Hopp til innhold
Pipelife
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Næringsliv i Møre og Romsdal

Oppsummert

Nyheiter frå næringslivet i Møre og Romsdal

  • «Mismatch» i arbeidslivet

    Nav og fylkeskommunen hadde rekordstor deltaking på jobbmessa i Kristiansund i går. Marknadskoordinator Ola Løvold i Nav seier vi har den lågaste arbeidsløysa og den største etterspørselen etter arbeidskraft på ti år.
    Han meiner det er grunn til å tru at det blir ein langvarig mismatch i arbeidlivet i åra framover.

  • Fryktar kva som kjem neste gong

    Regiondirektør Espen Remme i NHO meiner det er bra at usikkerheita no er borte i spørsmålet om grunnrenteskatt for havbruksnæringa. I går blei det fleirtal i Stortinget for 25 prosent grunnrenteskatt. for havbruksnæringa. – I det korte bilde vil det vere med å auke aktiviteten, men underliggande ligg eit spørsmål om kva som kjem neste gong, seier Remme.

    Espen Remme, regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal.
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Glad for semje om lakseskatten

    Ein lakseskatt på 25 prosent er eit steg i rett retning, seier Ap-ordførar Ingrid Ovidie Rangønes i Averøy, som og er styremedlem i nettverk for fjord- og kystkommunar. Regjeringa foreslo ein lakseskatt på 35 prosent, men no er det semje om at den blir på 25 prosent. Rangønes seier det er betre enn forslaget som kom først. Også ordførar Svein Roksvåg i Smøla er fornøgd med at det har blitt semje om lakseskatten.

    Ingrid Ovidie Rangønes, ordfører i Averøy (Ap)
    Foto: Eirik Haukenes
  • Uklart kva som skjer vidare

    Bustyrar Jørund Knardal har i dag hatt møte med dei tilsette og leiarane ved PE Bjørdal i Ørsta.

    Bedrifta er konkurs og dermed er det fare for at dei 75 tilsette mister jobben sin. Det er endå ikkje avklart om desse blir sagt opp.

    – No skal eg gå gjennom saka med styreleiar. Det kan vere kontraktar som kan fullførast. Og vi må sjå om det er mogleg med vidare drift og om ein kan unngå oppseiingar, seier Knardal til Sunnmørsposten.

  • Ny styreleder i NHO Møre og Romsdal

    Sidsel Sæterøy fra Kristiansund valgt som ny styreleder i NHO Møre og Romsdal. Det skjedde på årsmøte 23. mai, skriver NHO i en pressemelding.

    Sæterøy er daglig leder i selskapet Safepath.

    Sidsel Sæterøy, daglig leder i Safepath.
    Foto: NHO Møre og Romsdal
Kontorfellesskap, der ein kan leige ein arbeidsplass, blir stadig meir populært. I Ålesund har kreative sjeler skapt sitt eige fellesskap.
Kraftsituasjonen er prekær på Nordmøre og i Romsdal. Næringslivet meiner dette hindrar nysatsing. I dag fekk Mørebenken klar melding om at det ikkje er straumkapasitet til det grøne skiftet.
På Åndalsnes hadde DNT Romsdal ein motreaksjon til ein av årets største handledagar. Folk blei oppmoda til å dra på Grønn fredag for å kjøpte brukt, og byte bort ting ein allereie har.