Hopp til innhold

30 nye smitta i Ålesund – 13 av dei er studentar

Ålesund kommune melder om mange nye smittetilfelle. Nesten halvparten av dei smitta er studentar.

NTNU Ålesund

NTNU: Nesten halvparten av dei smitta som blei meldt laurdag er studentar ved NTNU.

Foto: NRK

Ålesund kommune innførte sist helg anbefalingar om maks ti personar på besøk, etter at smitten i kommunen auka. Laurdag blei det meldt om 30 nye smitta. NRK skreiv først at det var tretti smitta på eitt døgn, men dette viser seg å vere tal frå både fredag og laurdag.

13 av dei 30 er studentar.

– Vi ønskjer ikkje slike spreiingar i vår kommune, vi må nok inn med ytterlegare lokale forskrifter, seier kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik til NRK.

Ho omtalar smittetala som alvorlege, men seier det er langt mindre alvorleg enn tidlegare i pandemien sidan så mange er vaksinerte.

Samlar kriseleiinga

Ålesund er, saman med Bergen, ein av stadene i landet der smitten har blomstra i det siste.

Måndag samlast kriseleiinga i Ålesund kommune for å diskutere situasjonen.

– Vi må då vurdere totalsituasjonen og kva moglege tiltak som er forholdsmessige. Vi har moglegheita til å vedta ei lokal forskrift dersom vi har trua på at det kan avhjelpe situasjonen, seier ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Vil førebels ikkje avlyse FadderUka

Studentane ved NTNU i Ålesund har hatt tallause sosiale aktivitetar gjennom heile veka, og har framleis fleire dagar fest og moro igjen. Kommuneoverlegen seier det førebels ikkje er aktuelt å be studentane avlyse.

– Nei, førebels gjer vi ikkje det, fordi vi klarer å kontrollere smittespreiinga. Dersom dette kjem ut av kontroll, vil vi vurdere dette, seier ho.

Kommuneoverlegen seier ei studentgruppe på rundt 60 er råka, etter at fleire av dei er smitta.

Set opp teststasjon ved NTNU

Dei ansvarlege for FadderUka 2021 ønskjer ikkje å uttale seg til NRK no.

Beredskapskoordinator Harald Jan Skarstein ved NTNU i Ålesund stadfestar at fadderveka held fram, men at fadderaktivitetane i den aktuelle studentgruppa blir avlyst. I tillegg blir det digital undervisning i den gruppa som er råka.

– Men er dette nok?

– Dette er dei tiltaka vi kan gjere for å forsøkje å avgrense smitten. Vi er i tett dialog med kommuneoverlegen og vurderer situasjonen fortløpande, seier han.

Det blir også etablert ein hurtigtest-stasjon for studentar måndag.

Fryktar folk ikkje tek situasjonen på alvor

Tidlegare i veka sa ordførar Eva Vinje Aurdal at ho er redd folk slappar av for tidleg.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Ordførar Eva Vinje Aurdal var tidlegare i veka uroleg for smittesituasjonen, etter at 20 blei smitta på eitt døgn.

Foto: Viktoria Hellem Hansen / NRK

– Vi slår stadig nye rekordar når det gjeld smitta og personar i karantene. Vi er bekymra for at folk les i riksavisene at pandemien er over, men situasjonen er ein anna her, sa ho onsdag.

Kommuneoverlegen oppfordrar alle som blir kontakta av smittesporingsteamet om å følgje lokale smittevernråd.

25 av dei totalt 30 smitta er nærkontaktar og har vore i smittekarantene.

Red.anm.: Artikkelen er endra etter publisering med korrigerte tak for smittetal per døgn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL