Hopp til innhold

Talet på koronadøde har dobla seg sidan mars

I mars passerte Noreg 2000 koronadødsfall. Seks månader seinare er talet dobbelt så høgt.

koronatest

4000 DØDE: Dei siste seks månadene har like mange døydd av korona i Noreg som dei to første åra av pandemien til saman.

Foto: INA FASSBENDER / AFP

Dei siste seks månadene har like mange døydd av korona i Noreg som dei to første åra av pandemien til saman.

Det viser nye tal frå Folkehelseinstituttet.

I alt har det no vore 3953 koronadødsfall i Noreg. (Sjå faktaboks for definisjon på «koronadødsfall».)

Til samanlikning døyr det rundt 900 av influensa i eit «normalår».

Dei fleste som døyr er eldre enn 80 år gamle. 64 prosent bur på sjukeheim eller på ein liknande institusjon.

Pandemien er ikkje over for alle, sjølv om det kjennest slik for mange. Slik tal er ikkje meir akseptable fordi det i stor grad er eldre som har gått bort. Livet blir ikkje mindre verd med alderen, seier KrF-leiar Olaug Bollestad.

Ho legg til at ho «forventar at helseministeren følgjer dette opp tett».

Urovekkjande høge tal

Medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Marian Hussein (SV), seier til NRK at dødstala er «urovekkjande høge».

Det er ein krevjande balansegang mellom å leggje til rette for lite smitte og gode liv. Vi må følgje med på utviklinga og heile tida stille spørsmålet om vi treffer balansen rett, seier ho.

Ho legg til at partiet «forventar at regjeringa sørgjer for eit kommunebudsjett som gir moglegheit til å styrkje helseinstitusjonane».

Regjeringa inviterer denne veka til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor for å leggje siste hand på 2023-budsjettet. Ap og Sp skal sidan forhandle med SV på Stortinget for å få fleirtal for budsjettet.

Bilde av en stol hvor man kan sitte og vente før man skal få koronavaksine. På et stort skilt ved stolen stårdet: Vent her. Det er snart din tur.

I heile 2021 var til saman 957 koronadødsfall. Berre sidan i mars har det vore dobbelt så mange dødsfall.

Foto: Torstein Bøe

Viruset har vorte betre

Den nye koronavarianten BA. 5 er rekna å vere mellom 10–15 prosent meir smittsam enn varianten frå i vinter.

Særleg det med å komme seg inn i cellene ved slimhinner i luftvegane, det ser ut som viruset har vorte betre og betre på, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

I statistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) over talet på døydde totalt i Noreg – uansett dødsårsak – viser ein auke så langt i 2022. Dei med størst endring frå fjoråret er menn over nitti.

LES OGSÅ: Kvifor har rekordmange døydd av korona i 2022?

I siste statusoppdatering frå FHI heiter det at korona-situasjonen framleis er uføreseieleg, og at helseinstitusjonane kan forvente auka press.

Espen Rostrup Nakstad

Den nye koronavarianten BA. 5 er rekna å vere mellom 10–15 prosent meir smittsam enn varianten frå i vinter, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Helseministeren må følgje situasjonen tett

Tone Wilhelmsen Trøen (H) er leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Regjeringa har ansvar for å følgje situasjonen og er dei som løpande får faglege råd frå helsefaglege styresmakter. I Høgre forventar vi at helseministeren framleis følgjer situasjonen tett, seier ho.

Utrekningar signert FHI viser at så mange som 70 prosent av dei under 50 har hatt korona. I gruppa over 65 år kan talet vere så lågt som 30 prosent.

Regjeringa melde i juni at alle over 75 år bør ta ein oppfriskingsdose.

– Overvakinga viser at smitten aukar. Derfor er det behov for å vaksinere dei mest sårbare innbyggjarane våre, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

I midten av august uttalte også den rådgivande gruppa i WHO at dei mest sårbare i befolkninga bør få ein fjerde vaksinedose.

– Vi gjer dette på grunnlag av observasjonar om minkande immunitet, spesielt når det gjeld omikronvarianten, sa helserådsgjevar Joachim Hornbach.

Ingvild Kjerkhol

Regjeringa melde i juni at alle over 75 år bør ta ein oppfriskingsdose. – Overvakinga viser at smitten aukar, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

6,5 millionar koronarelaterte dødsfall i verda

Talet menneske som har døydd med koronaviruset så langt i år, passerte i førre veke éin million. Så langt er det stadfesta 6,5 millionar koronarelaterte dødsfall, viser ein oversikt frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Jon Michael Gran er forskar ved avdeling for biostatistikk ved Universitetet i Oslo. Han vil ikkje spekulere i talet på koronadødsfall innan nyttår, eller kva som er eit «akseptabelt» nivå.

Det vil avhenge av kor mykje covid som vil sirkulere i populasjonen og er vanskeleg å framskrive. Om vi ikkje får ei stor covid-bølgje, vil kanskje mange eldre og svake i staden døy med influensa som medverkande årsak, slik vi typisk så før covid, seier han.

Morten Wold (Frp) er medlem i helsekomiteen på Stortinget.

Press på helsevesenet har under heile pandemien vore premissen for nedstengingar og gjenopningar, og no ser vi at innleggingstala har sokke veldig frå midten av juli. Det er bra.

Han legg til at «på eit eller anna tidspunkt måtte vi tilbake til normalen».

Vi må truleg leve med korona framover, og vi kan derfor ikkje ha evigvarande tiltak.