Hopp til innhold

Blei truga på livet – sak lagt vekk

Politiet klarer ikkje å finne vedkomande som truga kommunedirektør i Herøy, Trond Arne Aglen, på livet. Difor er saka no lagt vekk. Det skriv Sunnmørsposten. Trusselen blei sett i samanheng med at Aglen gjennom media hadde uttrykt bekymring over at det er mange tilsette i helse- og omsorgssektoren som ikkje tek imot koronavaksinen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL