Hopp til innhold

Støre: – Vi har gitt kommunane full kompensasjon

Kommunane måtte svi av mykje pengar då koronaviruset slo til i starten av 2022. Kravet har vore at regjeringa tek rekninga. No legg regjeringa 7,3 milliardar på bordet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møter elever ved Ila skole

Statsminister Jonas Gahr Støre drog til Ila skule i Oslo med bodskapen om at kommunane får dekt kostnadane i kampen mot koronaen.

Foto: Une Solheim / NRK

– Vi har kome til at det er riktig å dekke dette fullt ut. Kommunane står i ein krevjande situasjon. No får dei litt meir handlefridom til å vareta dei oppgåvene dei har i forhold til barn og eldre.

Statsministeren har tatt med seg kommunalministeren og byrådsleiaren i Oslo til Ila skule. Her møter dei elevane ved skulefritidsordninga i Oslo. Tilbodet her er avhengig av at kommunen har god økonomi.

Og Jonas Gahr Støre har med seg godt nytt. I kampen mot koronaen i 2022 måtte kommunane grave djupt i pengesekken og satt igjen med store kostnadar. Regjeringa lovde at dette skulle dei dekke. No meiner Støre at dei innfrir denne lovnaden. Regjeringa løyver 7,3 milliardar kroner.

– Det har vore ein avtale at når kommunane har brukt desse pengane så skal det bli dekt. Og no gjer vi det på denne måten.

6,9 milliardar kroner går til kommunane medan fylka får 400 millionar. For kommunane blir 4,9 milliardar fordelt med ein lik sum pr. innbyggjar. 2 milliardar blir fordelt som skjønnsmidlar.

korona, bodø, corona, covid-19, vaksinering, vaksinasjon, vaksine

Massevaksinasjon av innbyggjarane var eit viktig tiltak i kampen mot koronaen. Men tiltaka kosta pengar.

Foto: Ola Helness / NRK

Krevjande tider

Sommaren og hausten 2021 var Noreg i ferd med å bli fullt gjenopna. Mange var letta. Folk kunne treffe kvarandre igjen. Dei kunne leve vanlege liv. Og det var mogleg å puste fritt.

Men gradvis gjekk det i feil retning. Rett før nyttår slo viruset til igjen med full kraft. Smittetala eksploderte. Beredskapen blei toppa. I Kommune-Noreg var det alle mann til pumpene. Og det kosta pengar. Mykje pengar.

Gunn Marit Helgesen (H), leder i KS.

Leiaren i KS, Gunn Marit Helgesen, meiner dei har fått gjennomslag for kravet om full dekninga av kostnadane.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Mange har vore spende på kva regjeringa ville kome med. Leiaren i KS, Gunn Marit Helgesen (H), er godt fornøgd.

– Dette er veldig gode nyheiter. Det er jo ein lovnad dei har gitt og vi forventar jo at dei held lovnadane sine. Men dette ser veldig bra ut.

Kniven på strupen

2022 har vore eit tøft år, også for kommunane. Prisane har skote i vêret, renta har auka kraftig og regjeringa har stramma inn på pengebruken. Det inneber at kommunane må bruke sparekniven når dei skal lage budsjetta sine.

I Ålesund har dei kniven på strupen. Dei kan risikere å hamne på Robek-lista og dermed miste styringa over eigen økonomi. Koronaen har kosta dei 42,6 millionar kroner i 2022. Dersom dette ikkje blir dekt kjem Ålesund i ein umogleg situasjon.

– Vi har ingenting å gå på, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap).

Aurdal meiner regjeringa har kome med godt nytt. Men det store spørsmålet er kva Ålesund sit igjen med når pengane har blitt fordelt på kvar enkelt kommune. Det veit ho ikkje no. Men det kan bli heilt avgjerande.

– Vi har forventa at desse kostnadane blir dekt og har lagt det inn i budsjettet som vi skal behandle seinare i haust. Dersom desse pengane ikkje kjem så er vi enda meir i trøbbel.

Eva Vinje Aurdal (Ap), ordfører i Ålesund kommune.

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), roser løyvinga frå regjeringa, men veit førebels ikkje om kommunen får alt dekt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SV: – Viktig for kommunane

SV er glad for at kommunane no får sårt tiltrengte pengar. Partiet viser til at dette var eit viktig gjennomslag for SV i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, seier kommunapolitisk talsperson Grethe Wold.

– Store delar av Kommune-Noreg har slitt med økonomien på grunn av koronakrisa, og har ligge langt bakpå i viktige prioriteringar. Difor er det så viktig at vi no får desse pengane på plass, og at det er tydeleg for kommunane at dei kan stole på støtte frå staten når dei er i trøbbel.

– Svært fornøgd

Tromsø kommune hadde i 2022 koronakostnader på 105 millionar kroner og var ein av stadene i landet med store koronautbrot.

Ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap) er svært fornøgd med signala han har fått frå si eiga regjering.

– Vi har gått litt og vore urolege for at vi kanskje fekk mindre, men når regjeringa leverer på dette nivået er det musikk i våre øyre i Tromsø, seier han.

Ordfører i Tromsø, Gunnar Wilhelmsen

Ordførar Gunnar Wilhelmsen i Tromsø er fornøgd.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Kring bordet saman med elevane ved Ila skule i Oslo møter vi og ein smilande byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). Oslo blei knallhardt ramma av koronaen og kostnadane var enorme. Han har forventningar om at dei no får pengane tilbake.

– Eg er letta. Eg er glad. Desse pengane kjem svært godt med i ein krevjande tid. Dette betyr mykje for Oslo kommune.

Tillit mellom regjeringa og kommunane

For kommunane har det vore viktig å få avklart kor mykje pengar dei vil få før dei skal vedta budsjetta sine no før jul. Men dette handlar også om tilliten mellom regjeringa og kommunane.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) gir stor honnør til den innsatsen som blei gjort under koronaen.

– Her har kommunane og dei tilsette stilt opp for å gi folk tryggleik gjennom pandemien. Og då skal vi kompensere for dette i etterkant slik vi har sagt at vi skal gjere.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og byrådsleder i Oslo, Raymond Johansen (Ap).

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) er samde om at løyvinga på 7,3 milliardar kroner er viktig for kommunane.

Foto: Tom Balgaard / NRK