Hopp til innhold

Folk har ikkje råd til å kjøpe møblar – må kutte i produksjonen

Lågare etterspurnad fører til at møbelkonsernet Ekornes må redusere produksjonen sin med 20 prosent.

2022 går mot eit rekordår for bedrifta, som er den største møbelprodusenten i Norden. Men no er utviklinga i ferd med å snu.

– Dei siste to åra har det vore fullt trykk her. På det meste går det over 1200 stressless-lenestolar ut kvar dag. I dag ligg vi på omtrent 900 om dagen, seier Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes.

Må tilpasse produksjonstempoet

Lågare etterspurnad gjer at Ekornes no reduserer produksjonen med 20 prosent i ei periode framover. Dei innfører også firedagarsveke i delar av produksjonen.

Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes

Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes, håper dei kjem sterkare ut av denne situasjonen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Årsaka til det er eit resultat av inflasjon, høge energiprisar, tørkesommaren i Europa og ikkje minst ringverknadane av krigen i Ukraina, seier Lunde.

Vi har hatt ein rekordomsetnad dei to siste åra. Og så ser vi no, hovudsakeleg i Europa, at etterspurnaden går ned. Så då må vi sette inn strakstiltak og tilpasse produksjonstempoet, seier konsernsjefen.

Ekornes står blant anna bak den verdskjende stolen Stressless. Lunde fortel at det varemerket framleis står sterkt i verda, og trur difor at dei vil kunne få det litt lettare enn mange andre mindre aktørar i tida framover.

– Bekymringa er der

Under koronapandemien opplevde bedrifta ein salsboom utan like, fordi mange brukte tida til å pusse opp.

Hovudtillitsvald i Ekornes i Sykkylven, Edvard Lie, seier at dei tilsette hadde venta at det ville kome ein nedgang etter pandemien. Dei var likevel ikkje førebudd på at den ville kome så raskt.

Det er sjølvsagt dumt at vi ikkje har nok å gjere. Men i denne situasjonen vi er i no, er det greitt at vi går over i ei firedagarsveke.

Han fortel at det er ei bekymring blant dei tilsette over svingingane ein no ser.

Det er ikkje berre det at vi har mindre å gjere. Det er det som skjer ute i verda, med auka prisar og alt slik. Bekymringa er der, men vi får berre håpe at det tek seg opp igjen.

Edvard Lie, hovedtillitsvalgt Ekornes avd Sykkylven

Edvard Lie, hovudtillitsvald i Ekornes, seier at den raske nedgangen kom overraskande på dei tilsette.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Droppar å kjøpe møblar

Også andre møbelprodusentar på Sunnmøre som Sunnmørsposten har snakket med fortel at ordrane har byrja å tørke inn.

Ola Honningdal Grytten

Ola Honningdal Grytten, økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole, meiner det Ekornes opplever er naturleg.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten seier at den viktigaste årsaka til at det går dårleg for blant anna møbelindustrien, er krigen i Ukraina som har ført til eit stigande prisnivå.

– Og då er møblar eitt av dei første produkta folk let vere å kjøpe, slik at etterspurnaden fell.

Han trur denne situasjonen vil føre til at dei som produserer slike varer vil oppleve eit markant salsfall.

Møbelprodusentar og andre som produserer litt kostbare produkt, dei kjem til å slite. Mange av oss kjem til å oppleve redusert kjøpekraft, og dermed mindre kjøp av møblar og liknande. Difor er det Ekornes opplever naturleg.

Lagar Stressless på Ekornes

Her lagar dei den berømte stolen Stressless i fabrikken i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ekstremt overlevingsdyktig

Men økonomiprofessoren har likevel full tru på at det ordnar seg for møbelgiganten.

– Møbelindustrien på Sunnmøre har vist seg ekstremt overlevingsdyktig, som resten av næringslivet på Sunnmøre, og dette kjem til å gå bra. Det kjem til å vere nokre år med tap, men dei har litt å gå på, seier Honningdal Grytten.

Og den innstillinga har også konsernsjef Lunde med seg inn i denne tida.

Vi bruker denne krisa til å posisjonere oss endå betre, og så skal vi kome sterkare ut av det, seier Roger Lunde.

Les også Oppussing har gitt møbelgigant salsboom

Lagar Stressless på Ekornes