Helse Møre og Romsdal, NTNU og Ålesund konmune er klare til å starte desentralisert legeutdanning i Ålesund til hausten. Inntil 20 studentar som har fullført dei to første åra av medisinstudiet i Trondheim kan ta dei neste to åra i Ålesund. Målet er å bidra til auka rekruttering til vår helseregion og til auka kapasitet på legeutdanninga i landet, seier fagdirektør Erik Solligård i Helse Møre og Romsdal.
Brørne Kjell Magne og Stig Kenneth Longva har sendt erstatningskrav til Sula kommune. Dei meiner mora kunna overlevd dersom ho hadde fått helsehjelpa ho hadde krav på. Det viste seg at tryggheitsalarmen hennar ikkje verka, men det er ikkje stadfesta at dette er grunnen til dødsfallet, skriv Sunnmørsposten. Innan 31.mai må kommunen svare Statsforvaltaren på kva som skjedde då kvinne døydde.
Ingen vart skadd i hendinga, sjølv om der var folk til stades i bygget.
– Alle ventilane er no sikra med gitter, slik at ventildelane ikkje skal verte treft, eller kunne ramle i bakken. Når det gjeld Emblem skole, så vart det montert gitter allereie i byggeperioden. Det betyr at denne hallen også kan brukast vidare, skriv kommunen i ei pressemelding.
Dei opplyser vidare at Ålesund Kommunale eiendom (ÅKE) straks skal følge opp at det blir gjort tilsvarande utbetringar i hallen på Ellingsøy, som har dei same ventilane.
– Det er også gjort tiltak for å unngå systemfeil på seinare installasjonar i idrettshallane, der leverandøren gjer gitter til standard for ventilane i slike type bygg, skriv kommunen.
Rundt 3500 ansatte i Ålesund kommune gikk fredag kveld over til å bruke Helseplattformen. Journalsystemet erstatter tre tidligere systemer i den kommunale helsetjenesten.
– Dette har gått veldig rolig for seg. Samtidig er vi klar over at det er nå den virkelige jobben starter, sier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal i en pressemelding.
Ålesund er den tiende kommunen i Midt-Norge som har koblet seg på det felles pasientjournalsystemet.