ville vore i dag?).

No er det nynorsken dei tek føre seg i musikalen «Spynorsk. The Musical.».

Om du ikkje gjekk på skulen i dei tider då ein nytta Alf Hellevik si nynorske ordliste, populært tagga om til «spynorsk mord­liste», så er det altså frå denne tittelen kjem.

Julie Moe Sandø i Spynorsk. The Musical.

OPPVAKNING: Aase Ivarsen (Julie Moe Sandø) finn ei bok om Ivar Aasen, samt ei nynorsk ordliste som besteforeldra har etterlate seg. Det, og Ivar Aasen (midt på scena bak ho), endrar livet hennar.

Foto: Det Norske Teatret

Nynorsk frigjering

Handlinga går føre seg på to ulike plan. Det eine handlar om Ivar Aasen (Frank Kjosås) og gjerninga hans, der Aasen framstiller seg sjølv som esla til noko stort, ein språk-kar med superhelt­draumar.

Den andre historia finn stad i 2042, der den desillusjonerte Aase Ivarsen (Julie Moe Sandø) treng noko å brenna for, å engasjera seg i.

Ho finn nokre bøker om Ivar Aasen, og etter berre å ha lese vaske­setelen har ho eit livsprosjekt. Ho skal gjere som Ivar Aasen: endra verda, gje folk noko å leva for.

Språkquiz: Ingvild Bryn testar deg i nynorsk

Ingvild Bryn

For folk i 2042 er som i dvale. Konsentrasjonen er så å seia øydelagd grunna overvettes skjerm­bruk, verda er grå, og det same gjeld folket. Men med list og vaflar kan ein endra mykje.

Partiet «Spynorsk mord­liste» vert starta – og gjer eit brakval.

Nynorsken vert eit frigjerings­prosjekt for Aase Ivarsen. Samstundes skjønar ho ikkje heilt kva ho har stelt i stand. Ting går ikkje heilt slik ho hadde tenkt.

Fra Spynorsk. The Musical.

GLEDE: Så glad og fri kan ein verta av nynorsk. Eller? Aase Ivarsen (spelt av Julie Moe Sandø, liggjande fremst i biletet), får i alle fall folket med seg.

Foto: Det Norske Teatret/Ole Herman Andersen

Ivar Aasen som super­helt

Musikk­nummera flyt lystig og lett ved Det Norske Teatret i «Spynorsk. The Musical.». Bjørnov har skapt eit variert musikalsk bilete.

Ho hentar fram mykje humor i melodival, rytmar og i måten ho vekslar frå gospel til folkemusikk til rock på. Ensemblet syng godt, og bandet har fint driv.

Det er i dei lange linene og den overordna historia musikalen ikkje heilt finn forma. Aase Ivarsen sitt prosjekt er ullent, og det er motivasjonen hennar òg.

Og utover i musikalen står det slett ikkje noko på spel. Det er lite i historia som seier at noko verkeleg gjeld, og det er vanskeleg å hekta seg på kjenslene til karakterane og involvera seg emosjonelt.

«Spynorsk» er rett nok satire, men den over­ordna historia er likevel tynn og utan substans. Kan hende står alle dei artige sketsjane i vegen for den gode historia.

Frank Kjosås som Ivar Aasen i Spynorsk. The Musical.

SUPERHELT: Ivar Aasen (Frank Kjosås) som frelsaren, superhelten og rockestjerna. Her i eit tablå som speler på ei kjent frigjerings- og kampscene frå musikalen «Les Misérables». Det gjev forventningar om at nynorsken speler ei sentral rolle i musikalen. Men gjer han eigentleg det, undrar NRK sin kritikar.

Foto: Det Norske Teatret

Morosam på mikronivå

Likevel er dette ein morosam musikal – på mikronivå. Mange av scenene er fint skrivne ut, proppfulle av satire og humor i kjent Kalvø-stil. Dei gode poenga kjem på rekke og rad.

Men meir enn å vera ein musikal om nynorsken, er det ei historie om eit ullent og mislykka politisk prosjekt signert Aase Ivarsen.

Dette trass i at Kjosås heile vegen er hjarteleg til stades som gamlefar Aasen sjølv.

Julie Moe Sandø gjer ei god rolle, den beste i heile framsyninga. Ho syng godt og spelar komedie med stor variasjon og presise detaljar. At rolla er så god trass tynn historie, seier noko om kapasiteten hennar som skode­spelar.

Trass godt spel, gode nummer, spretne songar og mykje humor sit eg att med kjensla av å ha sett ein musikal som er lett å le av og lett å gløyme.

Eller – noko har eg lært: Eg kan synga bøyinga av verbet å symja på ein sløy og smygande melodi signert Ingrid Bjørnov. Men det er vel det heile.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.