Eit telt for testing av koronamitte er sett opp utanfor Træffhuset i Molde.
Barnehagar og skular har blitt stengt.
Vitusapotek på Åndalsnes i Rauma er stengt.
Medlemmar i LHL har tatt initiativet til at folk kan strikke hjarte og henge dei opp utanfor Kristiansund sjukehus. Det er for å heidre dei tilsette der.
Katrine Mikkelsen har laga eit optimist-tre i Molde og håper at det kan vere med på å spreie glede og optimisme. Alle som vil kan henge opp eit hjarte med ein beskjed på treet.
Western Union i Kristiansund vil ikkje utføre sending av pengar.
Benedicte Tømmerdal, elev ved Akademiet vgs. i Ålesund, får heimeundervisning via datamaskina. Ho er ein av mange elevar som no må studere heimanfrå.
5. klassingen Victoria Emilia Zdunek teiknar på vindauget sitt på Harøya.
Hurtigruteskipa Nordkapp, Nordlys og Spitsbergen i opplag i Ålesund på grunn av koronaviruset.
Nørvebana i Ålesund. Sportsklubben Guard er ein av mange klubbar som måtte stenge bana på grunn av koronaviruset.
I Ålesund er det lite som tydar på at koronaviruset har negativ effekt på det tradisjonsrike Borgundfjordfisket.
Stille søndag formiddag i gågata Kongens gate i Ålesund. Nokon har kasta frå seg eit munnbind, som ligg som eit symbol på koronakrisa.