Hopp til innhold
Koronateststasjon på Ålesund lufthamn Vigra
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Koronaviruset i Møre og Romsdal

Oppsummert

Koronaviruset rammar alle sider av samfunnet i Møre og Romsdal. Her kan du halde deg oppdatert om det som skjer.

  • Koronautbrot på omsorgssenter

    Både bebuarar og tilsette ved Kirkebakken omsorgssenter i Molde har testa positivt for korona, skriv rbnett. Det skal vere åtte bebuarar som er smitta. Desse er no isolerte på ei eiga avdeling. Ingen skal vere veldig sjuke, seier kommunalsjefen til avisa. Omsorgssenteret tek ikkje inn nye pasientar no.

  • Snart slutt på teststasjonane

    Den kommunale teststasjonen i Ålesund vil vere i drift ut april, skriv kommunen i ei pressemelding. Ut over dette er dei nasjonale oppmodingane at testing skal gjerast på indikasjon ved vurdering av lege.

    Hurtigtestar vil framleis vere tilgjengelege som før, fram til september. Hurtigtestar kan bestillast og hentast på ulike stadar i kommunen.

  • 18 døde covid-pasientar i 1. kvartal

    1. kvartal døydde 18 covid-pasientar, visar kvartalsrapporten til Helse Møre og Romsdal. Det har vore ein stor auke i talet på døde covid-pasientar. Til samanlikning døydde 11 i heile fjor. Ifølge smittevernoverlege, Jørn-Åge Longva, er noko av årsaka at dei i 1. kvartal i år har sett at fleire eldre med underliggande sjukdom er blitt lagt inn med covid-19 som tilleggsårsak til anna tilstand.

  • Klart for dose 4

    Fra og med torsdag 21. april åpner Kristiansund kommune for en fjerde dose med koronavaksine for de over 80 år som ønsker det. Dette er aktuelt for de som er vaksinert med tre doser, ikke har hatt korona og hvor det har gått minst fire måneder siden dose tre. Tilbudet er i Braatthallen mellom klokken 16 til 19, og blir også ukentlig framover.

  • – Mangelfull behandling

    Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal er uroa over at fleire pasientar kan ha fått mangelfull behandling under koronapandemien.

    I denne perioden fekk mange pasientar utsett behandling, nokre fekk endringar i tilbodet og andre har opplevd at tenestene var mindre tilgjengelege, seier pasientombod Hanne Haavde Stenseth til Romsdals Budstikke.

    Ifølgje årsmeldinga fekk ombodet inn 621 nye saker mot 544 året før.

    Hanne Haavde Stenseth, Pasient og brukerombudet i Møre og Romsdal
    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • 26 personar innlagde med korona

    Det er måndag 26 personar innlagde med koronasmitte i Møre og Romsdal. Det viser ei oversikt frå Helse Møre og Romsdal. Fredag var det 22 personar, men talet er lågare enn for ei veke sidan då det var 31 innlagde.

30
29
7
Totalt i region Midt66
Totalt i Norge467
Kommuneoverlege Olav Mestad uttaler seg om situasjonen.